Stilling:

Rådgivar / Erasmus - koordinator

Søknadsfrist 28. september 2018

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.


Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi og samfunnsvitskap, og lærerutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr ulike årsstudium og bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar.

HVL skal vere tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har ambisjonar om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Ved Fellesadministrasjonen, Avdeling for forskning, internasjonalisering og innovasjon er det ledig fast 100% stilling som Rådgivar/ Erasmus-koordinator. Hovedarbeidsstad for stillinga vil vera campus Bergen.

Ansvars- og arbeidsoppgåver

Stillinga vil omhandla administrasjon, sakshandsaming og rådgjeving knytt til HVL si internasjonale verksemd, med særskilt vekt på HVL si deltaking i Erasmus-programmet.

Arbeidsoppgåver som inngår i stillinga er blant anna:

  • Søknad og rapportering på Erasmus-midlar til student- og tilsettmobilitet på vegne av HVL
  • Tildeling av Erasmus-stipend til studentar og sakshandsaming av tilsettmobilitet
  • Erasmus-avtalar
  • Støtte og rådgje fakulteta i utvikling av Erasmus-samarbeid om student- og tilsettmobilitet
  • Utviklingsarbeid knytt til HVL sine strategiske ambisjonar og utgreiings- og analyseoppgåver, særskilt knytt til Erasmus-programmet
  • Det kan bli aktuelt å legge til stillinga ei koordinerande rolle for oppfølging av arbeidsoppgåver og utvikling av tenester innan ansvarsområdet.

Kvalifikasjonar

Til stillinga stilles det krav om utdanning på bachelornivå, fortrinnsvis på masternivå. Relevant administrativ erfaring og spesialkompetanse innan ansvarsområdet.

Personlege eigenskapar

Rådgjevaren må kunne arbeide systematisk, sjølvstendig og strategisk, ta initiativ og vere ein pådrivar, og ha gode samarbeids- og kommunikasjonsevner. Det vert stilt krav til god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk og god digital kompetanse

Slik søkjer du

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida. Vi gjer merksam på at søknader blir vurdert ut frå den informasjon som er lagt inn i www.jobbnorge.no ved søknadsfristens utløp. Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen.

Lønnsvilkår

Stillinga som Rådgivar/ Erasmus-koordinator er lønna etter gjeldande hovudtariffavtale, i stillingskode 1434. Frå lønna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Vi tilbyr

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving og -utvikling
  • Fleksitid jf. Særavtale om fleksibel arbeidstid i staten
  • Moglegheit for trening i arbeidstida

Generell informasjon

Vi gjer merksam på (jf. offentleglova) at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å bli oppført på søkjarlista. Søkjar vil bli varsla dersom ønsket ikkje vert teke til følgje.

Den statlige arbeidsstyrken skal i størst mulig grad reflektere mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing, rekruttere personer med minoritetsbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne.

HVL er ei IA-verksemd.

Hjemmeside

Kontaktperson(er) ved Høgskulen på Vestlandet er

1) Nestleiar Elin Kvaale tlf +47 55 58 55 52 / mobil 412 01 796

Søk stilling

Powered by Labrador CMS