Stilling:

Professor i psykometri og forskingsmetode

Søknadsfrist 17. september 2018

Ved Senter for krisepsykologi, Det psykologiske fakultet, er det ledig ei fast 100 % stilling som professor/førsteamanuensis i psykometri og forskingsmetode.

Det psykologiske fakultet tilbyr profesjonsutdanning for psykologar, har ansvar for universitetspedagogisk utdanning av UiB sin eigen stab, bidreg med pedagogikkdelen av lærarutdanninga, og tilbyr grader innan eit vidt felt: barnevern, helsefremjande arbeid, pedagogikk, spesialpedagogikk, psykologi, arbeids- og organisasjonspsykologi og logopedi. Fakultetet sine hovudsatsingsområde innan forsking er knytt til helse, utdanning, utviklingsrelatert forsking og basalforsking i vid forstand. Fakultetet ynskjer å styrke den forskingsbaserte undervisninga innafor alle sine ansvarsområde, og utvikle eit aktivt forskingsmiljø på eit høgt internasjonalt nivå.

Senter for Krisepsykologi (Sfk) er ei ny-etablert eining ved det Psykologiske fakultetet. Senteret har spisskompetanse på krise- og katastrofeintervensjon, sorg, traume og konsekvensar av alvorlig sjukdom hos barn, vaksne og eldre. SfK har eit omfattande nasjonalt og internasjonalt nettverk av samarbeidspartnar og har lang erfaring med utvikling av tenester, og utvikling av kompetanse både i kommunalteneste, barnevern og innan spesialisthelsetenesta. Vi ynskjer no å styrke satsinga på forsking, forskarrettleiing og prosjektutvikling innan forsking på sorg, alvorlig sjukdom og traumepsykologi.

Arbeidsoppgåver:

  • Samarbeide med nasjonale og internasjonale partnerar om forsking og prosjektutvikling innan sorg, alvorlig sjukdom og traumepsykologi
  • Utvikling og validering av psykologiske test verktøy og kartleggingsmetodar
  • Bidra til å utvikle nye søknader om eksterne finansiering av forsking frå NFR,
  • Helseforetaket, EU og andre finansieringskjelder
  • Rettleiing av studentstipend, stipendiatar og forskarar innan statistikk, forskingsdesign og psykometri.
  • Undervisning og rettleiing av studentar som skriv master- eller hovudoppgåver ved senteret

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjar må ha doktorgrad i psykologi med innretning mot psykometri og testteori.
  • Søkjar må kunne vise til relevant forsking innanfor feltet psykometri, psykologiske kartleggingsmetodar, testteori og statistikk
  • Søkjarar må kvalifisere for stilling som professor innanfor fagområdet psykometri og forskingsmetode. Dersom det ikkje er kvalifiserte søkjarar med slik bakgrunn, kan det verte aktuelt med tilsetting som førsteamanuensis innanfor same fagområde.
  • Brei erfaring frå vitskapleg publisering, forskingssamarbeid og forskingsleiing.
  • Erfaring med søknadsprosessar og prosjektleiing frå Norges forskingsråd eller EU.
  • Erfaring frå undervisning og rettleiing av master- hovudoppgåve og PhD kandidatar.
  • Forskingsadministrativ erfaring, bedømming eller fagfellevurdering.
  • Pedagogisk basisutdanning er eit krav for stillinga. Den som blir tilsett vil få tilbod om opplæring dersom kravet ikkje er oppfylt før tilsetjing
  • Undervisningsspråket er i hovudsak norsk, men den som blir tilsett bør også ha erfaring i å undervise på engelsk.
  • Det blir krevd at den som blir tilsett, kan undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk ved tilsetjinga.

Det vil vere aktuelt med intervju og prøveforelesing i tilsettingsprosessen.

Vi kan tilby

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • For professorstilling: Løn etter lønssteg 75 – 85 (kode 1013) etter hovudtariffavtalene i staten. Dette utgjer for tida kroner 695 100 – 921 900. For spesielt godt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast
  • For førsteamanuensis: Løn etter lønssteg 64 – 70 (kode 1011/LR24) etter hovudtariffavtalene i staten. Dette utgjer for tida kroner 565 100 - 631 300. For spesielt godt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde

  • CV
  • Vitnemål
  • Attestar
  • Fullstendig publikasjonsliste
  • Liste med vedlegg som dokumenterer dine pedagogiske og kliniske kvalifikasjonar
  • Liste over vitskapelege arbeid, rapporter eller publikasjonar du vil det skal takast omsyn ved vurderinga, med opplysningar om kvar dei er offentleggjorde
  • Samtlige vitskapelege arbeida som det skal takast omsyn til må lastas opp som vedlegg til søknaden (maksimum 15)

Vi gjer merksam på at søknader vert vurdert med den informasjonen og dei vedlegg som er knytt til søknaden i JobbNorge når søknadsfristen går ut. Vedlegga må vere på engelsk eller eit skandinavisk språk, og eventuelle omsetjingar må vere attesterte. Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at all informasjon er lagt inn innan fristen.

Det er særs viktig at kvart av vedlegga som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin

heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden, jamfør siste kulepunkt.

Søknadsfrist: 17.09.2018

Søknaden skal merkast: 18/6415

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar

om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

STILLINGSOMTALE

Stillinga har sitt hovudarbeidsområde ved Senter for krisepsykologi, som er eit nasjonalt kompetansemiljø ved Det psykologiske fakultetet, Universitetet i Bergen. Senteret vil frå hausten 2018 ha om lag 14 faste eller midlertidige vitskapelege stillingar. Senteret er under oppbygging og det er en målsetting å auke andelen eksternfinansierte prosjekt.

Den som vert tilsett vert venta å gå inn i forskingsgruppa ved senteret, og få oppgåver innan rettleiing og undervisning med særskilt vekt på kvantitativ forsking, statistikk og psykometri. Stillinga kan også etter avtale inngå som ressurs i forhold til utdanning og forskarutdanning ved fakultetet.

UiB og Helse Bergen er nå i ferd med å etablere en felles satsing på Bergen Center for Brain Plasticity (BCBP). SfK er invitert inn i denne nye satsinga som blant anna vil forske på nye behandlingsformer for PTSD, komplisert sorg, komplekse traume og nevrovitskapelige mekanismar for hjerneplastisitet. Det er lagt opp til å rekruttere inn studentar frå profesjonsstudiet i psykologi til studentstipend og ulike klinikknære oppgåver ved BCBP.

Rettleiing av studentar og samarbeid med forskingsmiljø ved Helse Bergen vil derfor også kunne inngå i stillinga.

Det er en føresetnad at den som vert tilsett har erfaring frå undervisning og rettleiing på bachelor- og masternivå, på profesjonsstudiet i psykologi og på doktorgradsnivå. Det vil bli lagt vekt på erfaring frå leiing av forskingsprosjekter frå Norges Forskingsråd, EU eller andre bidrags- eller oppdragsprosjekter. I tillegg vil den som vert tilsett bli pålagt administrative oppgåver og deltaking i møte og komitéarbeid på line med dei andre tilsette ved senteret.

Pedagogisk basisutdanning: søkjarar som ikkje fyller dette kravet ved tilsetjinga får tilbod om opplæring og må dokumentere at utdanninga er fullført innan eit år etter dato for tilsetjing. Fristen er to år for den som ved tilsetjinga ikkje meistrar eit skandinavisk språk.

Ein viser til dei generelle reglane ved universitetet om at innanfor si normale arbeidsplikt og faglege kompetanse kan den som vert tilsett også verte pålagt undervisning, rettleiing og eksamensarbeid utanfor den organisasjonseininga stillinga er knytt til.

Web: www.uib.no

Søk på stillingen