LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Professor II (20 %) ved Pandemisenteret

Søknadsfrist: 28.02.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Professor II (20 % bistilling) i medisin

Ved Det medisinske fakultet, Institutt for global helse og samfunnsmedisin, er det ledig ei åremålsstilling som professor II (20 %, bistilling) ved Universitetet i Bergen sitt nye Pandemisenter i fem (5) år frå tilsetjing. Bistillinga er knytt til fast hovudstilling (min. 50 %) ved Folkehelseinstituttet. Arbeidsstad er ved Institutt for global helse og samfunnsmedisin ved Alrek helseklynge, men kan utførast også frå andre lokasjonar. Personen vi søkjer er i ein aktiv fase av karrieren, og har fagleg tyngde innafor eit forskingsfelt som er relevant for Pandemisenteret.

Pandemisenteret er ei heilt ny satsing ved Universitetet i Bergen. Det skal vere eit tverrfagleg og tverrfakultært senter som har som si viktigaste oppgåve å inspirere og leggje til rette for forsking, utdanning og formidling om pandemiar. Visjonen til senteret er å produsere samfunnsrelevant kunnskap for førebygging og handtering av pandemiar i eit langsiktig perspektiv. Senteret har som føremål å initiere og leggje til rette for tverrfagleg og tverrfakultært forskings- og utdanningssamarbeid om tema relatert til pandemiar.

Arbeidsoppgåver/forskingsområde:

Den som vert tilsett skal drive eigen forsking og undervise innan pandemirelevante tema. Det vert forventa at den tilsette regelmessig deltek i søknadssamarbeid mot nasjonale og internasjonale kjelder for forskingsfinansiering. Personen som vert tilsett pliktar å undervise innan dei studieprogramma fakultetet/instituttet til ei kvar tid har. Det vert forventa høge ambisjonar og god kvalitet med omsyn til forsking og undervisning, samt aktiv deltaking i Pandemisenteret sitt strategiarbeid og faglege aktivitetar.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Det er eit krav at søkjar er utdanna lege med norsk godkjenning.
  • Kvalifisert søkjar har norsk doktorgrad i eit relevant fagfelt (epidemiologi eller samfunnsmedisin), eller tilsvarande kompetanse.
  • Søkjar må ha professorkompetanse.
  • Den ideelle kandidaten har praktisk samfunnsmedisinsk kompetanse og kunnskap om handtering av pandemiar på kommunalt og nasjonalt nivå, har erfaring frå tverrfagleg samarbeid, publiserer på høgt internasjonalt nivå. Søknader og tilslag frå nasjonale og internasjonale finansieringskjelder for forsking og utdanningsarbeid vil bli tillagt vekt. Resultat oppnådd dei siste 5-7 år vil bli særleg vektlagt. Erfaring frå ulike nasjonale og internasjonale forskingsinstitusjonar, og evne til å etablere internasjonale nettverk vil telje positivt.

Personlege eigenskapar blir vektlagd ved vurderinga.

Søkjar må:

  • arbeide sjølvstendig, strukturert og målretta
  • ha evne til å engasjere, samarbeide og arbeide i fagmiljø på tvers av fag, fakultet og institusjonsgrenser
  • vere initiativrik og ha god gjennomføringsevne
  • vere omgjengeleg, raus og inkluderande

Utdanningsfagleg kompetanse er eit krav for stillinga, sjå retningsliner for oppretting av ei pedagogisk mappe på Eining for læring. Undervisningsspråket er til vanleg norsk. Det vert kravd at den som vert tilsett, kan undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan to år etter tilsetjinga. Kurs vert tilbode.

Vi tilbyr:

  • eit godt og internasjonalt arbeidsmiljø og spanande arbeidsoppgåver i eit fakultet med fagmiljø som hevdar seg godt nasjonalt og internasjonalt
  • faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling
  • professor vert lønt etter lønssteg 79-81 (kode 1013) i lønsregulativet til staten, for tida kr 792 700 – 840 900 brutto pr. år for ei fulltidsstilling. Løn er brutto pr. år for ei fulltidsstilling i lønsregulativet til staten ved tilsetjing, og vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Søknadsbrev som fortel kvifor du søkjer stillinga
  • Utfyllande CV, vitnemål og attestar
  • Ev dokumentasjon på godkjent professorkompetanse
  • fullstendig publikasjonsliste
  • pedagogisk mappe, sjå Eining for læring
  • ei liste over vitskaplege arbeid du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga (høgst 15). For kvart arbeid skal det følgje med eit kort samandrag som omtalar dei viktigaste funna i arbeidet
  • dei vitskaplege arbeida frå punktet over i pdf-format
  • namn og kontaktinformasjon til minst to referansar

Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysingar om stillinga kan ein få ved å venda seg til:

  • Instituttleiar Guri Rørtveit, tlf. 55 586141, e-post: guri.rortveit@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS