Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Postdoktor ved Det juridiske fakultet

Søknadsfrist: 22.07.2020

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.



Det juridiske fakultet - Les meir om fakultet her.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Postdoktorstilling

Ved Det juridiske fakultet er det ledig ei stilling som postdoktor innan konkurranserett med særlege berøringsflater mot offentlege innkjøp. Stillinga er for ein periode på fire år, og har 25 % undervisningsplikt. Tiltreding i august 2020 eller etter avtale.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

  • Prosjektet bør omhandle nokre tema i grenseområda mellom konkurranserett og offentlege innkjøp. Eksempel kan være mogelegheiter og hindringar for samarbeid mellom tilbydarar ved offentlege innkjøp sett i lys av konkurransereglane, og kontraktar om motarbeiding av slikt samarbeid. Ein del av prosjektet kan også omhandle grunnforskingstema knytt til den alminnelege kontraktsretten. Eit tema kan være ei samanlikning av prosedyrestandardar i anbodspraksis ved offentlege innkjøp og slike standardar for anbod i kontraktspraksis på andre område.
  • Den som blir tilsett i postdoktorstillinga, må kunne samarbeide med kollegaer frå andre fagfelt, og ta eit særleg ansvar for å bidra til fagmiljøet og aktivitetane på Senter for konkurranserett og økonomi (BECCLE).
  • Forskingsarbeidet til postdoktoren skal leie til minst tre vitskaplege artiklar eller ein monografi.
  • Det blir forventa at postdoktoren har ein formidlingsplan for forskingsresultata, og bruker BECCLE som ein viktig arena i desse planane.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkaren må ha oppnådd norsk ph.d.-grad i rettsvitskap innafor konkurranserett eller regelverket om offentlege innkjøp, ha tilsvarande utanlandsk utdanning, eller ha levert ph.d.-avhandlinga si til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at doktorgraden er godkjend/oppnådd før tilsetting kan skje.
  • Søkaren må ha ein stor del av den primære kompetansen sin innan regelverket og rettslege problem knytt til offentlege innkjøp gjennom avlagt ph.d.-grad eller annan omfattande forskingsverksemd.Søkaren må kunne dokumentere at han eller ho ved oppstart i stillinga kan undervise i obligatoriske fag på masterstudiet i rettsvitskap ved Det juridiske fakultet. Ein plan for korleis søkaren ser for seg å fylle undervisningsplikta, skal ligge ved søknaden.
  • Søkaren må ha gode samarbeidseigenskapar og kunne bidra til å bygge opp eit godt fagmiljø.
  • Søkaren må ha gode kunnskapar i både norsk og engelsk, så vel munnleg som skriftleg.

Om postdoktorstillinga:

Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i faglege toppstillingar.

Ingen kan bli tilsett i meir enn éin åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon.

Arbeidsstad skal være Det juridiske fakultetet i Bergen. Dersom søkaren har tenkt at det skal inngå lengre forskingsopphald ved andre institusjonar i tilsettingsperioden, må desse bli omtalt i prosjektplanen, og det må gå fram korleis undervisninga skal gjennomførast i lys av desse.

Søkaren må levere ein prosjektomtale saman med søknaden innan søknadsfristen. Prosjektomtalen skal inngå som del av (vedlegg til) arbeidskontrakt for åremålstilsettinga. Søkaren står sjølv fritt til å konkretisere prosjektet, og bør forklare aktualiteten og samfunnsnytten i val av tema og forskingsspørsmål. Det er ønskeleg at søkaren siktar mot samarbeid med økonomimiljøet ved BECCLE. Prosjektskissa skal presentere korleis arbeidet er tenkt organisert, og aktuelle samarbeidspartnarar.

Søkaren skal ved tilsetting kome med framlegg til plan for kvalifiseringsarbeidet som inneheld ein framdriftsplan. Valet av tema og problemstillingar bør vise at søkaren vil oppnå ein breiddekompetanse på nivået over ph.d.-graden innafor temaet i løpet av åremålsperioden.Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.

Vi tilbyr:

  • Eit godt og faglig utfordrande arbeidsmiljø
  • Løn etter lønssteg 72 (kode 1352/lønsramme 24) i lønsregulativet til staten ved tilsetting. Dette utgjer ei årsløn på kr. 667 200 brutto. For særleg kvalifiserte søkarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing om forskingsinteressene dine og motivasjonen for å søke stillinga
  • Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse må vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga
  • CV
  • Karakterutskrifter og vitnemål, samt stadfesting på at doktorgradsavhandlinga er levert
  • Relevante attestar
  • Liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • Doktorgradsavhandlinga og andre publikasjonar
  • Prosjektomtale for postdoktorstillinga
  • Ein plan for korleis søkaren ser for seg å fylle undervisningsplikta, skal ligge ved søknaden.

Søkarar med utanlandsk utdanning må òg legge ved sertifisert omsetting til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemåla, karakterutskriftene og tilleggsdokumentasjonen ikkje er på eit av desse språka. Søkarar må i tillegg legge ved NOKUT si generelle godkjenning av at utdanninga samsvarer med norsk ph.d.-grad. Sjå www.nokut.no for meir informasjon om generell godkjenning av høgare utdanning.

Søknad og CV må leggast inn og vedlegg må lastast opp i Jobbnorge via lenke på denne sida merka «Søk stillinga».

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Prodekan Anne Marie Frøseth, tlf. 55 58 95 49, e-post: Anne.Froseth@uib.no eller HR-
  • Rådgjevar Anita H. Garden, tlf. 55 58 96 76, e-post: Anita.Garden@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetting og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Personar med innvandrarbakgrunn og nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søke stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetting i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følge, skal søkaren varslast om dette.

Den som blir tilsett, må rette seg etter dei retningslinene som til ei kvar tid gjeld for stillinga.

Det kan bli aktuelt å gjennomføre intervju ved tilsetting i stillinga.

Du finn meir informasjon om tilsettingsprosessen her.

Søk stillinga

Powered by Labrador CMS