Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Postdoktor i evolusjon og utviklingsbiologi av hjernen

Søknadsfrist: 17.07.2020

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Postdoktorstilling

Ved Institutt for biovitskap er det ledig ei stilling som postdoktor i evolusjon og utviklingsbiologi av hjernen. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år og knytt til FRIPRO stipendet “The origin and evolution of bilaterian brains (EVOBRAIN)" frå Norges forskingsråd til Andreas Hejnol.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver

Forskingsprosjektet fokuserer på å oppnå innsikt i korleis hjernen til bilaterale dyr oppstod og korleis den har utvikla seg i dei ulike formene (diversifisering) observert i bilaterale dyreartar i dag. Hjernen i strategisk viktige og informative artar vil blir undersøkt med fokus på utvikling og morfologi ved hjelp av avansert bildeteknologi (time-lapse microscopy) og molekylære teknikkar (sekvensering av enkelt celler, in situ hybridisering). Data vil bli analysert i perspektivet av evolusjon, ved å samanlikne ulike informative artar med kvarande og fossile data (tilgjengelig via internasjonale samarbeidspartnarar).

Kandidaten vil ha ei leiande rolle i å etablere metodar i dei ulike dyreartane. Hans/hennar ekspertise vil vere i funksjonell neurobiologi på ikkje-modell system. Han/ho vil arbeide tett saman med laboratorieteknikar for å identifisere kandidat- og ukjende gen og utføre eksperiment for å teste bioinformatiske resultat av enkelt celle sekvensering.

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjarar må ha oppnådd norsk ph.d.-grad eller tilsvarande utdanning innanfor biologi eller ha levert doktoravhandlinga si til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Erfaring i molekylærbiologi, utviklingsbiologi og bioinformatikk eit krav
  • Interesse for evolusjonsbiologi er ein stor føremon
  • Erfaring med marine dyre-embryo er ein føremon
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner
  • Søkjarar må ha gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingsrøynsle, ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

Om postdoktorstillinga

Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i vitskapelege toppstillingar. Om den som vert tilsett manglar undervisningserfaring og/eller annan kvalifiseringskompetanse, kan det verte aktuelt å auke tilsetjingsperioden til 4 år. Undervisning og anna pliktarbeid for instituttet vil i så høve bli lagt til som oppgåver i stillinga. Stillinga vil kunne bli forlenga med inntil eitt år dersom kandidaten får innvilga forskingsopphald i utlandet frå eksterne kjelder (maks fire år totalt). Ingen kan tilsetjast i meir enn éin åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon.

Etter tiltreding skal postdoktoren i samarbeid med rettleiar og instituttleiar utarbeide ein plan for kvalifiseringsarbeidet, inkludert framdriftsplan.

Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.

Vi kan tilby

  • eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 60 (kode 1352/lønsramme 24, alternativ 4) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Dette utgjer ei årsløn på kr 532 300,- brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga.
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål. Dersom du enno ikkje har fullført doktorgraden må du levere ei stadfesting på at avhandlinga er levert.
  • relevante attestar
  • liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Prof. Dr. Andreas Hejnol, Institutt for biovitenskap (UiB), +47 55 58 43 28, (andreas.hejnol@uib.no)

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Etter søknadsfrist vil det bli oppnemnt ein komité som skal vurdere søkjarane. Søkjarar har innsynsrett i omtalen av deira faglege kompetanse. Søkjarar som ønsker innsyn kan kontakte saksbehandlar etter mottak av brev om oppnemning av komité.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS