Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Postdoktor (3 ÅR, 100%) - Klinisk institutt 2

Søknadsfrist: 09.02.2020

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Postdoktor

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Ved Det medisinske fakultet, Klinisk institutt 2, er det ledig ei stilling som postdoktor (100 %) for ein periode på tre (3) år. Stillinga er knytt til prosjektet «Enhanced cryoimmunotherapy (CryoIT) against urogenital cancers», finansiert av Forskningsrådets sitt program NFR BEHANDLING.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Målet med prosjektet er å utvikle meir potente immunceller for kryoimmunoterapi mot kreft. Forskningsgruppene har forskjellige delprosjekt som jobbar interaktivt mot bedre terapeutiske celler. Dette postdoc-prosjektet vil bruke pasientprøver, blod frå friske samt cellelinjer for eksperiment med cellekultur, 3D-kultur og ko-kultur mellom immunceller og kreftceller. Prosjektet vil screene panel av småmolekylære stoff for å identifisere effek på signaloverføringsveier, inkludert beta-katenin, STAT og IDO-1. Nye stoff vil bli testa for effekt både på immunceller, kreftceller og benigne celler ved bruk av analyser av apoptose, immunogen celledød, nekrose samt funksjonelle testar. Selekterte stoff («leading compounds») og panel med kjemiske derivat vil bli testa vidare å identifisere molekylære mål og mekanismer, inkludert analyser av molekyl-til-protein-binding. Standard metoder for cytokinmåling, flowcytometri, Westernblots, nukleinsyrerensing, polymerasekjedereaksjon, celletransformasjon, transfeksjon og transduksjon skal brukast. Lovande nye stoff vil i dette prosjektet gjennomgå tidlege deler av preklinisk testing, inkludert toksisitetsstudier og effektstudier i musemodell.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjar må ha oppnådd norsk ph.d.-grad eller til svarande utdanning innanfor molekylær & cellulærbiologi eller medisin eller ha levert og fått godkjent doktoravhandlinga innan søknadsfristen. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje og seinast innan 18. Mai 2020.
  • Søkjar må ha: Sterk bakgrunn innan kreftcellebiologi, og:
  • erfaring innan molekylær og cellulær biologi og teknikkar skissert i prosjekt/arbeidsoppgaver
  • erfaring med eksperimentelle cellekultur, transfeksjon og transduksjon
  • erfaring med medikamentell screening i cellekultur og funksjonelle assays er fordelaktig
  • erfaring med interaksjonsanalyser mellom småmolekyl og protein er ein føremun
  • erfaring med og godkjenning for arbeid med laboratoriedyr er ein føremun
  • erfaring med medisinsk kjemi er ein føremun
  • søkjar må kunne jobbe sjølvstendig og strukturert, og ha evne til å samarbeide
  • søkjar må vere villig til å ha forskningsopphald i eit samarbeidslaboratorium i utlandet i 6 til 12 månader
  • kunnskaper i både skriftlig og muntlig engelsk er påkrevd
  • dokumentert kunnskap om norsk er ein føremun
  • søkjar kan ikkje vere allergisk mot forsøksdyr

Om postdoktorstillinga:

Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i faglege toppstillingar. Ingen kan tilsetjast i meir enn ein åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon. Du kan heller ikkje tilsetjast i postdoktorstilling dersom du tidlegare har hatt slik tilsetjing ved ein annan institusjon i regionen.

Søkjarar skal ved tilsetjing kome med framlegg til plan for kvalifiseringsarbeidet som inneheld ein framdriftsplan. Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden. Den tilsette kan bli pålagt pliktarbeid i form av undervisning og liknande arbeid ved instituttet.

Vi tilbyr:

  • spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
  • løn etter lønssteg 62 (kode 1352/lønsramme 24.4) for tida 552 800, med spesialistutdanning lønssteg 63 (kode 1352/lønsramme 24.7) for tida 563 700, i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga
  • god pensjonsordning i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjon for å søkje stillinga
  • karakterutskrifter og vitnemål (søkjarar med utanlandsk utdanning må leggje ved både vitnemål på original språket og autoriserte omsetjingar) og dokumentasjon på godkjent avhandling
  • relevante attestar
  • publikasjonsliste
  • vitskapelege arbeid. Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden (pdf)
  • to referansar (namn og kontaktinformasjon)

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Professor Karl-Henning Kalland, e-post: Karl.Kalland@uib.no, telefon: 95330352

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne vert oppmoda til å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar utvida offentleg dokumentinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentleg sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å stå på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS