Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Postdoktor - paleozoologi (zooarkeologi / osteologi)

Søknadsfrist: 07.07.2020

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Universitetsmuseet i Bergen – Les meir her

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Postdoktor - paleozoologi (zooarkeologi/osteologi)

Vi lyser ut ei fulltids stilling som postdoktor (24 månader) ved Dei osteologiske samlingane, Avdeling for naturhistorie, Universitetsmuseet, Universitetet i Bergen. Avdelinga har vitskapeleg og kuratorisk ansvar for store vitskaplege museumssamlingar i botanikk, geologi og zoologi. Avdelinga har omlag 70 tilsette, av dei 19 fast tilsette i vitskaplege stillingar.

Dei osteologiske samlingane har beinmateriale frå omlag 1800 arkeologiske utgravingar og frå zoologiske og geologiske granskingar i Noreg, til saman fleire millionar bein. Forskinga ved samlingane er primært knytt til desse sub-fossile beinfunna. I tillegg finst her store samlingar av moderne skjelett; av fisk, fugl og pattedyr. Desse er forskingsobjekt i seg sjølv, og vert i tillegg nytta som komparativt materiale i paleoforskinga. Samlinga har moderne fasilitetar, og staben har utstrekt tverrfagleg samarbeid nasjonalt og internasjonalt.

Postdoktorstillinga vil vera del av eit større tverrfagleg forskingsprosjekt The impact of food culture in Medieval Towns (FOODIMPACT). Prosjektet vert administrert av Kulturhistorisk Museum, Universitetet i Oslo og vert leia av professor Marianne Vedeler. Avdeling for naturhistorie ved Universitetsmuseet, Universitetet i Bergen, er partnar i prosjektet. Post- doktoren vil ha arbeidsplass ved Dei osteologiske samlingane, Avdeling for naturhistorie, og samarbeida med professor Anne Karin Hufthammer.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Prosjektet FOODIMPACT er tverrfagleg og inkluderer faga arkeologi, paleobotanikk, paleozoologi, analytisk kjemi, genetikk og isotop-studiar. Saman gjev desse fagområda grunnlag for å studera urban matkultur i eit langtidsperspektiv. Ei hypotese er at urban matkultur starta i norske byar i mellomalderen, men det uvisst om tradisjonane var felles mellom byane. Prosjektet har tre forskingsstrenger: 1) Mat og sosial differensiering i Oslo, 2) import og handel av mat og tilhøvet mellom by og omland med omsyn til matresursar, 3) urban matkultur – komparative perspektiv.

Beinmaterialar frå arkeologiske utgravingar i Oslo er nøkkeldata i prosjektet. I tillegg til å inkludera fleire godt publiserte granskingar, vil prosjektet revitalisera store beinmaterialar som vart samla inn i 1980-åra. Beina er identifiserte/analyserte, men ikkje studert i detalj. Vidare vil beinmaterialar frå Bergen, frå Oslos omland og frå nyare utgravingar i Oslo verta inkluderte i prosjektet.

Søkar må leggja ved ein prosjektplan som gjer greie for korleis hans/hennar kompetanse vil bidra til FOODIMPACT-prosjektet og til aktivitetane som tidlegare er gjort greie for, sjå og prosjektet si heimeside:

https://www.khm.uio.no/forskning/prosjekter/foodimpact/index.html

Ein plan for framdrift og publisering av resultata vil verta laga av den som får stillinga og professor Hufthammer, i samarbeid med professor Vedeler. Det er venta at den som vert tilsett skal forska og utvikla publikasjonar i nært samarbeid med andre forskarar og partnarar i prosjektet.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Kvalifikasjonar:

  • PhD eller tilsvarande grad i paleozoologi/osteology/zooarkeologi. Doktorgradsarbeidet må ha vore innlevert til vurdering før søknadsfristen. Det er ein føresetnad for å verta tilsett at PhD-grad er oppnådd.
  • Sterk akademisk bakgrunn og dokumentert evne til å publisera forsking på høgt internasjonalt nivå.
  • Omfattande røynsle med å identifisera bein, særleg av pattedyr, fugl og fisk, og omfattande røynsle med å nytta paleozoologisk analyseverktøy, til dømes skjelettmorfologi, morfometri, patologi, trauma og tafonomi.
  • Røynsle i statistikk og dataanalyse.
  • Røynsle med bruk av databasar.
  • Røynsle i å ta prøvar/analysera for aDNA/isotopstudiar er ein føremon.

Personlege eigenskapar:

Evne til å arbeida sjølvstendig og strukturert og samarbeida godt med kollegaer.

  • Entusiastisk, nysgjerrig, kreativ.
  • Pågangsmot, pliktoppfyllande, punktleg.

Vi søkjer kandidatar som i si forsking aktivt vil nytta samlingane ved museet. Det er venta at den som vert tilsett inngår i forskingsmiljøet ved Dei osteologiske samlingane og bidreg til å styrkja og utvikla dette miljøet.

Om postdoktorstillinga:

Stillinga som postdoktor er avgrensa i tid. Viktigaste formål med stillinga er å gje kandidaten høve til å kvalifisera seg for ei akademisk toppstilling. Lengda for denne postdoktorstillinga er to år. Ein kan ikkje ha meir enn ei stilling som postdoktor ved same institusjon.

Det er venta at søkjar fullfører prosjektet innanfor tidsramma.Den som vert tilsett skal i samarbeid med prosjektleiar/rettleiar og leiar for Avdeling for naturhistorie laga ein plan for kvalifisering til akademisk toppstilling

Vi tilbyr:

  • Eit godt og profesjonelt arbeidsmiljø.
  • Løn etter lønssteg 60 (Kode 1352/lønsramme 24 etter Statens regulativ, (i dag kr 532.300), vidare opprykk etter tenesteansiennitet. For særleg høgt kvalifiserte søkjarar, kan høgare løn verta vurdert.
  • Medlemskap i Statens Pensjonskasse.
  • Ein IA arbeidsplass - eit inkluderande miljø.
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Søknadsbrev som gjer greie for søkjaren sine kvalifikasjonar og motivasjon for stillinga.
  • Ei plan for prosjektet (høgst 3 sider) som gjev greie for søkjaren sin relevante kompetanse og korleis han/ho kan bidra til prosjektet FOODIMPACT. I planen skal det gjevast greie for både teoretisk og metodisk kompetanse relatert til prosjektframstillinga (sjå ovanfor).
  • Ein akademisk CV med opplysningar om relevant utdanning og røynsle.
  • Publikasjonsliste.
  • Inntil 3 akademiske arbeid som søkjaren ønsker å få vurdert (desse kan vera henta frå PhD-avhandlinga).
  • Sertifiserte kopier av alle relevante dokument. Dokumentasjon på at PhD-avhandlinga er innlevert/godkjent.
  • Namn og kontaktinformasjon til to referansepersonar.

Søknad og vedlegg med sertifiserte dokument, omsett til engelsk eller eit skandinavisk språk, skal lastast opp i vårt elektroniske system, Jobbnorge.

I vurderinga av søkjar vil det verta lagt vekt på kvalifikasjonar, relevant ekspertise, prosjektplanen og planen sin relevans for FOODIMPACT. Kandidaten sin motivasjon og personlege eigenskapar vil også verta vektlagt.

Utvalde kandidatar vil verta invitert til intervju. Det er venta at postdoktoren kan byrja i stillinga i 4. kvartal 2020.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Professor Anne Karin Hufthammer, e-post anne.hufthammer@uib.no, eller
  • Leiar for Avdeling for naturhistorie Aino Hosia, e-post: aino.hosia@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS