Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Postdoktor - Institutt for lingvistiske, littærer og estetiske studium (LLE)

Søknadsfrist: 24.04.2020

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det humanistiske fakultet består av fire institutt og fire senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Postdoktor

Ved Institutt for lingvistiske, littærer og estetiske studium (LLE) er det ledig ei postdoktorstilling i mellomalderfilologi med planlagd start 01.08.2020 eller etter avtale. Stillinga er for ein åremålsperiode på 2 år og 3 månader knytt til prosjektet “Transformations of medieval Law: Innovation and Application in Early Modern Norwegian Law Books” (finansiert av Trond Mohn stiftelse og Universitetet i Bergen).

LLE har kring 80 vitskapleg tilsette, 15 administrativt tilsette, kring 30 ph.d.-stipendiatar og 10 postdoktorar. Instituttet femner om faga allmenn litteraturvitskap, digital kultur, klassiske fag, kunsthistorie, nordisk litteratur, språk og fagdidaktikk, norrøn filologi, norsk som andrespråk, språkvitskap og teatervitskap.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Hovudprosjektet «Transformations of Medieval Law» granskar omformingane av den norske lova frå 1274, Landslova. Postdoktorprosjektet skal forske på rettarbøtene til Landslova og vidare ta opp følgjande spørsmål:

  • Korleis og kvifor gjekk Landslova frå å vere ei mellomalderlov til å reflektere behova til eit tidlegmoderne samfunn, og korleis kjem dette fram i manuskripta?

Vidare må ein ta omsyn til to underordna spørsmål når ein utformar prosjektsøknaden:

  • Til kva delar av lova vart det gjeve rettarbøter og kvifor?
  • I kva grad og på kva måtar vart rettarbøtene inkorporerte i lovmanuskript?

Den metodologiske tilnærminga må byggje på materiell filologi.

Postdoktorstillinga skal også medverke til å utvikle hovudprosjektet. Det er venta at den som får postdoktorstillinga, skal sjekke transkripsjonen av ein del manuskript, vere med på å byggje opp ein database av manuskript av interesse for prosjektet, assistere ved organiseringa av konferansar, og engasjere seg i formidling og sosiale medium som del av prosjektet. Søkjarar kan kontakte helen.leslie@uib.no for å få ein kopi av prosjektomtalen.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha oppnådd norsk ph.d.-grad eller tilsvarande utdanning innanfor eit fag som er relevant for prosjektet (t.d. norrøn filologi, rettsvitskap eller historie). Doktoravhandlinga må vere levert til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Søkjaren må leggje fram ei prosjektskisse med framdriftsplan for hovudaktivitetane i prosjektet. I tillegg må søknaden innehalde ein plan for publisering av forskingsresultata i internasjonale, anerkjende kanalar.
  • Den som får stillinga, må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må ha gode engelskkunnskapar og vere i stand til å lese norsk og dansk.
  • Det er viktig med inngåande kjennskap til kodikologi og paleografi. Det er ein stor fordel med kunnskapar i norrønt og det er nødvendig at ein beherskar både engelsk og norsk munnleg og skriftleg. Kunnskapar i latin vil vere ein fordel, det same vil tidlegare erfaring med gransking av juridiske emne eller norske lover i mellomalder/ tidleg nytid.

I vurderinga av søkjarane blir hovudvekta lagt på dei akademiske kvalifikasjonane (publikasjonar og anna relevant erfaring) og på den vitskaplege kvaliteten i postdoktor-prosjektet.

Ved tilnærma like kvalifikasjonar mellom dei rangerte søkjarane, blir det lagt vekt på fagstrategiske omsyn, motivasjon og kor personleg eigna søkjarane er.

Om postdoktorstillinga:

Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i faglege toppstillingar. Åremålsperioden for denne stillinga er 2 år og 3 månader.

Den som blir tilsett må i samarbeid med instituttleiar utarbeide ein plan for kvalifiseringsarbeidet, og søkjarar skal ved tilsetjing kome med framlegg til plan for kvalifiseringsarbeidet. Ved postdoktorstilling knytt til eksternt finansierte prosjekter, vil fullføring av planen for kvalifikasjonsarbeidet skje i dialog med prosjektleiar/senterleiar.

Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.

Tilsetjing i stillinga krev at ein har sin daglege arbeidsplass ved Universitetet i Bergen og at ein rettar seg etter dei retningslinjene som til kvar tid gjeld for stillinga.

Ingen kan tilsetjast i meir enn éin åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon.

Vi tilbyr:

  • eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • løn tilsvarande lønssteg 60 (kode 1352/LR 24) i det statlege lønsregulativet. Dette utgjer ei årsløn på kr. 531 900 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • gode velferdsordningar

Slik søkjer du stillinga:

Søknaden skal sendast elektronisk via lenka «SØK STILLINGEN» på denne sida. Søkjaren må nytte det elektroniske CV-skjemaet, og søknaden skal innehalde:

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse må vere hovudrettleiaren frå doktoravhandlinga
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad, og vitnemål for doktorgraden eller stadfesting av at doktorgradsavhandlinga er levert
  • eit kort samandrag av doktorgradsavhandlinga (inntil 3 sider)
  • relevante attestar
  • prosjektomtale (inntil 5 sider/12.000 teikn)
  • framdriftsplan for prosjektet
  • litteraturliste for prosjektomtalen
  • liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • Inntil 5 vitskaplege arbeid (kan inkludere avhandlingar, monografiar og artiklar) som det skal takast omsyn til i vurderinga

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge. Vedlegga kan vere i Word- eller PDF-format.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til forskar Helen F. Leslie-Jacobsen, helen.leslie@uib.no, Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Spørsmål om den elektroniske søknadsprosedyren skal rettast til fakadm@hf.uib.no.

SØK STILLINGEN

Powered by Labrador CMS