LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Postdoktorstilling i Systemdynamikk - Institutt for Geografi

Søknadsfrist: 19.04.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det samfunnsvitenskapelige fakultet består av sju institutt og tre senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Postdoktorstilling

Ved Institutt for geografi er det ei ledig stilling som postdoktor i Systemdynamikk. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Gruppa for systemdynamikk tilbyr utdanning og forsking i systemdynamikk, dvs. modellbaserte studiar av komplekse, sosiale, dynamiske system. Gruppa er vert for ein M.Phil. og eit doktorgradsprogram. Desse programma er blant dei leiande utdanningsprogramma for Systemdynamikk i verda og rekrutterer studentar frå alle delar av verda. Gruppa for systemdynamikk har omfattande samarbeid med akademiske institusjonar i mange land finansiert av EU, Belmont Forum og andre. Gruppa har og samarbeid med internasjonale organisasjonar som Millennium Institute og UNEP. Gruppa for systemdynamikk tilbyr MOOC-basert utdanning med studiepoeng og er i ferd med å tilby ei rekke nye MOOC-baserte kurs.

Universitetet i Bergen har nettopp lansert eit nytt tverrfakultært masterprogram i bærekraftig utvikling (MAHF-SDG Berekraft). I samband med dette er Gruppa for Systemdynamikk bedt om å utvikle og undervise kurs i bruk av systemtenking og modellering for analyse av komplekse bærekraftproblem. Postdoktorstillinga skal støtte denne aktiviteten.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha ein ph.d. i Systemdynamikk eller ha tilsvarande kvalifikasjonar. Det er tilstrekkeleg at doktoravhandlinga er til levert til vurdering innan søknadsfristen, men det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Det er ynskjeleg at søkjarane har synt evne til å publisere forskingsresultat utover doktorgrad på eit høgt internasjonalt nivå innan faget.
  • Søkjarar må kunne bidra til den prioriterte forskinga med modellbasert politikk-analyse for bærekraftig utvikling. Derfor bør søkjarar kunne demonstrere erfaring med bruk av Systemdynamikk for å analysere bærekraftproblem og demonstrere kjennskap til forskinga på bærekraft.
  • Søkjarar må ha fagleg kompetanse innan bruk av og vidareutvikling av teori, metodar, teknikkar og verktøy til bruk i Systemdynamikk.
  • Søkjarar må kunne arbeide uavhengig og strukturert, men også vise evne til å samarbeide med andre.
  • I tråd med arbeidet med å digitalisere læring ved Universitetet i Bergen, bør søkarar vere førebudd på å delta i utvikling, bruk og vurdering av innovative, nettbaserte læringsteknologiar. Søkarar bør demonstrere ei djup interesse for utdanning og bør ha erfaring med å undervise ulike publikum.
  • Undervisninga er på engelsk og søkjarar må vere flytande i engelsk skriftleg og munnleg.
  • Som ein konsekvens av den internasjonale profilen til Gruppa for systemdynamikk, vil og språkkunnskap generelt bli verdsett. Universitetet i Bergen tilbyr kurs i norsk for nytilsette som ikkje er kjende med norsk eller andre skandinaviske språk.

Aktuelle kandidatar vil bli innkalla til intervju og kan også verte bedne om å halde ei prøveførelesing over eit oppgitt emne.

Søkjarar kan gjere seg kjende med undervisning og forsking i Gruppa for Systemdynamikk på

https://www.uib.no/en/studies/MASV-SYSDY og

https://www.uib.no/en/studies/MAHF-SDG#uib-tabs-presentation .

Om postdoktorstillinga:

Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i faglege toppstillingar. Åremålsperioden for denne stillinga er 3 år. Ingen kan tilsetjast i meir enn ein åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon.

Ein plan for forskingsarbeidet i form av ei prosjektskisse på 4-5 sider skal følgje søknaden. Prosjektskissa skal innehalde framdriftsplan for dei ulike delane av forskingsarbeidet, og ein publiseringsplan. Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden. Eit budsjett for driftsutgifter må setjast opp.

Vi tilbyr:

  • Eit godt og faglig utfordrande arbeidsmiljø
  • Løn etter lønssteg 60 - 62 i det statlege regulativ ved tilsetjing, (kode 1352) NOK 535 200 – 555 800. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. For spesielt godt kvalifiserte søkjarar kan det vere aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse.
  • Gode velferdsordningar.
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse må vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga
  • CV
  • Karakterutskrifter og vitnemål, samt stadfesting på at doktorgradsavhandlinga er levert
  • Relevante attestar
  • Liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • Eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Søknadsfrist: 19. april 2021.

Søknaden skal merkast: 21/2853.

Søknder sendt per e-post vil ikke bli vurdert.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • professor Birgit Kopainsky, gruppen for systemdynamikk, det samfunnsvitenskapelige fakultet, birgit.kopainsky@uib.no, +47 55 58 30 92
  • Instituttleder ved Institutt for geografi Peter Andersen, peter.andersen@uib.no, +47 92091943.

Praktiske spørsmål kring søknadsprosessen kan rettast til Jannicke Lervik, Jannicke.Lervik@uib.no.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS