LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Postdoktor i lingvistikk (naturleg språkbehandling) ved MediaFutures

Søknadsfrist: 05.03.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det humanistiske fakultet består av fire institutt og fire senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Postdoktor i lingvistikk (naturleg språkbehandling) ved MediaFutures: Senter for forskingsdriven innovasjon (SFI)

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Postdoktorstilling

Ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium (LLE) er det ledig ei postdoktorstilling i lingvistiske fag/naturleg språkbehandling, med oppstart 1. august 2021 eller etter avtale. Stillinga er for ein åremålsperiode på 3 (4) år og er knytt til prosjektet SFI MediaFutures: Senter for forskingsdriven innovasjon (SFI). Sjå her.

MediaFutures er eit nytt Senter for forskingsdriven innovasjon (SFI) ved Institutt for informasjons- og medievitskap, Universitetet i Bergen, plassert i Media City Bergen. Senteret er ein del av Forskingsrådet sitt SFI-program. Senteret skal forske på tema som brukargrupper, brukaroppleving, innhaldsproduksjon, språkteknologi og tilgjengelegheit. Målet er å utvikle ansvarlege løysingar ved å adressere samfunnsmessige verknader av kunstig intelligens, falske nyheiter, ekkokammer og politisk polarisering. Resultatet blir nye løysingar som digitale verktøy, analysemetodar og innhaldstypar, men også forskarutdanning innan medieteknologi og innovasjon. Dette skal danne grunnlaget for nye patent, prototypar, forskingsartiklar og programvare, i tillegg til innovative oppstartbedrifter.

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium er ein del av Det humanistiske fakultetet, og har ansvar for Arbeidspakke 5 (Norsk språkteknologi) i SFI MediaFutures. Instituttet underviser og forskar innanfor mange fagområde, og har bachelor- og masterprogram i lingvistiske fag. Den språkvitskaplege forskinga ved instituttet fokuserer på teiknspråk, berekningsgrammatikk (særleg LFG), korpusmetodar, eksperimentell psykolingvistikk, statistikk og maskinlæring. Forskingsgruppa LaMoRE (Language Models and Resources) er eit nasjonalt knutepunkt for digitale språkressursar, og etablerer og driftar infrastrukturar for forskingsdata, særleg for trebankar (INESS), og koordinerer ein nasjonal forskingsinfrastruktur for språk (CLARINO). Instituttet administrerer store datasamlingar for norsk språk(Språksamlingane).

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Postdoktorstillinga vil vere ein del av arbeidspakken WP5 Norsk språkteknologi, Oppgåve 5.2: Robust djup språkanalyse.

  • Postdoktoren skal planlegge og gjennomføre skipinga av ein robust parser for norsk språk (bokmål og nynorsk) i nyhendedomenet. Målet er å produsere detaljerte syntaktiske og semantiske analyser på setningsnivå, samla på tekstnivå, som kan matast inn i innhaldsanalysemodular andre stadar i prosjektet.
  • Det er forventa at den som blir tilsett, skal utvikle parseren primært basert på trebanken NorGramBank, analysert med NorGram LFG-grammatikk og XLE-parser. Dette arbeidet inkluderer også ei utviding av trebanken ved å analysere medietekstar frå prosjektpartnarar. Det er forventa at den som blir tilsett, skal kome med nye idear, til dømes om korleis ein kan handtere ord som ligg på sida av ordtilfanget.
  • Den som blir tilsett, må utforme forskingsoppgåvene i samarbeid med prosjekt­partnarar og arbeidspakkeleiarar, og formidle arbeidet sitt gjennom vitskaplege publikasjonar og konferansepresentasjonar.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha oppnådd norsk ph.d.-grad eller tilsvarande utdanning innanfor eit lingvistisk fagområde eller tilsvarande. Doktoravhandlinga må vere levert til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Kunnskapar om lyd og røynsle med syntaks, semantikk, berekningsanalyse av språk og maskinlæring av språk er krav til stillinga.
  • God røynsle frå parsing med LFG, grammatikkinduksjon og stokastiske metodar brukt på språk er viktige føremonar.
  • Det vil vere ein føremon med omfattande publisering.
  • Den som får stillinga, må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Det blir kravd kunnskap om norsk og engelsk, både skriftleg og munnleg.

Aktuelle kandidatar for stillinga vil kunne bli kalla inn til instituttet for intervju.

Om postdoktorstillinga:

Postdoktoren vil bli tilsett ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium og vil bli knytt til forskingsgruppa LaMoRe (Language Models and Resources). Gruppa forskar på og underviser i generell lingvistikk, korpuslingvistikk, trebanking, språkinfrastruktur, maskinlæring av språk, teiknspråk og psykolingvistikk. Arbeidsstaden blir Media City Bergen.

Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett, for arbeid i faglege toppstillingar. Ingen kan tilsetjast i meir enn éin åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon. Perioden for denne stillinga er 3 år, men det er mogleg at det kan kome til eitt år ekstra for andre oppgåver ved instituttet, til dømes undervisning.

Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø.
  • Løn i lønssteg 60–62 (kode 1352/LR24) for tiden 543 800 – 555 400. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga.
  • Medlemskap i Statens pensjonskassestilling.
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd).
  • Gode velferdsordningar.

Søknaden skal innehalde:

Søknaden skal sendast elektronisk via lenka «SØK STILLINGEN» på denne sida. Søkjaren må nytte det elektroniske CV-skjemaet, og søknaden skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing om forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga.
  • Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse må vere hovudrettleiaren frå doktoravhandlinga.
  • CV.
  • Karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad, og vitnemål for doktorgraden eller stadfesting av at doktorgradsavhandlinga er levert.
  • Relevante attestar.
  • Publikasjonsliste med lenkjer til tekstar; eventuelt kan opp til ti arbeid leggast ved som pdf-filer.

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge. Vedlegga kan vere i Word- eller PDF-format. Søknader som blir leverte pr. e-post, vil ikkje bli vurderte.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til leiar av arbeidspakken Work Package Koenraad De Smedt: desmedt@uib.no eller senterleiar Christoph Trattner: christoph.trattner@uib.no.

For informasjon om å flytte til Bergen og Noreg, sjå her og her.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Praktiske spørsmål om søknadsprosessen kan rettast til fakadm@hf.uib.no.

SØK STILLINGEN

Powered by Labrador CMS