LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Postdoktor i landismodellering

Søknadsfrist: 09.01.2022

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Postdoktorstilling

Ved Instituttet for geovitenskap og Bjerknes Centre for Climate Research er det ledig ei stilling som postdoktor i landismodellering. Stillinga er for ein åremålsperiode på 3 år, støtta av Forskingsrådet. Stillinga vil kunne bli forlenga med opptil eitt år (maksimalt 4 år totalt) dersom den tildelte får innvilga forskingsopphald i utlandet. Planlagt startdato er 1. mars 2022 eller tidlegast mogleg etter dette.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver

Kunnskapen vår knytt til havnivåendringar på middels og lang sikt avhenger i stor grad av modellering av isdekker. Framsteg innan dette feltet har to store utfordringar: 1) Mangelen på eit rammeverk for modellevaluering som inkluderer observasjonar frå isdekket sitt indre og 2) usikkerheit knytt til klimaet som forårsaka tidlegare variasjonar i isvolum. Fleire tiår med iskjerneforsking og nye luftborne radardata gjer oss ein veldig detaljert oversikt over dei indre laga av Grønlandsisen, som inneheld svar på begge desse spørsmåla. Likevel eksisterer det foreløpig ikkje robuste metodar for å føye saman desse empiriske dataa og numerisk modellering.

Det overordna målet med SINERGIS-prosjektet er å utvikle ei slik modell. Løysningen er ein eksplisitt representasjon av individuelle lag med akkumulering og korleis dei beveger seg gjennom isen i tid (Born & Robinson, 2021). Dette mogleggjer ein grundig evaluering og kalibrering av isbremodellar ved hjelp av iskjernar og georadar, og å forberede vurderinga av tidlegare og framtidig havnivå. Utviklinga vil hovudsakeleg skje i arbeidsgruppa vår ved Universitetet i Bergen, men også i samarbeid med ei internasjonal ekspertgruppe. Blant dei viktigaste resultata er ein ny metode for modellevaluering og referansesimuleringar som kan brukast av mange modellar.

Søkjaren vil bruke vår nye modell for å utvikle eit assimileringsskjema for georadardata. Blant nøkkelresultata vil vere ein rekonstruksjon av tidlegare akkumuleringsratar som er fullstendig uavhengig av svært usikre simuleringar av fortidsklimaet. Dette arbeidet inneberer tett samarbeid med to postdoktorar i same prosjekt og med internasjonale partnarar i Spania, Canada, Japan og USA. Midlar til kortvarige forskingsopphald og internasjonale workshops i Bergen er tilgjengeleg

Ved tilsetjing kan søkjaren søkje om eit forlenga utanlandsopphald på inntil 12 månader. Vi har også tilgang til toppmoderne infrastruktur for superdatabehandling.

  • Born & Robinson, 2021, Modeling the Greenland englacial stratigraphy, doi: 10.5194/tc-15-4539-2021

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjarar må ha oppnådd norsk ph.d.-grad eller tilsvarande utdanning innanfor glasiologi, fysikk, anvendt matematikk, meteorologi eller tilsvarande, eller ha levert doktoravhandlinga si til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Stillinga krevjar god kunnskap om isbrear og klimadynamikk, eller erfaring innan invers modellering.
  • Arbeidsoppgåvene inneberer avansert vitskapeleg programmering og tidlegare erfaring innan FORTRAN, Python, Matlab eller liknande er derfor viktig.
  • Prosjektet krev gode kommunikasjonsevner og koordinering innan vår gruppe i Bergen og opp mot ei internasjonal gruppe samarbeidspartnarar.
  • Vi setter pris på uavhengigheit og proaktiv problemløysing.
  • Søkjarar må ha gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingsrøynsle, ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

Om postdoktorstillinga

Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i vitskapelege toppstillingar. Stillinga vil kunne bli forlenga med inntil eitt år dersom kandidaten får innvilga forskingsopphald i utlandet frå eksterne kjelder (maks fire år totalt). Ingen kan tilsetjast i meir enn éin åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon. Etter tiltreding skal postdoktoren i samarbeid med rettleiar og instituttleiar utarbeide ein plan for kvalifiseringsarbeidet, inkludert framdriftsplan.

10 % av arbeidstida kan brukas på aktivitetar knytte til undervisning, formidling og kommunikasjon ved Institutt for geovitenskap. Ingen kan tilsetjast i meir enn ein åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon.

Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.

10 % av arbeidstida kan brukas på aktivitetar knytte til undervisning, formidling og kommunikasjon ved Institutt for geovitenskap. Ingen kan tilsetjast i meir enn ein åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon.

Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.

Vi tilbyr

  • eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 61 (kode 1352 / lønsramme 24, alternativ 4) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Dette utgjer ei årsløn på kr 553 500,- brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga.
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål. Dersom du enno ikkje har fullført doktorgraden må du levere ei stadfesting på at avhandlinga er levert. relevante attestar
  • liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Førsteamanuensis Andreas Born (andreas.born@uib.no)

Ansettelse er underlagt godkjenning i henhold til loven om eksportkontroll.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Etter søknadsfrist vil det bli oppnemnt ein komité som skal vurdere søkjarane. Søkjarar har innsynsrett i omtalen av deira faglege kompetanse. Søkjarar som ønsker innsyn kan kontakte saksbehandlar etter mottak av brev om oppnemning av komité.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS