LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Postdoktor i klimadynamikk

Søknadsfrist: 10.03.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Postdoktorstilling

Ved Geofysisk institutt og Bjerknessenteret for klimaforsking er det ledig ei stilling som postdoktor i fysisk oseanografi/klimadynamikk om havet si rolle i klimaet. Stillinga er for ein åremålsperiode på 4 år med 25% pliktarbeid primært knytt til undervisning.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Golfstraumen, havet sin transport av varme mot Arktis og den tilhøyrande sirkulasjonen og djupvassdanninga «Atlantic Meridional Overturning Circulation (Omveltningssirkulasjonen i det nordlige Atlanterhavet)» (AMOC) er avgjerande for det milde klimaet over Europa og Skandinavia, og for å forstå klimaendringer i fortid, nåtid og framtid. Mykje står att å finna ut av i forståinga av korleis Golfstraumen og dei nordlege forgreiningane vekselverker med atmosfæren og påverkar klima over land. AMOC er generelt betrakta som det sentrale målet på Golfstraum-systemet, og for havet sin varmetransport og rolla det har i klimaet. Postdoktor-prosjektet skal undersøke i kva grad og under kva for nokon tilhøve tilstanden til AMOC er representativ for klima i ein slik forstand. Prosjektet skal vidare identifisere kva greiner av havsirkulasjonen knytt til AMOC og Golfstrømmen (til dømes Den subpolare gyren og Den norske atlanterhavstraumen) som er tettast knytt til vekselverknaden med atmosfæren og dermed varierande klima over land.

Postdoktor-prosjektet er basert på analyse av tilgjengelege observasjonar, og av så kalla «state estimates» eller reanalysar for hav og klima. Klimamodellar («large ensemble simulations») vil bli brukt for vidare innsikt i strukturen til havsirkulasjonen og for forståinga av underliggande mekanismar og vekselverknadar i pågåande og framtidige klimaendringar. Postdoktoren skal arbeide med og bli rettleia av instituttleiar Tor Eldevik, og vere aktiv del av forskingsmiljøet på Geofysisk institutt og Bjerknessenteret. Det er eit mål at kandidaten tilbringar ein periode som gjesteforskar hjå ein av Eldevik sine internasjonale samarbeidspartnarar.

Ein viktig del av stillinga er knytt til instituttet sine emne og studieprogram som undervisningsplikt. Postdoktoren skal bidra til undervisning innanfor hav- og klimadynamikk, frå grunnleggande til MSc-nivå. Det er også sterkt ønskeleg at kandidaten bidrar i rettleiing av studentar.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha oppnådd norsk ph.d.-grad eller tilsvarande utdanning innanfor klimadynamikk, fysisk oseanografi, meteorologi, fysikk, anvendt matematikk eller liknande, eller ha levert doktoravhandlinga si til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • I vurdering av søkjarane vil desse punkta bli lagt vekt på:
  • God kunnskap om hav- og klimadynamikk.
  • Gode ferdigheiter i å stille saman, analysere og framstille visuelt data frå observasjonar, reanalyse eller modellar knytt till havsirkulasjon eller klima.
  • God kjennskap til ein eller fleire av følgjande tema: strukturen til havsirkulasjonen, vekselverknad hav-atmosfære, og mekanismar for hav- og klimavariabilitet, særleg i Nord-atlanteren og dei nordiske hava, med fokus på mellomårleg til tiårig tidsskala.
  • Gode ferdigheiter i vitskapeleg programmering (f.eks. Matlab, Python, Fortran).
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må vere positive til å undervise.
  • Søkjarar må ha gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg.
  • Det er ein fordel å kunne undervise på norsk (eller tilsvarande skandinavisk språk).

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingsrøynsle, ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

Om postdoktorstillinga:

Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i vitskapelege toppstillingar. Deltakinga i instituttet sin undervisning understrekar dette målet. Ingen kan tilsetjast i meir enn éin åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon.

Søkjarar skal ved tilsetjing kome med framlegg til plan for kvalifiseringsarbeidet som inneheld ein framdriftsplan.

Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.

Vi tilbyr:

  • eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 60 (kode 1352/lønsramme 24, alternativ 4) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Dette utgjer ei årsløn på kr 535 200,- brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga.
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål. Dersom du enno ikkje har fullført doktorgraden må du levere ei stadfesting på at avhandlinga er levert.
  • relevante attestar
  • liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Instituttleiar, professor Tor Eldevik (Tor.Eldevik@uib.no)

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Etter søknadsfrist vil det bli oppnemnt ein komité som skal vurdere søkjarane. Søkjarar har innsynsrett i omtalen av deira faglege kompetanse. Søkjarar som ønsker innsyn kan kontakte saksbehandlar etter mottak av brev om oppnemning av komité.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS