LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Postdoktor i informatikk - optimering

Søknadsfrist: 05.04.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Postdoktorstilling

Ved Institutt for informatikk er det ledig ei stilling som postdoktor i informatikk – optimering.

Stillinga er for ein åremålsperiode på 4 år.

Om instituttet

Digitalisering av næringsliv, offentleg forvaltning og utdanning gjer at informatikk spelar ei stadig viktigare rolle i samfunnsutviklinga. Forsking og utdanning i informatikk er avgjerande for at den digitale transformasjonen av samfunnet skal lykkast. Institutt for informatikk bidreg til dette gjennom sju forskingsgrupper som leverer forsking og utdanning av høg internasjonal kvalitet innan algoritmar, bioinformatikk, maskinlæring, optimering, programmeringsteori, sikker kommunikasjon og visualisering. Alle gruppene har stor eksternfinansiering, blant anna frå Det europeiske forskingsrådet (ERC). Instituttet tilbyr moderne og oppdatert utdanning på bachelor-, master- og ph.d.-nivå. På grunn av den sentrale rolla som informatikk spelar i samfunnet, er instituttet i sterk vekst når det gjeld talet på studentar, forskingsretningar og tilsette. Vi har i dag om lag 700 studentar, i overkant 150 tilsette, deriblant 35 førsteamanuensar og professorar og 50 stipendiatar. Vi har nyleg etablert Center for Data Science (CEDAS) som ei viktig utviding av aktivitetane våre innan forsking og utdanning.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Alle tilsette vert forventa å bidra til framifrå forsking og undervisning av høg internasjonal kvalitet. Arbeidsplass for denne stillinga vil vere hos forskingsgruppa i optimering. Forskingsgruppa underviser og forskar innanfor eit vidt teoretisk felt, og i innovative applikasjonar av operasjonsanalyse og data science.

Til den utlyste stillinga ser vi etter ein glimrande forskar, som har erfaring i matematisk grunnlag for kontinuerleg optimering (for eks. for ikkje-lineær optimering eller MPCC (mathematical problems with complementarity constraints)).

Optimeringsgruppa er under vekst, og den som vert tilsett er venta å bidra til gruppa si vidare utvikling. Den som vert tilsett skal aktivt involvere seg innan formidling av vitskaplege resultat, rekruttering av doktorgrads- og masterstudentar, forskingsseminar, og andre aktivitetar som er viktige for gruppa. Den nye postdoktoren vil samarbeida med andre forskingsinstitutt. Ein stor del av arbeidet vil gå føre seg i nært samarbeid med andre forskarar og doktorgradsstudentar, og vil innebere rettleiing av masterstudentar. Det vert forventa at nye vitskaplege merittar blir rapporterte jamleg. Publikasjonar av forskingsresultat i internasjonale tidsskrift og konferansar blir sett på som avgjerande viktige leveransar

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha oppnådd norsk ph.d.-grad eller tilsvarande utdanning i informatikk eller matematikk. Ph.d.-studentar kan søkje dersom disputas er planlagt gjennomført innan 30.06.2021. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Forskingserfaring innanfor kontinuerleg optimering er eit krav. Tidlegare forsking må dokumenterast i form av ei lovande publikasjonsliste.
  • Evne til å undervise i kurs på master- og bachelornivå innafor operasjonsanalyse er eit krav.
  • Erfaring til å undervise i kurs på informatikk er ein føremon.
  • Gode programmeringsevner (helst i C++ eller Java) er ein føremon.
  • Søkjarar må kunne arbeide både på eige hand og i samarbeid med andre, samt spele ei nøkkelrolle i gruppa sine aktivitetar retta mot omverden (t.d. formidling, studentrekruttering, og forskingsseminar).
  • Det vil vere ein føremon om søkjarane er rike på initiativ, og at dei har ein proaktiv og open personlegdom.
  • Søkjarane må ha gode kommunikasjonsevner, og dei må meistra engelsk skriftleg og munnleg svært godt.
  • Grunnleggande kunnskapar i norsk er ein føremon

Om postdoktorstillinga:

Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling, og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i vitskaplege toppstillingar. 25% av arbeidstida skal brukast på aktivitetar knytt til undervisning, formidling og kommunikasjon ved Institutt for informatikk. Ingen kan tilsetjast i meir enn éin åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon.

Søkjarar skal ved tilsetjing kome med framlegg til plan for kvalifiseringsarbeidet som inneheld ein framdriftsplan. Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.

Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø.
  • Løn etter lønssteg 60 - 65 (kode 1352/lønsramme 24, alternativ 4) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Dette utgjer ei årsløn på kr 535 200 – 586 500 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse.
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga.
  • Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga.
  • CV.
  • Karakterutskrifter og vitnemål, samt eventuell stadfesting på at doktorgradsavhandlinga er levert og planlagt dato for disputas.
  • Relevante attestar.
  • Liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste).
  • Eventuelle publikasjonar.

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge innan 05.04.2021.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

For HR-relaterte førespurnader ta kontakt med Lene Sørheim.

Tilsetting er underlagt godkjenning i samsvar med loven om eksportkontroll.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS