LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Postdoktor i eksperimentell grenselagsmeteorologi

Søknadsfrist: 17.10.2022

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Postdoktorstilling

Ved Geofysisk institutt er det ledig ei stilling som postdoktor i eksperimentell grenselagsmeteorologi. Stillinga er for ein åremålsperiode på 3 år.

Stillinga er finansiert av eksterne midlar. 30 månader av stillinga er finansiert av prosjektet LOWT (Large Offshore Wind Turbines: structural design accounting for non-neutral wind conditions; NFR FRIPRO prosjektnummer 325294). Forskingsgruppa i meteorologi ved GFI jobber bredt med eksperimentell forsking på det atmosfæriske grenselaget, særleg under stabile og konvektive forhald. Gruppen er også del av Bergen Offshore Wind Centre (BOW) og deltar veldig aktivt i vindenergiforsking. GFI eier og driv avansert in-situ og fjernmålingsutstyr for det atmosfæriske grenselaget og jobber kontinuerlig med utvikling og bruk av dronar for atmosfæreforsking.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver

  • Stillinga vil på kort sikt fokusere på innhenting og analyse av eksisterande vind- og turbulensdata frå meteorologiske måletårn og lidar fjernmåling. Data frå målingane skal brukas for ein validering av eksisterande spektrale turbulensmodellar. I tillegg skal modellane vidareutviklast for å dekkje ikkje-nøytrale atmosfæriske stabilitetsforhald og høgdenivå opp til 300 m, som både er viktig for design av den nye generasjonen av havvindturbinar.
  • Stillinga er sentral for bruken av den avanserte instrumentparken i meteorologigruppa og vil vere eit bindeledd mellom den vitskaplege og den tekniske staben, inkludert kvalitetssikring og analyse av dei innsamla data og deira raske publikasjon basert på FAIR retningslinjene. Den som får stillinga forventast også å delta aktivt i utvikling og bruk av nye instrumenter og målemetodar, spesielt relatert til dronesystema våre.

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjarar må ha oppnådd norsk ph.d.–grad eller tilsvarande utdanning innanfor atmosfærevitskap/meteorologi eller ha levert doktoravhandlinga si til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Omfattande erfaring i grenselagsmeteorologi, spesielt med turbulensmåling og tilsvarande dataanalyse ved hjelp av eddy-kovarianssystem, er eit krav.
  • God dokumentert erfaring frå planlegging, design og gjennomføring av feltkampanjar er eit krav.
  • Praktisk erfaring i utvikling og bruk av dronar for målingar i det atmosfæriske grenselaget er eit krav.
  • Gode evner i programmering og dataanalyse er eit krav.
  • Kjennskap til grenselagsmodellering er ein føremon.
  • Erfaring med aktiv (lidar, sodar, radar) eller passiv (mikrobølge) fjernmåling og tilsvarande dataanalyse i det atmosfæriske grenselaget er et føremon.
  • Erfaring frå datapublikasjon og med FAIR retningslinjene er ein føremon.
  • Evne til å hente inn eksterne forskingsmiddel er ein føremon.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må ha gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg.
  • Søkjarar må ha gode norskkunnskapar.

I vurderinga av aktuelle kandidatar vil ei heilskapleg vurdering av både kvalitet og breidde i kandidatane si forsking bli gjennomført. Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli vektlagde.

Særeigne krav for stillinga er moglegheit og villigheit for å delta i feltarbeid i alle slags vær- og klimaforhold, inkludert toktverksemd og eksperimentelt arbeid under krevjande forhold i polare strøk. I tillegg må kandidaten vere i stand til å bidra aktivt i design, planlegging og førebuing av feltkampanjar.

UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.

Om postdoktorstillinga

Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i vitskapelege toppstillingar. Om den som vert tilsett manglar undervisningserfaring og/eller annan kvalifiseringskompetanse, kan det verte aktuelt å auke tilsetjingsperioden til 3 år og 8 månader. Undervisning og anna pliktarbeid for instituttet vil i så høve bli lagt til som oppgåver i stillinga. Stillinga vil kunne bli forlenga med inntil eitt år dersom kandidaten får innvilga forskingsopphald i utlandet frå eksterne kjelder (maks fire år totalt). Ingen kan tilsetjast i meir enn éin åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon. I samsvar med Forskingsrådet sine reglar, kan heller ingen tilsetjast fleire gonger i NFR-finansierte postdoktorstillingar.

For eksternfinansierte postdoktorar

Etter tiltreding skal postdoktoren i samarbeid med rettleiar og instituttleiar utarbeide ein plan for kvalifiseringsarbeidet, inkludert framdriftsplan.

Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.

Vi tilbyr

  • eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
  • løn som postdoktor (kode 1352) i samsvar med det statlege lønsregulativet. Dette utgjer ei brutto årsløn på kr. 573 900,- (tilsvarande lønstrinn 62). Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga.
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål. Dersom du enno ikkje har fullført doktorgraden må du levere ei stadfesting på at avhandlinga er levert.
  • relevante attestar
  • liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Joachim Reuder, Geofysisk institutt, joachim.reuder@uib.no, +47 381397.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Etter søknadsfrist vil det bli oppnemnt ein komité som skal vurdere søkjarane. Søkjarar har innsynsrett i omtalen av deira faglege kompetanse. Søkjarar som ønsker innsyn kan kontakte saksbehandlar etter mottak av brev om oppnemning av komité.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS