LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Postdoktor (3 år) - Institutt for biomedisin

Søknadsfrist: 20.02.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Postdoktorstilling

Ved Det medisinske fakultet, Institutt for biomedisin, er det ledig ei stilling som postdoktor (100 %) for ein periode på tre (3) år. Stillinga er knytt til prosjektet ” TGF-beta induced microtubes - new communication structures of brain tumor cells ”, finansiert av Den norske kreftforening.

Om instituttet/prosjektet

Vi undersøkjer mekanismar av invasjon og terapiresistens i maligne hjernesvulstar. Forskinga er basert på unike celle- og dyremodellar. Eit spesielt fokus i prosjektet er ”microtubes” som er viktig for kommunikasjon mellom tumorcellene og stromale celler. Det skal undersøkjast kva mekanismar som er viktige for danning av microtubes og om mitokondrier kan utvekslast mellom tumorcellene/stromale celler gjennom «microtubes». Sjå her for meir informasjon. Gruppa har eit sterkt samarbeid med ei forskingsgruppe i Bordeaux, Frankrike.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

  • planleggje og utføre in vitro og in vivo eksperiment for prosjektet
  • delta i skriving av publikasjonar og søknader
  • delta i rettleiing av ph.d.- og master studentar

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • søkjar må ha oppnådd norsk ph.d.-grad eller tilsvarande utdanning innan cellebiologi eller tilsvarande utdanning, eller ha levert doktoravhandlinga innan søknadsfristen. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje og seinast innan 01.03.2021
  • søkjar bør ha erfaring med kreftforsking
  • søkjar bør ha erfaring frå / med cellekultur, konfokal mikroskopi, flow cytometri, CRISPR/Cas9 og lentiviral shRNA teknologi, western blot, co-immunopresipitasjon og dyreforsøk
  • erfaring i Bioinformatikk (analyse av sekvenseringsdata) er ein føremon
  • må nytte engelsk munnleg og skriftleg
  • arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner

Om postdoktorstillinga:

Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i faglege toppstillingar. Ingen kan tilsetjast i meir enn ein åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon. Du kan heller ikkje tilsetjast i postdoktorstilling dersom du tidlegare har hatt slik tilsetjing ved ein annan institusjon i regionen.

Søkjarar skal ved tilsetjing kome med framlegg til plan for kvalifiseringsarbeidet som inneheld ein framdriftsplan. Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.

Den tilsette kan bli pålagt pliktarbeid i form av undervisning og liknande arbeid ved instituttet.

Vi tilbyr:

  • spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
  • løn etter lønssteg 62 (kode 1352/lønsramme 24.4) for tida kr 555 800, med medisinsk/odontologisk embetseksamen lønssteg 63 (kode 1352/lønsramme 24.7) for tida kr 566 700, med spesialistutdanning lønssteg 65 (kode 1352/lønsramme 24.9) for tida kr 586 500, i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjon for å søkje stillinga
  • karakterutskrifter og vitnemål (søkjarar med utanlandsk utdanning må leggje ved både vitnemål på original språket og autoriserte omsetjingar) og dokumentasjon på godkjent avhandling
  • relevante attestar
  • publikasjonsliste
  • vitskapelege arbeid. Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden (pdf)
  • to referansar (namn og kontaktinformasjon)

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Prof. Hrvoje Miletic, e-post: hrvoje.miletic@uib.no, telefon: 96847286

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS