LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Postdoktor - Institutt for biovitskap

Søknadsfrist: 28.02.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Postdoktor i effektar av klimaendringar på biologisk mangfald og funksjonar i jordøkosystem i fjellet

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Postdoktorstilling

Ved Institutt for biovitskap, UiB, er det ledig ei stilling som postdoktor i økologiske effektar av globale endringar i økologi/mikrobiell økologi. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år og knytt til forskingsprosjektet, “FUNDER - Direct and indirect climate impacts on the biodiversity and FUNctioning of the UNDERground ecosystem” finansiert av Forskningsrådet.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver

Klimaendringar påverkar planter og jordorganismar, så vel som prosesser og interaksjonar mellom desse i økosystema. Desse endringane trugar biologisk mangfald og påverkar viktige funksjonar i økosystema, som til dømes produktivitet og karbon- og næringsutveksling. Skal vi kunne forstå korleis biologisk mangfald og økosystema vil reagere på klimaendringar i framtida, og tilbakekoplingar frå desse økosystemendringane til klimasystemet, treng vi grunnleggande kunnskap om økologiske responsar, prosessar, mekanismar og interaksjonar mellom plantar og jordorganismar i økosystema.

FUNDER vil talfeste og skilje dei direkte effektane av klima på mangfaldet og økosystemet sin funksjon frå de indirekte effektane, gjennom biotiske interaksjonar. For å oppnå dette brukar vi makroøkologiske felteksperiment langs breie temperatur- og nedbørsgradientar. Desse eksperimenta gjev oss kunnskap om økosystema sine responsar på klimaendringar og tilbakekoplingar til klimasystemet, inkludert ikkje-additive effektar, kontekstavhengigheiter, og kompenserande effektar som kan føre til samanbrot i biotiske interaksjonar.

FUNDER utnyttar eksisterande felteksperimentelle infrastrukturar i Noreg. Prosjektet er utvikla i samarbeid mellom planteøkologar, økosystembiologar og modellerarar, og resultata vil gje betre kunnskap om prosessar og langsiktige konsekvensar av klimaendringar, inkludert tilbakekoplingar til klimasystemet.

Postdoktoren vil fokusere på rollene til jordorganismar (hovudsakleg bakteriar og sopp) i økosystema sine responsar på og tilbakekoplingar til klimaet. Arbeidet vil baserast på data frå eit makroøkologisk felteksperiment, utført i samarbeid med andre prosjektdeltakarar.

Postdoktoren vil

  • Samle inn jordprøver frå dei makroøkologiske felteksperimenta og analysere dei mikrobielle samfunna (bakteriar og sopp) ved hjelp av DNA-sekvensering (DNA metabarcoding). Analysere omfanget av dei mikrobielle samfunna ved å bruke til dømes ergosterolmålingar.
  • Undersøke produksjonen av mikrobiell (sopp) biomasse med bruk av til dømes vekstmasker og omsetting med bruk av søppel/nekromassposar.
  • I samarbeid med andre prosjektdeltakarar måle andre underjordiske funksjonelle parameter, til dømes basert på underjordiske plantedelar og jordprøver.
  • Utvikle eigne forskingsspørsmål og hypotesar knytt til desse eksperimenta og målingane.
  • Samarbeide med planteøkologar og klimaforskarar om syntese og oppskalering.
  • Analysere data, og skrive og publisere forskingsartiklar.
  • Dette er eit samarbeidsprosjekt mellom Universitetet i Bergen og Universitetet i Oslo (UiO), og delar av laboratoriearbeidet vert leia og gjennomført ved UiO. Postdoktoren skal jobba tett med begge institusjonane. Dette inkluderer opphald i Oslo for laboratorie- og analysearbeid.

Dette er eit samarbeidsprosjekt mellom Universitetet i Bergen og Universitetet i Oslo (UiO), og delar av laboratoriearbeidet vert leia og gjennomført ved UiO. Postdoktoren skal jobba tett med begge institusjonane. Dette inkluderer opphald i Oslo for laboratorie- og analysearbeid.

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjarar må ha oppnådd norsk ph.d.-grad eller tilsvarande utdanning innanfor planteøkologi, plantefysiologi, global endringsøkologi, vegetasjonsmodellering eller eit liknande felt, eller må ha levert doktorgradsavhandlinga for vurdering før søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Den som tilsettjast bør ha forskingsbakgrunn innanfor DNA-baserte analysar av mikrobielle/soppsamfunn (DNA-metabarkoding), inkludert kunnskap og erfaring i relevante bioinformatiske metodar.
  • Kunnskap i relevante økologiske fagfelt, og relevante statistiske og analytiske metodar, inkludert ferdigheiter i R, er ein føremon.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkarar må ha gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingsrøynsle, ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

Om postdoktorstillinga

Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i vitskapelege toppstillingar. Om den som vert tilsett manglar undervisningserfaring og/eller annan kvalifiseringskompetanse, kan det verte aktuelt å auke tilsetjingsperioden med inntil 6 månader. Undervisning og anna pliktarbeid for instituttet vil i så høve verta lagt til som oppgåver i stillinga. Stillinga vil kunne verta forlenga med inntil eitt år dersom kandidaten får innvilga forskingsopphald i utlandet frå eksterne kjelder (maks fire år totalt). Ingen kan tilsetjast i meir enn éin åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon.

For eksternfinansierte postdoktorarEtter tiltreding skal postdoktoren i samarbeid med rettleiar og instituttleiar utarbeide ein plan for kvalifiseringsarbeidet, inkludert framdriftsplan.

Det er ein føresetnad at den som vert tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.

Søkjarar skal ved tilsetjing kome med framlegg til plan for kvalifiseringsarbeidet som inneheld ein framdriftsplan. Ved postdoktorstilling knytt til eksternt finansierte prosjekter, vil fullføring av planen for kvalifikasjonsarbeidet skje i dialog med prosjektleiar/senterleiar. Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.

Vi kan tilby

  • eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 60 (kode 1352/lønsramme 24, alternativ 4) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Dette utgjer ei årsløn på kr 532 300,- brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • ei forskingserklæring (maks. 2 sider) som skildrar dine forskingsinteresser og planar, knytt til stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga.
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål. Dersom du enno ikkje har fullført doktorgraden må du levera ei stadfesting på at avhandlinga er levert. Doktorgraden må vere dokumentert med vitnemål, alternativt ei stadfesting frå gradsgjevande institusjon på fullført grad, innan tilsetjing).
  • relevante attestar
  • liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Professor Vigdis Vandvik, Institutt for biovitenskap, telefon: +47 4730 1794

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne vert oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Etter søknadsfrist vert det oppnemnt ein komité som skal vurdere søkjarane. Søkjarar har innsynsrett i omtalen av deira faglege kompetanse. Søkjarar som ønskjer innsyn kan kontakte saksbehandlar etter mottak av brev om oppnemning av komité.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS