Stilling:

Postdoktorstilling i medievitenskap

Søknadsfrist 15. august 2018

Ved Institutt for informasjons og medievitskap er det ledig ei fireårig stilling som postdoktor innan medievitskap. Stillinga er del av instituttets satsing på strategisk kommunikasjon og postdoktoren vil bli knytt til to av instituttets forskingsgrupper: Retorikkgruppa og forskingsgruppa for mediebruk og publikumsstudiar. 25 % av samla tilsettingstid er arbeidsplikt som skal utførast ved instituttet.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Postdoktoren skal saman med forskingsgruppene utvikle eit prosjekt som undersøker korleis borgarar stiller seg til strategisk kommunikasjon og ekspertkjelde. Eit sentralt spørsmål er korleis ytringar frå ekspertkjelder vert mottatt i eit samfunn prega av eit fragmentert mediebilete, fallande tillit til autoritetar og høg grad av konkurrerande påstandar frå ulike ekspertar.

Relevante underspørsmål er: Korleis formidlar media ekspertkunnskap og behandlar ekspertkjelder? Kva gjer at ein ekspert vert oppfatta som truverdig eller utruverdig? Korleis balansere journalistiske omsyn til konfliktorientering og balanse dersom ekspertar er ueinige? Korleis kan mediar og ekspertar kommunisere for sikre truverda og tillit?

Søkarar vert oppmoda om å konsentrera prosjektet om eit av fleire tema knytt til globale samfunnsutfordringar som klima, migrasjon og helse.

Spørsmåla om tillit, truverdig og strategisk kommunikasjon må studerast i møtet mellom tekst og publikum – og dermed mellom fagfelta journalistikk, retorikk og mediebruksforsking.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha oppnådd norsk ph.d.-grad eller tilsvarande utdanning innanfor medievitskap eller tilsvarande, eller ha levert doktoravhandlinga si til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje
  • Erfaring med retoriske studiar og tekstanalyse samt med mediebruks- og publikumsforsking
  • Arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner
  • Nytte engelsk skriftleg og munnleg
  • Gode norskkunnskapar og formidlingsevne

Aktuelle kandidatar vil bli innkalla til intervju og kan også verte bede om å halde ei prøveforelesing over eit oppgitt emne.

Undervisningsspråket er til vanleg norsk.

Dei som søkjer stillinga vert rådd til å orientera seg om undervisningstilbodet og forskingsprofilen ved instituttet, sjå https://www.uib.no/infomedia.

Om postdoktorstillinga:

Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i faglege toppstillingar. Åremålsperioden for denne stillinga er fire år. Ingen kan tilsetjast i meir enn ein åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon.

Ein plan for forskingsarbeidet i form av ei prosjektskisse på 4-5 sider skal følgje søknaden. Prosjektskissa skal innehalde framdriftsplan for dei ulike delane av forskingsarbeidet, og ein publiseringsplan. Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden. Eit budsjett for driftsutgifter må setjast opp.

Vi kan tilby:

  • Eit godt og faglig utfordrande arbeidsmiljø
  • Løn etter lønssteg 57-60 i det statlege regulativ ved tilsetjing, (Lpl.17.510, kode 1352/LR24. Kr. 490 900,- - kr. 517 700,-. Lønen er under justering i henhold til nye hovudtariffavtalar. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. For spesielt godt kvalifiserte søkjarar kan det vere aktuelt å vurdere høgare løn
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse må vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga
  • CV
  • Karakterutskrifter og vitnemål, samt stadfesting på at doktorgradsavhandlinga er levert
  • Relevante attestar
  • Liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • Vitskaplege publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastas opp i Jobbnorge.

Søknadsfrist: 15. august, 2018

Søknaden skal merkast: 2018/7014

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: Instituttleiar professor Leif Ove Larsen, tlf. 55 58 41 16, epost: leif.larsen@uib.no.

Praktiske spørsmål kring søknadsprosessen kan rettast til seniorkonsulent Bodil Hægland, epost: bodil.hagland@uib.no eller tlf. 55 58 90 53.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Personar med innvandrarbakgrunn og nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Den som blir tilsett må rette seg etter dei retningslinjene som til ei kvar tid gjeld for stillinga.

Søk på stillingen

Søknadsfrist: 15.08.2018

Web: www.uib.no

Kontakt: Professor Leif Ove Larsen (Instituttleiar)

Telefon: 55 58 41 16

E-post: leif.larsen@uib.no

Kontakt 2: Bodil Hægland (Seniorkonsulent)

Telefon: 55 58 90 53

E-post: bodil.hagland@uib.no

Powered by Labrador CMS