Stilling:

Postdoktor i akustikk

Søknadsfrist 5. november 2018

Ved Institutt for fysikk og teknologi er det ledig ei stilling som postdoktor i akustikk. Stillinga er for ein åremålsperiode på fire år.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Postdoktoren skal arbeide i forskingsgruppa for akustikk, innan gruppas langsiktige forskingsområde "Diffraction effects in interaction of sound beams with leaky ultrasonic guided waves”. Målsetjinga med arbeidet som skal utførast under postdoktor-prosjektet er å undersøkje og forklare dei underliggande fysiske mekanismane for nokre nyleg oppdaga diffraksjonseffektar som er observert ved transmisjon av eit direktivt ultralydfelt ("a beam") gjennom ei faststoff-plate nedsenka i vatn. Arbeidet vil involvere målingar og kvantitativ tredimensjonal numerisk modellering av målesystemet, for "leaky" Lamb-bølgjer i nær-elastiske og viskoelastiske plater. Dette inkluderer endeleg-element-analyse av piezoelektriske ultralyd-transdusarar med konstruksjon, testing og eksperimentell karakterisering i vesker og faste stoff, for normalt og skrått innfallande lydfelt ("beam") mot plater. Postdoktoren må ha tilstrekkeleg ekspertise til å undervise relevante kurs i akustikk på master og PhD nivå. Arbeidet representerer framhald av eit samarbeid med Christian Michelsen Research AS innan dette vitskaplege feltet.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha oppnådd norsk ph.d.-grad eller tilsvarande utdanning i fysikk, eller ha levert doktoravhandlinga si til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Erfaring frå presisjons laboratoriemåling av ultralyd bølgjeforplantning i væsker og faste stoff er eit krav.
  • Erfaring frå endeleg-element-modellering av piezoelektriske ultralyd-transdusarar med ultralyd bølgjeforplantning i væsker og faste stoff er eit krav.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkarar må ha gode engelsk-kunnskapar, skriftleg og munnleg.
  • Søkjarar må ha gode norsk-kunnskapar.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingsrøynsle, ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane.

Særeigne krav for stillinga:

Søkjarar med dokumentert erfaring frå følgjande område vil bli føretrekt:

  • Endeleg-element-modellering, konstruksjon, og eksperimentell testing/karakterisering av piezoelektriske ultralyd-transdusarar under operasjon i væsker og faste stoff.
  • Måling av - og numerisk modellering av målesystem for - ultralydbølgjer i nær-elastiske og viskoelastiske faststoff-material.
  • Måling og modellering av lydfart og attenuasjon i elastiske og viskoelastiske faststoff-material, inklusiv porøse faststoff-material.
  • Undervisning av relevante universitetskurs i akustikk på master- og ph.d.-nivå.

Om postdoktorstillinga:

Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i vitskapelege toppstillingar. Ingen kan tilsetjast i meir enn éin åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon.

Søkjarar skal ved tilsetjing kome med framlegg til plan for kvalifiseringsarbeidet som inneheld ein framdriftsplan. Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.

Vi kan tilby:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø.
  • Løn etter lønssteg 59 (kode 1352/lønsramme 24, alternativ 3) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Dette utgjer ei årsløn på kr 515 200,- brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse.
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd).
  • Gode velferdsordningar.

Søknaden skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga.
  • Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga.
  • CV.
  • Karakterutskrifter og vitnemål, samt stadfesting på at doktorgradsavhandlinga er levert.
  • Relevante attestar.
  • Liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste).
  • Eventuelle publikasjonar.

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge. Søknader sendt på epost til einskilde personar vert ikkje vurderte.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til professor Per Lunde, akustikkgruppa, Institutt for fysikk og teknologi, epost per.lunde@uib.no, tel. +4755582786.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Etter søknadsfrist vil det bli oppnemnt ein komité som skal vurdere søkjarane. Søkjarar har innsynsrett i omtalen av deira faglege kompetanse. Søkjarar som ønsker innsyn kan kontakte saksbehandlar etter mottak av brev om oppnemning av komité.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS