LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Postdoktor (3 år) i universitetspedagogikk / helsefagleg pedagogikk

Søknadsfrist: 13.12.2020

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Postdoktor (3 år) i universitetspedagogikk/helsefagleg pedagogikk

Ved Det medisinske fakultet, Institutt for global helse og samfunnsmedisin, forskingsgruppe for samfunnsfarmasi, er det ledig ei stilling som postdoktor innan universitetspedagogikk (100 %) for ein periode på tre (3) år. Stillinga er knytt til prosjektet ” FREMFARM”, finansiert av DIKU (Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høyere utdanning). Postdoktoren vil inngå i ei gruppe med engasjerte forskarar, med stor entusiasme for å utvikle profesjonsstudiet i farmasi.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

  • Bidra til å utvikle, teste ut, implementere og drive forskingsbasert evaluering av ferdigheitstrening innan kommunikasjon og innovasjon i profesjonsstudiet i farmasi i tråd med prosjektbeskrivinga
  • Hovudansvar for dokumentasjon av prosjektets resultat i form av vitskapelege artiklar.
  • Bidra til å utvikle utdanningsfagleg kompetanse blant undervisarar i profesjonsstudiet i farmasi.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjar må ha oppnådd norsk ph.d.-grad eller tilsvarande utdanning innanfor universitetspedagogikk/helsefagleg pedagogikk eller ha levert doktoravhandlinga innan søknadsfristen. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje og seinast innan 15. februar 2021.
  • Søkjar har erfaring frå universitets- og høgskulepedagogisk verksemd.
  • Søkjar kan nytte engelsk munnleg og skriftleg og er villig til å lære seg norsk.
  • Søkjar kan arbeide sjølvstendig, strukturert og har gode samarbeidsevnar.
  • God kjennskap til universitets- og høgskulesektoren er ein fordel
  • Erfaring med intervensjonsforsking og/eller kommunikasjonstrening er ein fordel

Særeigne krav for stillinga er interesse for fagdidaktikk innan både natur- og samfunnsfag då begge delar inngår i profesjonsstudiet i farmasi.

Om postdoktorstillinga:

Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i faglege toppstillingar. Ingen kan tilsetjast i meir enn ein åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon. Du kan heller ikkje tilsetjast i postdoktorstilling dersom du tidlegare har hatt slik tilsetjing ved ein annan institusjon i regionen.

Søkjarar skal ved tilsetjing kome med framlegg til plan for kvalifiseringsarbeidet som inneheld ein framdriftsplan. Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.

Den tilsette kan bli pålagt pliktarbeid i form av undervisning og liknande arbeid ved instituttet.

Vi tilbyr:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • Løn etter lønssteg 62 (kode 1352/lønsramme 24.4) for tida kr 555 800, med medisinsk/odontologisk embetseksamen lønssteg 63 (kode 1352/lønsramme 24.7) for tida kr 566 700, med spesialistutdanning lønssteg 65 (kode 1352/lønsramme 24.9) for tida kr 586 500, i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjon for å søkje stillinga
  • karakterutskrifter og vitnemål (søkjarar med utanlandsk utdanning må leggje ved både vitnemål på original språket og autoriserte omsetjingar) og dokumentasjon på godkjent avhandling
  • relevante attestar
  • publikasjonsliste
  • vitskapelege arbeid. Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden (pdf)
  • to referansar (namn og kontaktinformasjon)

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS