Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Postdoktor i havvindenergi

Søknadsfrist: 16.08.2020

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Postdoktorstilling

Ved Geofysisk institutt er det ledig ei stilling som postdoktor innan multi-skala modellering og prediksjon av vindfelt i og omkring havvindparkar.

Stillinga er for ein åremålsperiode på 3 år og er knytt til Bergen Offshore Wind Centre (BOW; https://www.uib.no/no/bow) og NFR-prosjektet CONWIND, eit samarbeidsprosjekt mellom NORCE, UiB, SINTEF og NTNU. CONWIND-prosjektet har som mål å utvikle metodar for optimal drift av vindparkar.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Å forstå vindfeltet i og omkring store havvindparkar er avgjerande for optimal drift av vindparken. For å forbetre denne forståinga må vi undersøkje samspelet mellom fleire komplekse prosessar, for eksempel samspelet mellom det turbulente vindfeltet, effekten av bølgjer, atmosfærisk stabilitet og vaken (vindskuggen) bak dei enkelte turbinane. Desse problemstillingane vert viktigare når vindturbinane og havvindparkane no vert større.

Mål for denne postdoktorstillinga er

(1) Simulere vindfelta i og omkring vindparken under ulike atmosfæriske forhold ved bruk av mesoskala WRF modell;

(2) Handtere tilgjengelege observasjonsdata, og utvikle/bruke assimilasjonsteknikkar for å effektivt implementere tilgjengelege lidar- eller soniske målingar i den numeriske modellen for å redusere feil frå randvilkåra og modelluvisse; og

(3) Etablere data til bruk som randvilkår ved nesting til andre modellar på parkskala (t. d. LES-modellar).

Føremålet er å framskaffe kvalitetskontrollerte og klare-til-bruk vind- og vakedata. Arbeidet skal utførast i nært samarbeid med andre aktivitetar i CONWIND-prosjektet saman med dei norske og dei kinesiske prosjektpartnarane. Arbeidet vil vere ein integrert del av aktivitetane ved Bergen Offshore Wind Centre.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha oppnådd norsk ph.d.-grad eller tilsvarande utdanning innanfor meteorologi, numerisk fluidmekanikk med fokus på vind, anvendt matematikk eller tilsvarande; eller ha levert doktoravhandlinga si til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Kandidaten må ha god kunnskap innan atmosfærisk grensesjiktdynamikk og WRF mesoskala modellering.
  • Kandidaten bør ha sterk kompetanse innan programmering (t.d. FORTRAN, Python, MATLAB, spesielt parallel databehandling på Linux og superdatamaskin).
  • Kandidaten bør ha kompetanse i signalbehandling og statistikk for å analysere modelldata og observasjonsdata.
  • Det er ein fordel at kandidaten har god kompetanse i å arbeide med vindmodeller og finskalamodellar som large eddy simulation (LES) verktøy til bruk innan vindenergi.
  • Erfaring med dataassimilering og relevante uvisseanalyser er ein fordel.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må ha gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg.
  • Kandidaten vere nysgjerrig og sjølvgåande og vere villig til å utforske og implementere nye metodar og idear.
  • Ettersom CONWIND er et samarbeidsprosjekt med Kina, ventar vi at kandidaten vil kunne delta på forskingsbesøk i Kina i løpet av prosjektperioden.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingsrøynsle, ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

Om postdoktorstillinga:

Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i vitskapelege toppstillingar. Om den som vert tilsett manglar undervisningserfaring og/eller annan kvalifiseringskompetanse, kan det verte aktuelt å auke tilsetjingsperioden til 3 år og 3 månader. Undervisning og anna pliktarbeid for instituttet vil i så høve bli lagt til som oppgåver i stillinga.

Etter tiltreding skal postdoktoren i samarbeid med rettleiar og instituttleiar utarbeide ein plan for kvalifiseringsarbeidet, inkludert framdriftsplan.

Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører de skisserte oppgaver i løpet av tilsetjingsperioden.

Vi tilbyr:

  • eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 60 (kode 1352/lønsramme 24, alternativ 4) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Dette utgjer ei årsløn på kr 532 300,- brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga.
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål. Dersom du enno ikkje har fullført doktorgraden må du levere ei stadfesting på at avhandlinga er levert.
  • relevante attestar
  • liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • relevante publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Førsteamanuensis Mostafa Bakhoday Paskyabi, Geofysisk institutt, Universitetet i Bergen, e-post: [email protected], tlf: +47 55 58 37 35

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Etter søknadsfrist vil det bli oppnemnt ein komité som skal vurdere søkjarane. Søkjarar har innsynsrett i omtalen av deira faglege kompetanse. Søkjarar som ønsker innsyn kan kontakte saksbehandlar etter mottak av brev om oppnemning av komité.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen