LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Ph.d.-stipendiat i kjeminformatikk og molekyldesign

Søknadsfrist: 01.11.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat i kjeminformatikk og molekyldesign

Ved Kjemisk institutt er det ledig ei stilling som ph.d.-stipendiat i kjeminformatikk og molekyldesign. Stillinga er knytt til eit tverrfagleg prosjekt i energiomstilling, og er finansiert av Universitetet i Bergen. Stillinga inneber tett samarbeid mellom Kjemisk institutt og Institutt for informatikk.

Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning). Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning).

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Prosjektgruppa lagar leiande kjeminformatikk-baserte metodar for molekyldesign. Desse metodane utviklar molekyl med ønska eigenskapar gjennom evolusjonære algoritmar. PhD-studenten vil arbeide i grenseflata mellom kjemi og informatikk, og vil gi designmetodane konkrete nye moglegheiter. Stipendiaten vil mellom anna dra nytte av maskinlæring (ei styrke i prosjektgruppa) for å gje raskare konvergens mot betre molekyl samt prinsipp for programdesign for å implementere dei nye metodane i effektive datamaskinprogram.)

Stipendiaten vil òg nytte dei nye metodane og programma for å føreseie nye katalysatorar for omdanning av nitrogen og vann til ammoniakk. Ammoniakk er basisen for gjødselproduksjonen som gjev grunnlaget for mykje av verdas matvareproduksjon. Ammoniakk er òg ein svært lovande karbonfri energiberar som kan hjelpe til med å redusere CO2-utsleppa særleg i transportsektoren. Prosjektet vil bidra til å realisere dette potensialet ved å identifisere katalysatorar for ein vassbasert, mild og berekraftig ammoniakkproduksjonsprosess som vil kunne erstatte den gjeldande energikrevjande produksjonsprosessen som slepp ut myke CO2.

Ein meir detaljert omtale av stillinga er tilgjengeleg.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande utdanning i kjemi eller andre disiplinar i molekylærvitskap eller materialvitskap (inkludert tverrfaglege felt som nanovitskap, bioinformatikk, og kjeminformatikk). Masterstudentar kan søkje dersom dei fullførar den endelege mastereksamen før 22.12.2021. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Søkjarar må ha bakgrunn frå klassisk eller kvantemekanikk-basert molekylmodellering, inkludert dokumentert erfaring i bruk av slik modellering.
  • Erfaring i modellering av transisjonsmetallsambindingar er ein føremon.
  • Erfaring eller opplæring i kjeminformatikk er ein føremon.
  • Søkjarar må ha erfaring i skriptprogrammeringsspråk (skriptspråk).
  • Erfaring i objektorientert programmering og programutvikling er ein føremon.
  • Erfaring i dataanalyse og/eller maskinlæring er ein føremon.
    • Den som vert tilsett må ha
    • Gode evner til kritisk tenking og skriving.
    • Evne til å arbeide strukturert og sjølvstendig, og til å samarbeide med andre.
    • Gode kunnskapar i både skriftleg og munnleg engelsk.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på.Ambisjonar og potensial for vitskapleg karriere vil også bli vurdert og gitt betydeleg vekt.

For stillinga gjeldt følgande:

Om stipendiatstillinga (gjeld universitetsstipendiatstillingar):Samla stipendperiode er 3 år, med høve til eit 4. år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning) fordelt med 25 % over tilsetjingsperioden. Dette avheng av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vert avgjort av instituttleiar ved tilsetjing.

Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om forskarutdanninga: Som ph.d. stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.

Omtale av rutinar for tilsetting og opptak til forskarutdanning vedteke av dei einskilde fakulteta

Vi tilbyr:

  • eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 54 (kode 1017 /LR20, alternativ 10) i det statlege lønnsregulativet. Dette utgjer ei årsløn på kr 491 200 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • CV
  • Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • Karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden din, kan du sende inn ei stadfesting frå institusjonen på forventa dato for oppnådd mastergrad. Mastergraden må vere dokumentert med karakterutskrift og/eller vitnemål, alternativt ei stadfesting frå gradsgjevande institusjon på fullført grad og oppnådd karakter, innan 22.12.2021).
  • Relevante attestar
  • Godkjend dokumentasjon på at du oppfyller krav til engelskkunnskapar (dersom påkravd, jfr. Krav til engelskkunnskaper ved opptak til ph.d.-programmet)
  • Eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • Eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til

  • Professor Vidar R. Jensen (Kjemisk institutt, telefon 55583489 / epost Vidar.Jensen@uib.no) eller
  • Førsteamanuensis David Grellscheid (Institutt for informatikk, telefon 55584147/ epost David.Grellscheid@uib.no)

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS