LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Ph.d.-stipendiat i fysisk oseanografi ved Geofysisk institutt

Søknadsfrist: 07.06.2022

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat

Ved Geofysisk institutt og Bjerknessenteret for klimaforsking er det ledig ei stilling som ph.d.-stipendiat i fysisk oseanografi. Stillinga er del av prosjektet «Climate Narratives» som har fleirfagleg samarbeid med biovitskapleg og samfunnsvitskapeleg forsking. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning).

Om prosjektet/arbeidsoppgåver

Doktorgradsstillinga er ein del av prosjektet «Climate Narratives» som vil bruke Diskobukta som studieområde for eit luft-is-hav system på Grønland. «Climate Narratives» vil auke vår forståing av klimaendringar på Grønland og i det sørvestlege Stillehavet, og dessutan arbeide for betre utveksling av kunnskap og data om klima med lokale samfunn. Det overordna prosjektmålet er å saman skape ny kunnskap for betre å kunne vurdere relevansen av fysiske og biologiske klimaendringar og deira samfunnsmessige konsekvensar. Det er to andre ph.d. stillingar i «Climate Narratives» som vil jobbe parallelt ved Institutt for biovitskap og ved University of the South Pacific.

Dette ph.d.-prosjektet vil fokusere på smelting av is og endringar i vind- og havstraumane knytt til global oppvarming i Diskobukta på Grønland. I Diskobukta går Jakobshavn-breen ut i havet, og har stor innverknad på sesongmessige variasjonar i hydrografi, sjøis og sirkulasjon i det lokale fjordsystemet. Dei lokale verkar og lever her, og nyttar Diskobukta til fiske og jakt. I prosjektet vil vi analysere tilgjengelege og nye observasjonar og vidare bruke numeriske simuleringar og teoretiske metodar. Dei tilgjengelege observasjonane er hydrografiske profilar frå lokale forskingsfartøy, helikopter og moglegvis frå havisen om vinteren. Prosessane av interesse inkluderer avrenning frå land, luft-hav-is interaksjon, sjøisvekst, transport av varmt atlantisk vann og relaterte biologiske prosessar i det pelagiske økosystemet.

Hovudrettleiar for ph.d.-stillinga vil vere professor Lars H. Smedsrud, og bi-rettleiar vil vere Øystein Varpe ved Institutt for biovitskap. Gjennom internasjonalt samarbeid, spesielt med institusjonar på Grønland og i USA, skal doktorgradsstudenten jobbe og samarbeide med ein rekke arktiske forskarar. Det er forventa at ph.d.-kandidaten tar aktivt del i dette samarbeidet gjennom deltaking på internasjonale møte og konferansar, og også er villig til å bruke tid i Ilulissat (Grønland), på eit lokalt forskingsfartøy, samt gjere feltarbeid på havisen om vinteren. Doktoranden vil ha tilgang til eit lag av fleirfaglege forskarar gjennom «Climate Narratives» prosjektet, og det vil bli oppmuntra til og lagt til rette for fleirfagleg samarbeid.

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande utdanning i fysisk oseanografi, meteorologi, klimadynamikk, fysikk, anvendt matematikk eller innan eit nærliggande fagområde. Alternativt må søkjaren ha levert masteroppgåva til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Ein god forståing av fysiske hav-is prosesser og erfaring med fysiske prosesser på høge breiddegrader er ein stor fordel.
  • Erfaring frå oseanografisk feltarbeid og vitskapeleg programmering (f.eks. Matlab, Python, etc.) inkludert analyse av numeriske simuleringar og målingar er ein fordel.
  • Erfaring frå skjeringspunktet mellom fysisk oseanografi og marinbiologi er ein fordel, samt ein tverrfagleg interesse for samfunnsvitskap og humaniora.
  • Søkjaren må kunne jobbe sjølvstendig og strukturert, og vise gode samarbeidsevner.
  • Søkjaren må meistre både skriftleg og munnleg engelsk, og ha gode kommunikasjonsevner.
  • Det er en fordel om søkjaren meistrar eit nordisk språk flytande. «Climate Narratives» og Geofysisk institutt har aktive oppsøkande prosjekter mot vidaregåande skoler i Norge og på Grønland.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane.

For stillinga gjeldt følgande

Om stipendiatstillinga

Samla stipendperiode er 3 år, med høve til eit 4. år beståande av pliktarbeid fordelt med 25 % over tilsetjingsperioden. Dette avheng av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vert avgjort av instituttleiar ved tilsetjing.

Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om forskarutdanninga

Som ph.d. stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 eller 4 år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.

Vi tilbyr

  • eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 54 (kode 1017 /LR20, alternativ 10) i det statlege lønnsregulativet. Dette utgjer ei årsløn på kr 491 200 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde

  • ei kort utgreiing (mindre enn en side) om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden må du levere ei stadfesting på at mastergradsoppgåva er levert.
  • relevante attestar
  • godkjend dokumentasjon på at du oppfyller krav til engelskkunnskapar (dersom påkravd, jfr. Krav til engelskkunnskapar ved opptak til ph.d.-programmet)
  • eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • professor Lars H. Smedsrud (lars.smedsrud@uib.no)

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert etnisk, alders- og kjønnssamansetning. Vi oppmoder derfor alle kvalifiserte kandidatar til å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS