LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Ph.d.-stipendiat i finskala modellering og modellevaluering av det atmosfæriske vasskretsløpet

Søknadsfrist: 14.08.2022

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat

Ved Geofysisk institutt er det ledig ei stilling som stipendiat i finskala modellrekning og modellevaluering av det atmosfæriske vasskretsløpet i Arktiske områdar. Stillinga er for ein åremålsperiode på 3 år, med høve til eit fjerde år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning). Stillinga er knytt til ERC Consolidator Grant prosjektet ISLAS (Isotopic Links to Atmospheric Water’s Sources), finansiert gjennom programmet EU-H2020.

Om prosjektet

Den sentrale målsetjinga i ISLAS-prosjektet er å forstå samanhengen mellom prosessar i det atmosfæriske vasskretsløpet. ISLAS-teamet har nyleg samla inn eit unikt, høgt oppløyst datasett frå forskingsfly og målingar på bakken, som speglar kretsløpet av vassdamp under kaldluftutbrott i arktisk område. Vi forsterkar no arbeidet med å talfeste betydinga av dei ulike prosessane i det atmosfæriske vasskretsløpet i numeriske modellar. Ein viktig reiskap i dette arbeidet er målingar av stabile isotopar i vassdamp og nedbør. Med å kombinera målingane våre med avanserte, nye diagnosemetodar ynskjer vi å avdekke og skilje mellom feilkjelder frå ulike prosessar i modellane, som igjen kan gi grunnlag til meir konsistente formuleringar av vasskretsløpet i numeriske modellar.

Vi søkjar nå etter ein engasjert og høgt kvalifisert stipendiat som blir del av vår dynamiske og samarbeidsorienterte prosjektgruppe. Som stipendiat i meteorologigruppa ved Geofysisk institutt ved Universitetet i Bergen vil du også vere knytt til Bjerknessenteret. Bjerknessenteret er det største naturvitskaplege forskingssenteret på klima i Norden og har eit bredt internasjonalt miljø med over 200 forskarar frå 37 land.

Arbeidsoppgåver

Kandidaten vil utvikle og bruke nye og avanserte diagnosereiskap til numeriske modellar. Eit spesifikk formål er å nytte modellutskrift for kvart tidsteg innanfor mindre modellområdar frå finskala modellar for å kunne direkte samanlikne med målingar. Andre diagnosereiskap er Lagranske transportmodellar, Eulerske vassdamp tracers, og isotop-utrusta vêr og klimamodellar. Målsetjinga er å identifisere frå vêrhendingar frå ISLAS feltarbeidet og sensitivitetsstudiar korleis ulike atmosfæriske prosessar (fordamping, blanding, og skymikrofysikk) bidrar til endingar i atmosfærisk vassdamp. Kandidaten vil derfor arbeide med en lang rekkje av måledata, inkludert flymålingar og bakkeobservasjonar frå Arktiske områdar. Ph.d. stillinga opnar opp moglegheiter til å bruke sin eigen kreativitet til å utforske data frå måleinstrument og modellar. Arbeidet krev derfor tett samarbeid med medarbeidarar i prosjektet og andre samarbeidspartnarar.

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande i meteorologi, klimadynamikk, environmental science, eller eit anna relevant fag. Masterstudentar kan søkje dersom dei har levert masteroppgåva til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Å vise entusiasme for å forstå korleis vêr- og klimamodellar er bygd opp og verkar er eit krav.
  • Ekspertise innan vitskapeleg scripting, programmering og dataanalyse (f. eks. Python, Matlab, R, C++, FORTRAN) er eit krav.
  • Gode kunnskapar i engelsk, både skriftleg og munnleg, er eit krav.
  • Evne til å kunne arbeide sjølvstendig og strukturert er eit krav.
  • Evne til å arbeide under rettleiing og med andre er eit krav.
  • Evne til å kommunisere aktivt og samarbeide i ei større gruppe er eit krav.
  • Erfaring med LINUX omgjevnadar og store datasett er ein føremon.
  • Erfaring med Lagranske og Eulerske modelldiagnostikk er ein føremon.
  • Erfaring frå meteorologisk feltarbeid i arktiske områder er ein føremon.
  • Erfaring med undervisning og formidling av kunnskap er ein føremon.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

For stillinga gjeldt følgande

Om stipendiatstillinga

Samla stipendperiode er 3 år, med høve til eit 4. år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning) fordelt med 25 % over tilsetjingsperioden. Dette avheng av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vert avgjort av instituttleiar ved tilsetjing. Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om forskarutdanninga

Som ph.d. stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.

Vi tilbyr

  • eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 54 (kode 1017 /LR20, alternativ 10) i det statlege lønnsregulativet. Dette utgjer ei årsløn på kr 501 200,- brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet.
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • eit forskingssamandrag på lengde av ein A4-side, som skildrar arbeidet med masteroppgåva og erfaringa med numeriske modellar.
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden din, må du sende inn ei stadfesting frå institusjonen på forventa dato for oppnådd mastergrad.
  • relevante attestar
  • godkjend dokumentasjon på at du oppfyller krav til engelskkunnskapar (dersom påkravd, jfr. Krav til engelskkunnskaper ved opptak til ph.d.-programmet)
  • eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Prof. Harald Sodemann, Geofysisk institutt, Universitetet i Bergen, epost: [email protected], tel.: 55 58 29 74

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS