LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Utviklar Digital læringsplattform - Overingeniør

Søknadsfrist: 15.08.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Sentraladministrasjonen gjev råd og bistand til leiing og fakultet ved Universitetet i Bergen.

Sentraladministrasjonen er organisert i sju avdelinger. Les meir om IT-avdelinga her.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Utviklar Digital læringsplattform - Overingeniør

IT-avdelinga ved UiB er eit av dei største IT-miljøa på Vestlandet.

Vi leverer eit breitt spekter av IT-tenester innan utvikling, drift, forvaltning og brukarstøtte. Vi er ein kunnskapsrik og engasjert organisasjon med deltaking i spennande aktivitetar innanfor heile UiB si verksemd og med brei kontakt med brukarane ved universitetet. Vi har eit stort mangfald av teknologiar, kompetanse og nasjonalitetar.

IT-avdelinga har om lag 110 tilsette, i tillegg til lærlingar og deltidstilsette studentar. Avdelinga vil ha ei produktbasert tilnærming til våre leveransar. Den jobben har så vidt starta, og vi inviterer til å ta del i den vidare utviklinga.Med auka behov til brukarvenlege og stabile digitale løysingar til undervisning og læring søkjer IT-avdelinga ein systemutviklar til produktgruppa digitalt læringsmiljø. Vi jobbar saman som eit team med stor bredde i arbeidsoppgåvene, og no er vi ute etter ein person som kan utfylle teamet vårt og styrke kompetansen fagleg, teknisk og metodisk.

Arbeidsoppgåver:

  • Du inngår som utviklar i eit produktteam som jobbar tett saman om løysingar innanfor digitalt læringsmiljø og andre studentretta tenester.
  • Di hovudoppgåve vil vere å delta i nyutvikling og vidareutvikling av UiB sine løysingar, både eigenutvikla og hyllevare, med spesielt fokus på frontend-utvikling og integrasjonar.
  • Du og produktteamet må gjennom dialog med brukarar og tenesteeigarar i og utanfor avdelinga forstå brukarane sine behov og omsetje dei til oppgåver.
  • Du og produktteamet vil ha det tekniske ansvaret for ei løysing frå konsept til drift i samråd med produkteigar og i samspel med andre relevante IT-ressursar frå avdelinga
  • Bidra til å vidareutvikle produktområdet digitalt læringsmiljø og øvrig fagmiljø ved IT-avdelinga

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Du må ha høgare utdanning på mastergradnivå innan relevant fagområde. Bachelorgrad og/eller relevant realkompetanse kan erstatte krav om mastergrad.
  • Du må ha erfaring frå utvikling av webapplikasjonar med kompetanse på linuxplattform for utvikling og publisering
  • Erfaring med ein eller fleire av følgande er ein fordel: PHP, JavaScript, Python og LTI, gjerne med kompetanse på rammeverka Vue, React, Laravel eller Angular
  • Erfaring med container-teknologi som Docker og Kubernetes er ein fordel
  • Du kjenner til krav til universell utforming av IT-løysingar og er gjerne interessert i open kjeldekode
  • Ha interesse for smidig metodikk og problemløysing
  • Ha interesse for læringsteknologi
  • Har gode kommunikasjonsevner munnleg og skriftleg på norsk og engelsk

Vi søkjer deg som:

  • Er ein lagspelar som deler sin kompetanse og ser verdien av å gjere andre gode
  • Tar initiativ, er nysgjerrig og har evne til å skaffe seg naudsynt kompetanse
  • Viser interesse for å finne dei gode og enkle løysingane i samspel med brukarar, systemeigarar og eige team
  • Er arbeidsvillig og har gjennomføringsevne
  • Kan jobbe sjølvstendig, strukturert og er kvalitetsbevisst med auge for detaljar

Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Ein kunnskapsrik og engasjert organisasjon med deltaking i mange spennande aktivitetar og brei kontakt med brukarane ved universitetet.
  • Moglegheit for vidareutvikling og kompetanseheving.
  • Stilling som overingeniør (kode 1087) i ltr 57-65 (for tida kr. 516 100 - 594 300 brutto) i Statens regulativ etter kvalifikasjonar. For spesielt kvalifiserte søkarar kan det verte aktuelt med høgare løn
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Fleksitid og gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Produktleiar Karianne Omdahl (karianne.omdahl@uib.no, mobil 41 41 33 68) eller
  • Underdirektør Cecilie Ohm (cecilie.ohm@uib.no, mobil 46 47 46 44)

Dei som blir tilsett kan få andre arbeidsoppgåver innan avdelinga sine arbeidsområde.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS