Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Prosjektleiar (overingeniør) ved Eigedomsavdelinga

Søknadsfrist: 21.02.2020

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Sentraladministrasjonen gjev råd og bistand til leiing og fakultet ved Universitetet i Bergen. Sentraladministrasjonen er organisert i sju avdelinger. Les meir om eiendomsavdelinga her.

Prosjektleiar (overingeniør) ved Eigedomsavdelinga

Ved Eigedomsavdelinga, Prosjekt er det ledig ei fast 100 % stilling som prosjektleiar. Prosjekt har det administrative ansvaret for gjennomføring av nybygg, ombyggingar, rehabilitering og vedlikehaldsprosjekt ved UiB.

Vi søker etter ein dyktig, erfaren og engasjert prosjektleiar. Som byggherrerepresentant vil prosjektleiar få ansvar for planlegging og gjennomføring av tverrfaglege ombyggings- og rehabiliteringsprosjekt. Prosjekta har eit vidt spenn, både i omfang og kompleksitet.

Arbeidsoppgåver:

Stillinga rapporterer til seksjonssjef ved Prosjekt og vil ha følgjande arbeids- og ansvarsområde:

• Planlegging og oppfølging av byggeprosjekt

• Prosjekt- og byggeleiing

• Oppfølging av rådgjevarar og entreprenørar

• Kontraktsoppfølging, endringshandtering m.m.

• Framdriftsplanlegging og oppfølging

• Økonomiansvar og statusrapportering i byggeprosjekta

• Ansvar for sikkerheit, helse og arbeidsmiljø (SHA) i samsvar med Byggherreforskrifta

Kvalifikasjonar:

Søkjaren må ha:

• Relevant høgare utdanning gjerne Bacelornivå/ingeniør tilpassa dei oppgåvene stillingen skal dekke, fortrinnsvis byggfag. Lang og relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan kompensere for manglande utdanningsnivå• Relevant erfaring frå dei områda stillinga skal dekke

Søkjaren bør ha:

• Erfaring med ombygging og rehabilitering av verna bygg er ein fordel

• Gode datakunnskapar og kjennskap til IT-system for prosjektstyring og byggeleiing

• God evne til å kommunisere munnleg og skriftleg på norsk

• God økonomiforståing

• Det er ein føremon at søkjar har kunnskap om regelverket for offentlege innkjøp

Eigenskapar:

Vi ser etter ein person med:

• Evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert

• Evne til å prioritere oppgåver og vere leveransedyktig

• Evne til å ta initiativrik og vere løysingsorientert

• Evne og vilje til å bidra til utvikling av rutinar og samarbeid ved avdelinga• God serviceinnstilling

• Gode samarbeidsevner

Vi tilbyr:

• Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø med varierte og utfordrande arbeidsoppgåver

• Eit inspirerande, inkluderande og triveleg arbeidsmiljø

• Stilling som overingeniør (kode 1087) i lønnsteg 70-80 (for tida kr 640 200 - 813 400) det statlege lønsregulativet avhengig av kvalifikasjonar og bakgrunn.

For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.

• Gode velferdsordningar

• Medlemsskap i Statens Pensjonskasse

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Seksjonssjef Kjartan Nesset, mobil 95912831, e-post: kjartan.nesset@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Det blir gjennomført forsøk med anonyme søknader i staten. Anonymisering av søknader skal gjelde den første utsilingsfasen av kandidatar som er aktuelle for intervju. Forsøket skal evaluerast av Difi, som behandlar anonyme opplysningar av tilsetjingsprosessen, og det blir utarbeidd statistikk over resultata av forsøket. Opplysningar om enkelpersonar blir ikkje levert ut til andre i samband med forsøket og evalueringa, men reglane om innsyn i offentleg søkjarliste og utvida søkjarliste gjeld

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS