LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Overingeniør tekstil - trykk (20 %) - Fakultet for kunst, musikk og design (KMD)

Søknadsfrist: 14.12.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Fakultet for kunst, musikk og design består av tre institutt. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Overingeniør tekstil - trykk (20 %)

Ved Fakultet for kunst, musikk og design (KMD) er det ledig ei 20% fast stilling som overingeniør innan fagområdet tekstil - trykk. Det er ønskeleg med oppstart i januar 2022.

Arbeidsoppgåver:

Saman med overingeniør tilsett i 50 % stilling på trykk – vev, har ein ansvar for drifta av dei ulike tekstile verkstadene, og saman med kunstnarleg/vitskapleg stab legge til rette for høg kvalitet i utdanningstilbodet til studentane ved fakultetet.

I stillinga inngår drift og ansvar for utstyr og fasilitetar på fakultetets tekstile trykk- verkstad samt HMS, medrekna:

  • Drift, vedlikehald og organisering av verkstaden
  • Teknisk rettleiing og støtte til studentar og fagpersonale
  • Innkjøp og sal av material samt utlån av utstyr
  • Bidra til utvikling og oppgradering av verkstaden i samarbeid med professorar, fagstab og verkstadleiar
  • Halda seg orientert om nye teknikkar og utstyr ved å delta på nødvendige kurs m.m.
  • Planlegge og strukturere tilgang på verkstaden i samarbeid med fagstab på institutta

Kvalifikasjonar:

  • Utdanning på mastergradnivå. Lang, relevant praksis, kombinert med relevant etter- og vidareutdanning, kan i særskilte høve kompensera for manglande formell utdanning.
  • Dokumentert erfaring med trykk- og fargeprosesser for tekstil og tekstilmaterialer
  • Dokumentert erfaring med teknikker som silketrykk og tekstilmaling
  • Gode kunnskaper om tekstilmaterialer, fargestoffer, kjemikalier, fiksering og etterbehandling.
  • Arbeidserfaring med standard materialer og utstyr
  • Det er ein fordel med erfaring innan fagfelta i verkstaden, inkl. blanding og klargjering av trykkpasta
  • Det er ein fordel med erfaring frå teknisk støttearbeid
  • Det er ein fordel med erfaring frå opplæring/undervisning
  • Søkar bør ha god evne til å kommunisere skriftleg og munnleg både på norsk og engelsk
  • God administrativ IT-kompetanse og generell kompetanse i data

Personlege eigenskapar:

  • Serviceinnstilt, omgjengeleg og fleksibel
  • Evne til å arbeida effektivt, nøyaktig og ryddig
  • Vere flink til å handtere fleire utfordringar samtidig
  • Kvalitetsbevisst og resultatorientert
  • Vere løysings- og samarbeidsorientert, men samtidig kunne arbeide planmessig og sjølvstendig
  • Bidra til eit godt arbeidsmiljø og samarbeidsklima

Ved vurdering av kandidatane vil vi leggje vekt på personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga.

Vi tilbyr:

  • Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver i eit spanande og internasjonalt fagmiljø
  • Moglegheit for vidareutvikling og kompetanseheving
  • Stilling som overingeniør (kode 1087) i lønssteg 53 - 58 (for tida kr 483 700 - 524 900 ) i det statlege lønsregulativet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Søknaden skal innehalde:

  • Søknadsbrev der du seier noko om din motivasjon for stillinga, kvifor du søker og kvifor du passar til stillinga
  • CV
  • Attestert kopi av vitnemål og relevante attestar
  • To referansar (namn og kontaktinformasjon)

Søknadane vert vurdert med den informasjonen og dokumentasjonen som ligg i JobbNorge når søknadsfristen går ut.

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Seksjonssjef Heine Bringe, e-post: heine.bringe@uib.no, mobil: (+47) 92454144

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS