Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Overingeniør (mellombels) - Institutt for geovitskap (GEO)

Søknadsfrist: 02.03.2020

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Overingeniør

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Ved Institutt for geovitskap (GEO) er det ledig ein mellombels stilling (50%) som overingeniør. Stillinga har ei varigheit på 10 månadar og er knytt til prosjektet "HyPOD" (2019-2023, prosjektleiar: Eoghan Reeves), som er finansiert av Norges forskningsråd.

Eit hovudtema for prosjektet, som stillinga vert knytt opp mot, er å eksperimentelt avgjere kva slags organiske molekyl som er generert ved pyrolyse av mikrobielt/biologisk organisk materiale under hydrotermale forhold. Stillinga som overingeniør vil difor involvere dyrking av mikroorganismar til eksperimentell bruk innan prosjektet HyPOD. Overingeniøren vil vere tilknytt K.G. Jebsen senter for djuphavsforskning, som fokuserer på tverrfagleg forsking i arktiske djuphavsmiljø.

Arbeidsoppgåver

  • Dyrking av anaerobe kjemolitoautotrofe mikroorganismar (bakteriar og arkéer)
  • Høsting av cellemateriale under sterile og anaerobe forhold
  • Bruk av gasskromatografi for måling av metankonsentrasjon
  • Lysmikroskopi
  • Bygning av relevant eksperimentelt utstyr

Kvalifikasjonar

  • Søkjarar må ha utdanning på master- eller doktorgradsnivå innan mikrobiologi eller tilsvarande relevant utdanning
  • Søkjarar må ha erfaring i dyrking av anaerobe mikroorganismar
  • Det er ein føremon med erfaring i bruk av gasskromatografi for måling av mikrobielle prosesser
  • Personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga vil bli vektlagt

Personlege eigenskapar

  • Evne til å arbeide sjølvstendig og løysings- og resultatorientert
  • Positiv innstilling til arbeid i felt under varierande forhold
  • Nøyaktigheit i arbeid på laboratoriet
  • Evne og vilje til å tileigne seg ny kunnskap
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner

Vi tilbyr

  • spennande og varierte arbeidsoppgåver i eit internasjonalt anerkjent fagmiljø
  • moglegheiter for fagleg og personleg utvikling og deltaking i feltarbeid, både lokalt og internasjonalt.
  • arbeid i ei fagleg god og sosialt velfungerande faggruppe
  • løn som overingeniør (kode 1087) i lønssteg 57-61 etter tenesteansiennitet og kvalifikasjonar (for tida utgjer dette 504 700,- – 542 400,-). For spesielt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde

  • søknadsbrev der du seier noko om din motivasjon for å søkje og kvifor du passer til stillinga
  • namn og kontaktinformasjon til to referansar

Send søknad med CV, vitnemål og attestar elektronisk via ved å klikke på knappen merkt «SØK STILLINGA» på denne sida. Søknader sende på e-post vil ikkje verte vurderte.

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan en få ved å vende seg til:

  • Førsteamanuensis Eoghan P. Reeves, e-post: eoghan.reeves@uib.no, tlf. 55 58 87 53

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Personar med innvandrarbakgrunn vert oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Den som vert tilsett må rette seg etter dei retningslinjene som til kvar tid gjeld for stillinga.

SØK STILLINGA

Powered by Labrador CMS