Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Overingeniør
Ved Det medisinske fakultet, Klinisk institutt 1, er det ledig ei stilling som overingeniør for ein periode på 3 år, med moglegheit for forlenging. Stillinga er finansiert av Noregs Forskningsråd. Overingeniøren vil arbeide ved forskingssenteret Neuro-SysMed som har areal på Haukeland universitetssjukehus. Prosjektet har førebels finansiering for tre (3) år.
Om Neuro-SysMed
Neuro-SysMed er eit forskingssenter for klinisk behandling i nevrologi, med Haukeland Universitetssjukehus og Universitetet i Bergen som vertskap. Senteret er leia av professor Kjell-Morten Myhr (senterleiar og ansvarleg for multippel sklerose) og professor Charalampos Tzoulis (vise-senterleiar og ansvarleg for nevrodegenerasjon). Neuro-SysMed gjennomfører grensesprengande klinisk forsking, med ambisjon om å finne og prøve ut effektiv behandling for: Parkinsons sjukdom (PD), fleire formar for demens inkludert Alzheimers sjukdom (AD), multippel sklerose (MS) og amyotrofisk lateral sklerose (ALS). At vi kan tiltrekkje oss, og behalde arbeidstakarar med høg kompetanse er ein fundamental føresetnad for vidare suksess i senteret.
Vi søkjer etter ein dedikert overingeniør som skal arbeide hovudsakeleg med massecytometri av celler i suspensjon (Helios) og vev (Hyperion). Vi tilbyr ein unik mogelegheit for ein teknikar til å bli med i forskingssenteret Neuro-SysMed. Du vil jobba saman med ein tverrfagleg gruppe av forskarar, med ekspertise på klinisk, molekylær og datateknisk nevrovitskap.
Arbeidsoppgåver:
Massecytometri av celler i suspensjon – CyTOF – Helios plattforma. Spesifikke oppgåver vil omfatte henting og klargjering av blodprøver til massecytometri analyser
Imaging massecytometri av vev – Hyperion-plattforma. Spesifikke oppgåver vil omfatte henting og klargjering av vev for analyser
Etablering of massecytometri antistoff-panel og antistoff validering
Etablering av massecytmetry laboratorium pipelines for kliniske studiar innan MS
Organisering av biobank til massecytometri for kliniske studiar innan MS
Regelmessige møter med MS- forskingsgruppa ved laboratoriet i Neuro-SysMed for å organisere arbeidsbelastning og teknisk støtte for god gjennomføring av forskingsaktivitetar, vedlikehald av fasilitetar og utstyr.
Presentere resultat og / eller data til MS-forskingsgruppa ved laboratoriet i Neuro-SysMed. Halde nøye dokumentasjon over alle gjennomførte prosedyrar og utfall, for tolking med andre forskarar.
Når passande, gi støtte og trening til akademiske og tekniske medarbeidarar og studentar, på spesifikke eksperimentelle teknikkar, og i bruken av spesialisert laboratorie-utstyr
Bistå med å koordinere vitskaplege møter
Det kan verte aktuelt å leggje andre oppgåver til stillinga.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Søkjar må ha mastergrad innanfor molekylær biologi eller tilsvarande fag.
Erfaring i cellebiologi, massecytometri og immunologi ved MS
Erfaring med praktisk bruk av Helios og/eller Hyperion-plattforma
Erfaring med massecytometri laboratorium pipelines
Gode munnleg og skriftlege norskkunnskapar, samt flytande engelsk, skriftleg og munnleg, på et teknisk / vitskapeleg nivå
Føremonn med:
Erfaring med nevroimmunologiske studiar, særleg innan MS
Erfaring med preparering av blod og vev for massecytometri analyser
Erfaring med handsaming av biologiske prøvar frå kliniske studiar, slik som immunceller ifrå blod, isolering av celler frå ryggmargsvæske, osv.
Erfaring med hjernevev (humant eller dyremodellar)
Vi søkjer ein person som:
er god på å kommunisere og har gode samarbeidseigenskapar, men kan også jobbe sjølvstendig og er god på problemløysing
er nøye og har fokus på detaljar
er villig til å ta ansvar for prosessar og følger dei til dei er fullførd
visar initiativ og har høg arbeidskapasitet
er i stand til å motivere andre og etablere samarbeid på tvers av miljø
er fleksibel og innstilt på å hjelpe
er systematisk og analytisk
er villig til å gjere seg kjend med nye emne og områdar
er god på å arbeide strategisk, strukturert og med sikte på fristar
Ved vurdering av søkjaren vil vi leggje stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.
Vi tilbyr:
Eit spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt arbeidsmiljø
Stilling som overingeniør (kode 1087) i lønssteg 53-57 (for tida kr 483 700 - 516 100). For særs kvalifisert søkjar kan høgare løn vurderast.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.