Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Overingeniør - Institutt for biomedisin

Søknadsfrist: 08.03.2020

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Overingeniør

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Ved Institutt for biomedisin, kjernefasiliteten for proteomikk (PROBE) er det ledig ei fast 100% stilling som overingeniør.

Om stillinga/prosjektet:

Proteomikkplattforma ved Universitetet i Bergen (PROBE) vart etablert i 2004 og fungerer som ei kjernefasilitet for proteomikkanalysar for forskingsgrupper i Noreg. PROBE er lokalisert på Institutt for biomedisin. Omtrent 40 ulike prosjekt brukar PROBE kvart år for å få utført proteomiske analysar. Analysane grunnar seg på avansert prøveopparbeiding og massespektrometri. PROBE har tre massespektrometere som nyttast i dette arbeidet (Q-trap 5500, Orbitrap ELITE and Q-Exactive HF). PROBE har i dag ein fast stab med to professorar og to ingeniørar, i tillegg til ph.d. studentar, postdoktorar, forskarar og lågare gradsstudentar som arbeider i forskingsprosjekt innan proteomikk og bioinformatikk.

Dei mest brukte analytiske metodane i dag er: (1) Shotgun proteomics, som inkluderar label-free, TMT, og SILAC basert protein kvantifisering. (2) Målretta proteomikk, som inkluderer parallell reaction monitoring (PRM) og selected reaction monitoring (SRM). (3) Analysar av posttranslasjonelle modifikasjonar, inkludert glykosylering og fosforylering.

Software som nyttast er blant anna MaxQuant, PD og Skyline. Stillinga vil i stor grad vere knytt til oppgåver relatert til servicearbeid og prosjekt på PROBE, samt drift av instrument.

Arbeidsoppgåver:

  • Stillinga inneber fagansvar og spesialfunksjonar ved PROBE som sjølvstendig ansvar for avanserte driftsoppgåver, formidlingsoppgåver og kvalifiserte utviklingsoppgåver knytt til service og forsking.
  • Stilliga inneber ansvar for dagleg vedlikehald av massespektrometere og HPLCer ved PROBE, som til dømes kalibrering, oversyn med maskina og grunnleggande vedlikehald.
  • Arbeidet inneber også utføring av service og forskingsoppdrag som til dømes opparbeiding av biologiske prøver med ulike proteomikk metodar, analyse av prøvane på massespektrometrane, og bioinformatisk analyse av data.
  • Andre oppgåver vil til dømes være bestilling av materiell som trengs i laboratoriet, kommunikasjon med brukarane av PROBE samt etablering av nye proteomikk metodar.

Det kan verte aktuelt å leggje andre oppgåver til stillinga.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjar må ha mastergrad innanfor relevant fagområde. Lang, relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning.
  • Det er eit krav med betydeleg praktisk erfaring innan proteomikk og massespektrometri baserte analysar.
  • Det vert særs vektlagt erfaring og kompetanse innan bioinformatikk relatert til analyse av dataene frå metodane beskrive over.
  • Det er ønskeleg at kandidaten har erfaring frå flest mogleg av metodane som brukas ved PROBE og med arbeidsoppgåvene slik som dei vert beskrive over.
  • Den som vert tilsett skal delta i drift av både dagens og framtidige metodar og instrument, samt delta i utviklinga og implementeringa av nye metodar. Det vil verta vektlagt om søkjaren har erfaring som er relevant opp mot slikt arbeid.
  • Personlege eigenskapar vil verte vektlagt. Kandidaten må kunne jobbe godt både aleine og saman med andre, arbeide nøyaktig og ansvarsfullt og vere motivert for arbeidet. Det er viktig å kunne kommunisera godt med brukarane av PROBE og med dei andre som arbeidar ved PROBE.
  • Det vert satt krav om gode språkkunnskapar i engelsk og god evne til å kommunisere munnleg og skriftleg. Det vil også vere ein fordel om kandidaten kan kommunisera på norsk.

Vi søkjer ein person som:

  • har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • har digital kompetanse og evne til å tileigne seg nye ferdigheiter har god evne til å arbeide nøyaktig, strukturert.

Ved vurdering av søkjaren vil vi leggje stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.

Vi tilbyr:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • stilling som overingeniør (kode 1087) i lønssteg 53-57 (for tida kr 472 000 - 504 700). For særs kvalifisert søkjar kan høgare løn vurderast.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • PROBEs leiar, Frode Berven, tlf.: +47 55 58 67 43, e-post: frode.berven@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS