LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Overingeniør - Geofysisk institutt

Søknadsfrist: 18.12.2020

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Overingeniør

Ved Geofysisk institutt er det ledig ei fast fulltidsstilling som overingeniør. Stillinga er knytt til eksternt finansierte forskingsprosjekt.

Den ledige stillinga er tilknytta bruk av autonome undervasssfarkostar og data frå målingar utført av desse. Glidere er fjernstyrte undervassfarty som kan bevege seg i havet i fleire månader i strekk og utføre vitskapelege målingar ned til 1000 m djup. Geofysisk institutt (GFI) ved UiB opererer ei flåte av glidere som består av 5 Seaglidere (Hydroid, tidligere Kongsberg) og 6 Teledyne Webb Slocum glidere som opererer i Nordiske havområder (Norskehavet, Grønnlandshavet og Islandshavet), Framstredet, Barentshavet og enkelte gonger i Sørishavet. Vi søkjar ein dyktig teknikar som vil få hovudansvar for Seaglider.

GFI har teknisk ekspertise til å førebu, vedlikehalde og operere begge typar av glidere, samt koordinere pilotering av glidere. Normalt er våre glidere utstyrt med sensorar for å måle temperatur, konduktivitet, trykk og oppløyst oksygen, nokre gongar også andre optiske sensorar. I framtida vil vi òg vurdere å inkludere biogeokjemiske sensorar.

Operasjonsområdene omfatter djuphavsbasseng, område med skråning og grensestraumar, konvektive område og område nær iskant. Den som vert tilsett forventast å bidra med prosessering og analyse av data, samt oppgåver relatert til forsking.

Arbeidsoppgåver:

  • Klargjering og vedlikehald av glidere
  • Planlegging, pilotering og gjennomføring av andre glider-operasjonar
  • Kontakt med leverandørar
  • Deltaking ved utsetjing og opptak av glidere
  • Innkjøp
  • Opplæring av nye pilotar
  • Dataprosessering og rapportering
  • Bidra til forskningsaktivitet med data innsamlet frå glidere
  • Assistere ved andre oppgåver innan fysisk oseanografi

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Den som vert tilsett må

  • ha høgare utdanning frå universitet eller høgskule innan relevante fagområder slik som oseanografi, instrumentering eller liknande.
  • ha erfaring med bruk av glidere frå Hydroid/Kongsberg.
  • harfaring frå toktverksemd
  • ha dokumentert kunnskap innan fysisk oseanografi.
  • må fylle krava til å få helseattest for sjøfolk
  • Ha førarkort for bil
  • meistre norsk eller eit anna skandinavisk språk, i tillegg til engelsk munnleg og skriftleg. Ikkje-skandinave søkjarar pliktar å lære seg norsk innan to år etter tilsetjing.
  • ha høg motivasjon og arbeidskapasitet ogevne til å arbeide med korte tidsfristar

Det er ein føremon om søkjar har

  • erfaring med vedlikehald av glider/instrumentering
  • erfaring med Slocum-glidere
  • erfaring med programmering
  • erfaring med annan oseanografisk instrumentering
  • evne til å arbeide sjølvstendig, strukturert og resultatorientert
  • evne og motivasjon til å lære nye ting
  • gode kommunikasjonsevner og evner til å arbeide i team

Vi tilbyr:

  • eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø.
  • stilling som overingeniør (kode 1087) i lønnstrinn 55 - 62 (for tiden kr 490 600 – 555 800) i det statlige lønnsregulativet. For særskilt godt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast .
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Professor Ilker Fer, ilker.fer@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Den som blir tilsett må rette seg etter retningslinene som til enhver tid gjeld for stillinga.

Det gjennomførast forsøk med anonyme søknadar i staten. Anonymiseringa av søknadar skal gjelde den fyrste utsilingsfasen av aktuelle kandidatar som er aktuelle for intervju. Forsøket vil bli evaluert av Difi, som behandlar anonyme opplysningar om tilsetjingsprosessen, og det blir utarbeida ein statistikk over resultatet av forsøket. Opplysningar om enkeltpersonar vil ikkje bli utlevert til andre i samband med forsøket og evalueringa, men reglene om innsyn i offentleg søkjarliste og utvida søkjarliste gjeld.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS