LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Konservator (bokkonservator) - Universitetsbiblioteket (UB)

Søknadsfrist: 04.11.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Universitetsbiblioteket (UB) yter tenester til forsking, undervisning, formidling og vitskapleg publisering ved Universitetet i Bergen. UB gjev studentar og vitskapleg tilsette tilgang til kunnskapskjelder, og gjev undervisning og rettleiing som har som mål å heva deira informasjonskompetanse. Vidare utviklar og driftar UB digital forskingsinfrastruktur, med særleg vekt på tenester som fremmar open vitskap. Les meir om UB her.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Om stillinga:

Ved Universitetsbiblioteket (UB) er det ledig ei fast 100 % stilling som konservator/bokkonservator (overingeniør 1087). Stillinga er for tida knytt til Seksjon for spesialsamlingar, og den tilsette vil arbeide med oppgåver knytt til universitetets «Prosjekt Sikre samlinger». Seksjonen forvaltar og formidlar kulturhistorisk viktige samlingar som fotografi, antikvariske bøker, manuskript- og arkiv, avissamlingar og kart. Ei av samlingane står på UNESCOs Memory of the World liste, fleire andre er del av Norges dokumentarv.

Arbeidsoppgåver:

  • Bidra til kartlegging av museale samlingar
  • Vurdere behov for konservering, pakking og sikringsdigitalisering av enkelte objekt
  • Delta i arbeidet med følgjande oppgåver knytt til organisering, pakking og flytting av samlingar av bøker, fotografiar og andre materialtypar:
    • Registrering
    • Dokumentasjon
    • Bokkonservering og -binding
    • Pakking og utflytting
    • Vurdering av klimatiske forhold i magasinareal
    • Innflytting og organisering i nytt magasin
  • Ytterlegere arbeidsoppgåver kan bli pålagt i tråd med utvikling og behov knytt til "Prosjekt Sikre samlinger».

Prosjektet er omfattande og arbeidsoppgåvene varierte.

Til tider vil arbeidet vere fysisk og tidsmessig krevjande, og søkjarar må ikkje vere overfølsame for kjemikaliar og/eller støv.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Godkjend konservatorutdanning med spesialisering i bokkonservering
  • Solid praktisk erfaring
  • Må ha praktisk erfaring frå flytting/ombygging, gjerne frå bibliotek-, arkiv-, eller museumssektoren
  • Må ha gode evner til å planlegge og gjennomføre konserveringsprosjekt for større boksamlingar
  • Høg arbeidskapasitet
  • Strukturert, fleksibel, service- og resultatorientert
  • Positiv, initiativrik og med evne til å kunne arbeide sjølvstendig og som del av eit fleirfaglig team
  • God munnleg og skriftleg kommunikasjonsevne på norsk (eller skandinaviske språk) og engelsk for både administrative- og formidlingsformål

Det vil bli lagt vekt på søkjaranes personlege eigenskapar ved tilsetting.

Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer.
  • Spennande og motiverande kontakt med fagmiljø ved UiB.
  • Løn som overingeniør etter lønssteg 55-59 (kode 1087) i det statlege lønsregulativet. Dette utgjer for tida kr 499 500 – 534 400. For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
  • Fleksibel arbeidstid.
  • Medlemskap i Statens Pensjonskasse.
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å venda seg til:

  • Fagleg leiar Alexandros Tsakos, tlf. 55588832, e-post: alexandros.tsakos@uib.no eller
  • Seksjonsleiar Bjørn-Arvid Bagge tlf. 98853148/55582572, e-post: bjorn.bagge@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS