LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

HMS Koordinator (Overingeniør / Rådgjevar)

Søknadsfrist: 07.10.2022

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Sars internasjonale senter for marin molekylærbiologisk forsking (Sarssenteret) held til på Marine­holmen campus saman med biofaglege miljø knytt til Universitetet og andre forskingsinstitusjonar. Senteret er organisert som eit uavhengig forskingssenter plassert innanfor det Matematisk-naturfaglege fakultet og partner med European Molecular Biological Laboratory (EMBL) i Heidelberg, Tyskland. – Les meir her.

HMS Koordinator:

Ei fulltidsstilling som HMS Koordinator (Overingeniør, kode 1087/ Rådgjevar, kode 1434) er ledig i Sarssenteret si administrasjon frå november 2022. Den administrative staben ved Sarssenteret tilbyr generell administrativ støtte inkludert økonomisk-, personal-, kommunikasjons- og HMS-relaterte tenester for senterets leiing og forskarar; i dag omtrent totalt 70 tilsette og gjestar. HMS-koordinatorens rolle er å hjelpe Sars-leiinga med å oppfylle sitt HMS-ansvar. Vi søker ein sjølvstendig, strukturert og samarbeidsvillig person med ansvar for å planleggje, organisere og administrere rutinar ved Sarssenteret som understøttar Universitetet i Bergen sitt mål og krav angåande helse, miljø og sikkerheit. Den som innehar denne stillinga vil ha varierte oppgåver innan HMS, samt senteromfattande tekniske og administrative støtte oppgåver. Stillinga rapporterer til administrasjonssjefen.

Arbeidsoppgåver:

  • Fungere som rådgjevar for leiinga i HMS-spørsmål for å fremme eit trygt og godt arbeidsmiljø
  • Støtte leiinga i gjennomføringa av systematisk HMS-leiing (koordinere, etablere, utvikle og kvalitetssikre)
  • Sørgje for at systematisk HMS-styring planleggast og dokumenterast
  • Rapportering til leiinga, samt halde leiinga informert om vesentlege forhold som påverkar HMS
  • Gjennomføre inspeksjonar og revisjonar for å sikre at systematisk HMS styrast og utførast etter hensikta
  • Administrere senterets system for kjemikaliedokumentasjon (EcoOnline)
  • Administrere senterets vitskaplege utstyrsbehaldning og serviceavtalar
  • Senterets tekniske kontaktperson for byggjeprosjekt og service-/vedlikehaldsarbeidarar
  • Medlem i komiteen for senterets nye vitskaplege besøksprogram, med ansvar for utstyrsbehov for godkjente besøkjande
  • Administrative oppgåver kan leggjast til stillinga, inkludert bestilling, fakturabehandling og andre generelle kontoroppgåver

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha minst ein bachelorgrad innanfor eit relevant felt. Omfattande og relevant praksis kombinert med relevant formell opplæring kan kompensere for ikkje å oppfylle dei formelle utdanningskrava
  • Interesse for HMS-arbeid og praktisk tilnærming til stillingas oppgåver
  • Gode koordinerings- og gjennomføringsevner, særleg kunnskap om UiB sine roller og oppgåver med HMS-arbeid er eit føremon
  • Erfaring med IT-systema brukt ved UiB er eit føremon (ePhorte, EcoOnline, Unit4)
  • Søkjaren må kunne kommunisere flytande (skriftleg og munnleg) på engelsk og norsk
  • Utettervendt, proaktiv og kontaktsøkjande personlegdom med evne til å samarbeide godt med andre i en mangfaldig internasjonal arbeidskultur

Ved vurdering av kandidatane vil det bli lagt vekt på personlege kvalifikasjonar vi ønskjer i dette innlegget.

Vi kan tilby:

  • Ein utfordrande stilling med interessante arbeidsoppgåver i eit internasjonalt anerkjent forskingsmiljø
  • Løn i stilling som overingeniør (kode 1087) eller rådgjevar (kode 1434) etter det statlege lønnsregulativet, basert på en formell vurdering av ansiennitet og kvalifikasjonar. Dette utgjer for tida ei årleg løn på 534.900 – 593.500 (overingeniør) og 563.500 – 615.000 (rådgjevar). For særskilt kvalifiserte søkarar kan høgare lønn vurderast
  • Medlemskap i Statens Pensjonskasse (SPK)
  • Gode velferdsordningar

Søknad på norsk eller engelsk:

Send søknad elektronisk via lenkja «Søk på stillinga» på denne sida.

Søknaden skal innehalde:

  • Søknadsbrev der du seier noko om din motivasjon for stillinga, korfor du søkjer og korfor du passar til stillinga
  • Oversikt over utdanning og arbeidserfaring (CV)
  • Attesterte kopiar av vitnemål og relevante attestar
  • To referansar (namn og kontaktinformasjon)

Vi gjer merksam på at søknadar vert vurdert med den informasjonen som ligg føre i JobbNorge når søknadsfristen går ut. Det er søkjar sitt ansvar at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen.

Søknader på e-post vil ikkje verte vurderte.

Søknadsfrist: 07 oktober 2022.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

UiB er ein organisasjon som i særlig grad må vere tilpassingsdyktig til endringar i omgivnadene. Den som vert tilsett må difor vere førebudd på at arbeidsoppgåvene kan bli endra.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Den som blir tilsett må rette seg etter dei retningslinjene som til ei kvar tid gjeld for stillinga.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillinga

Powered by Labrador CMS