LEDIG STILLING VED STATISTISK SENTRALBYRÅ

Rådgivar / seniorrådgivar - Seksjon for HR

Søknadsfrist: 26.05.2021

Statistisk sentralbyrå

Statistisk sentralbyrå - tal som fortel


Statistisk sentralbyrå (SSB) har hovudansvaret for utvikling, utarbeiding og formidling av offisiell statistikk i Noreg. Statistikk, forsking og analyse frå SSB bidrar til innsikt om samfunnsutviklinga, dannar grunnlag for det offentlege ordskiftet og gir moglegheit for informerte avgjerder.


SSB er ein kunnskapsorganisasjon med fagleg utfordrande arbeidsoppgåver og gode moglegheiter for utvikling. Vi har eit stort kontaktnett, også internasjonalt. Vi har 830 medarbeidarar lokaliserte i Oslo og Kongsvinger, i tillegg til intervjuarar over heile landet. Kompetente og motiverte medarbeidarar er avgjerande for at vi skal kunne nå målet om å vere den fremste leverandøren av fakta om norske samfunnsforhold.

Vil du utvikle framtidas kompetanse?

SSB må møte framtidas krav til kompetanse for å nå måla våre og vere den fremste faktaleverandøren i landet. Seksjon for HR har ei sentral rolle i dette arbeidet, og vi ser etter ein engasjert kollega innanfor kompetanse- og organisasjonsutvikling.

Vi ser etter deg som skaper samanheng mellom overordna strategi og mål, utviklingsprosjekt og dei daglege oppgåvene. Du som blir motivert av å skape resultat saman med kollegaer. Du som har erfaring med å vere tett på leiarar og kollegaer for saman å finne gode løysingar og gi nødvendig støtte inn i det viktige utviklingsarbeidet. Du som veit kva som skal til for å lukkast med utviklings- og endringsprosessar, og som har erfaring frå prosessar og opplæring.

Du vil få eit særleg ansvar innanfor strategisk kompetansestyring saman med kompetanseteamet, og støtte leiargruppene og avdelingane i dette arbeidet. Det inneber planlegging og gjennomføring av ulike læringsløp for at verksemda skal nå dei langsiktige måla. Vi søkjer etter deg som liker å arbeide operativt med konkrete kompetanseutviklingsoppgåver, og har erfaring med og interesse for å ta i bruk ny teknologi for å støtte læring, for eksempel forfattarverktøy. I HR jobbar vi med å digitalisere tilboda våre, både den administrative støtta og ulike typar kurs og opplæring, og bidraga dine til denne digitaliseringa blir ønskt velkomen.

Vi ønskjer at du har erfaring frå utviklings- eller endringsprosjekt med ansvar innanfor prosessleiing og opplæring. Har du erfaring frå smidig utviklingsmetodikk, vil det vere ein fordel.

Dine nye kollegaer i HR består av 16 medarbeidarar som saman jobbar med oppgåver innanfor heile HR-feltet. Vi har ein uformell tone oss imellom og har tett samarbeid på tvers. Stillinga kan vere i Oslo eller Kongsvinger.

Webcruiter-ID: 4380159262

Søk på stillingen

Kontaktinformasjon:

  • Inger Kristine Harnæs (Seksjonssjef), 97946224, inger.kristine.harnaes@ssb.no
  • Anne Karine Stensvik (Seniorrådgiver), 46920343, anne-karine.stensvik@ssb.no

Powered by Labrador CMS