Ledig stilling på Universitetet i Oslo

Blindern og Urbygningen (Foto: Wikimedia og Colourbox)

Postdoktor i andrespråkskommunikasjon: polakkar i Noreg

Søknadsfrist: 15.09.2020

Universitetet i Oslo

Universitetet i Oslo er den eldste og høgst rangerte forskings- og utdanningsinstitusjonen i Noreg, med 28000 studentar og 7000 tilsette. Fagleg breidde og internasjonalt anerkjende forskingsmiljø gjer UiO til ein viktig samfunnsaktør.


Senter for fleirspråklegheit (MultiLing) er eit senter for framifrå forsking (SFF) under Institutt for lingvistiske og nordiske studium (ILN) ved Det humanistiske fakultet. Senteret har også status som eitt av fem verdsleiande miljø ved Universitetet i Oslo, og er i ferd med å bygge opp eit sosiokognitivt laboratorium. MultiLing sitt mål er å bidra med kunnskap om fleirspråklegheit hjå individet og i samfunnet i eit livsløpsperspektiv, og gjennom det belyse dei moglegheitene og utfordringane fleirspråklegheit representerer for individet i familien, skulen, andre institusjonar, og i samfunnet som heilskap. Staben består av 40 tilsette frå 15 forskjellige land. MultiLing har i tillegg eit stort nettverk av nasjonale og internasjonale samarbeidspartnarar som arbeider med fleirspråklegheit ved ei rekke forskingsinstitusjonar.

Senter for fleirspråklegheit (MultiLing)

Om stillinga

Ei postdoktorstilling (SKO 1352) er ledig ved Senter for fleirspråklegheit (MultiLing) ved Institutt for lingvistiske og nordiske studium (ILN), Universitetet i Oslo. Stillinga har oppstart i desember 2020 og er finansiert av Noregs forskingsråd. Stillinga er del av eit av MultiLings forskarprosjekt som heiter Andrespråkskommunikasjon i arbeidslivet – om polske immigrantar i Noreg (‘Second-language communication in workplace settings – the case of Polish migrants in Norway’) (NorPol).

MultiLing er eit Senter for framifrå forsking (SFF) finansiert av Noregs forskingsråd (2013–2023). MultiLing har som mål å auke kunnskapen om fleirspråklegheit i eit livslaupsperspektiv, knytt til tre overordna tema, tema 1: fleirspråkleg kompetanse, tema 2: fleirspråkleg praksis, og tema 3: fleirspråklegheit, ideologiar og språkpolitikk (for meir informasjon, sjå http://www.hf.uio.no/multiling/). Forskingsstrategiplanen for den andre femårsperioden til senteret finn de her.

MultiLing søkjer postdoktorkandidatar med framifrå forskingskvalifikasjonar, som vil ha ei sentral rolle i prosjektet Andrespråkskommunikasjon i arbeidslivet – om polske immigrantar i Noreg (NorPol). Prosjektet trekkjer inn perspektiv frå alle dei tre overordna temaa ved MultiLing (sjå ovanfor), og både senior- og juniorforskarar er del av prosjektgruppa. NorPol undersøkjer sosiokulturelle, interaksjonelle og lingvistiske faktorar som høvesvis fremjar eller hemjar arbeidsplasskommunikasjon for polske arbeidstakarar i Noreg. Ei skildring av prosjektet finn de her.

Det er forventa at søkjarane presenterer eit sjølvstendig forskingsprosjekt med relevans for det overordna NorPol-prosjektet. Særleg velkomne er prosjekt som undersøkjer korleis interaksjonelle faktorar påverkar felles forståing i andrespråkskommunikasjon, og prosjekt som undersøkjer rolla til grammatiske, leksikalske eller syntaktiske kjenneteikn ved språket til polske talarar av norsk som andrespråk. Andre prosjekt knytt til polsk-norsk arbeidsplasskommunikasjon vil òg bli vurderte. Det er forventa at den som vert tilsett, bidrar til datainnsamling. Erfaring frå feltarbeid og/eller datainnsamling på arbeidsplassar er derfor ein føremon.

MultiLing nyttar nyskapande metodologiar og granskar kritisk omgrep og teoretiske tilnærmingar til forsking på fleirspråklegheit, slik det blir framheva i forskingsstrategiplanen. Det er forventa at den som blir tilsett, blir ein del av og bidrar aktivt til utviklinga av forskingsmiljøet ved MultiLing. Den som blir tilsett, er forventa å styrkje forskingsområda relevante for NorPol-prosjektet, bidra til og delta i seminar, konferansar og aktivitetar organiserte av prosjektet og av MultiLing. Dei siste månadene av prosjektperioden ligg etter avsluttinga av MultiLing, og prosjektet vil då vere direkte underlagt Institutt for lingvistiske og nordiske studium.

Tilsettinga gjeld for ein periode på tre år, med oppstart 1. desember 2020. Postdoktorstillingar er fulltids forskarstillingar, men det er òg ein 10 % pliktarbeidskomponent knytt til stillinga, som skal nyttast til undervising eller andre kvalifiserande aktivitetar. Hovudføremålet med postdoktorstillingar er å kvalifisere forskarar til vidare arbeid i høgare akademiske stillingar.

Kvalifikasjonar

I vurderinga av søknadane vil ein særleg leggje vekt på kvaliteten til prosjektskildringane og kor relevante dei er for NorPol-prosjektet og Multilings forskingsstrategi. Vi ønskjer sterkt motiverte, kompetente kandidatar, med framifrå akademiske kvalifikasjonar innan relevante forskingsområde.

Kvalifikasjonskrav

  • PhD-grad eller tilsvarande i lingvistikk, nordisk språkvitskap, norsk som andrespråk, retorikk og språkleg kommunikasjon, lingvistisk antropologi eller andre fagfelte med relevans for NorPol-prosjektet
  • Doktoravhandlinga må ha vore levert inn til vurdering før søknadsfristen
  • Erfaring med arbeid innan to- eller fleirspråklegheit, som helst involverer norsk og/eller polsk
  • Framifrå skriftlege og munnlege ferdigheiter i engelsk

I vurderinga av søknadene vil vi leggje særleg vekt på:

  • Den vitskapelege kvaliteten på prosjektet, forskingsrelatert relevans og innovasjon
  • Internasjonal erfaring og nettverk med relevans for prosjektet
  • Søkjaren sine faglege og personlege føresetnader for å gjennomføre prosjektet innanfor tidsramma
  • Gode samarbeidseigenskapar og evne til å gå inn i faglege fellesskap på tvers av disiplinar, og i NorPol-prosjektet
  • Personlege føresetnader og motivasjon for stillinga

Gode norsk- og/eller polskkunnskapar vil vere ein føremon, og det same vil erfaring med feltarbeid og/eller datainnsamling på arbeidsplassar.

Vi tilbyd

  • Lønn mellom kr 523 200 – 605 500 per år avhengig av kompetanse
  • Eit hyggeleg og stimulerande arbeidsmiljø
  • Gode velferdsordningar

Korleis søkje

Søknaden skal innehalde følgande, sendt som vedlegg til den elektroniske søknaden, helst i pdf-format:

  • Søknadsbrev som skildrar søkaren sine kvalifikasjonar og motivasjon for stillinga, saman med ei spesifisering av korleis det føreslåtte postdoktorprosjektet er relevant for NorPol
  • Curriculum Vitae (med fullstendig oversikt over utdanning, tilsettingar, undervisningserfaring, administrativ erfaring og andre kvalifiserande aktivitetar, samt ei fullstendig liste over publikasjonar).
  • Prosjektskildring på 3-5 sider, inkludert ein detaljert framdriftsplan for prosjektet (sjå mal for prosjektbeskriving).

Ver venleg å merke at alle dokument må vere på engelsk.

Publikasjonar, masteroppgåver, PhD-avhandlingar og liknande skal ikkje leggjast ved søknaden, men kan bli etterspurde seinare.

Det blir nytta intervju i tilsettingsprosessen. Aktuelle kandidatar vil bli kalla inn til intervju på Universitetet i Oslo, eller via Skype.

Andre opplysningar

Sjå forskrift om tilsetjingsvilkår, samt retningslinjer for tilsetjing i postdoktorstillingar ved Universitetet i Oslo.

I høve til Offentleglovas § 25 2. ledd kan opplysningar om søkaren bli offentleggjort sjølv om søkaren har bede om ikkje å bli oppført på søkarlista.

UiO har ein overtakingsavtale for alle tilsette med føremål å sikre rettane til forskingsresultat m.m.

UiO har eit personalpolitisk mål om å oppnå ei balansert kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn.

I tillegg ønskjer UiO at medarbeidarane våre i størst mogleg grad gjenspeglar mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar derfor kvalifiserte søkarar med redusert funksjonsevne til å søkje stillinga. Som IA-bedrift vil vi leggje tilhøva til rette for medarbeidarar med nedsett funksjonsevne.

Kontaktinformasjon

For spørsmål om stillinga:

For spørsmål om rekrutteringsprosessen: Personalrådgiver Tonje Nathalie Olsen

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS