Ledig stilling på Universitetet i Oslo

Blindern og Urbygningen (Foto: Wikimedia og Colourbox)
Blindern og Urbygningen (Foto: Wikimedia og Colourbox)

Overingeniør - drift, rådgiving og brukarstøtte innan IT og AV

Søknadsfrist: 12.04.2021

Universitetet i Oslo

Universitetet i Oslo er den eldste og høgst rangerte forskings- og utdanningsinstitusjonen i Noreg, med 28000 studentar og 7000 tilsette. Fagleg breidde og internasjonalt anerkjende forskingsmiljø gjer UiO til ein viktig samfunnsaktør.


Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Universitetet i Oslo er det største samfunnsvitskaplege fagmiljø i Noreg og rangert som nummer to i Norden. Fakultetet har ei rekkje forskingsmiljø som er leiande internasjonalt, og har hatt to Nobelprisvinnarar. Vi har 460 tilsette og 5300 studentar. Fakultetet tilbyr 22 studieprogram på bachelor- og masternivå, 2 profesjonsutdanningar og ph.d.-program innan 7 studieretningar.

Om stillinga

Vi har for tida ledig ei fast stilling som overingeniør ved det samfunnsvitskaplege faktultet.

Vi søkjer etter ein serviceinnstilt, strukturert og ryddig person som ønskjer å jobbe med drift, rådgjeving og brukarstøtte innan IT og AV.

Den som blir tilsett vil bli knytt til fakultetet sin IT/AV-seksjon med arbeidsoppgåver spesielt knytt opp mot RITMO (Centre for Interdisciplinary Studies in Rhythm, Time and Motion). Arbeidsspråket ved RITMO er i hovudsak engelsk. I tillegg vil du ta del i seksjonen sine daglege arbeidsoppgåver som drift og brukarstøtte.

Du vil samarbeide tett med UiO sitt kompetansemiljø innan IT og AV i tillegg til dei andre medarbeidarane i seksjonen.

Fakultetet sin IT/AV-seksjon er mellom anna ansvarleg for nettverk og telefoni, installasjon og drift av arbeidsplassutstyr, grunnopplæring av brukarar, rådgjeving og planlegging i samband med innkjøp av utstyr i tillegg til generell drift og brukarstøtte. Seksjonen har også oppgåver knytt til undervisnings- og forskingsstøtte, AV og Lab.

Seksjonen har 18 tilsette, med fast bemanning i Harald Schjelderups hus og Eilert Sundts hus.

Gjer merksam på at IT-organisasjonen ved UiO er i endring og den som vert tilsett må regne med justeringar som følge av dette.

Arbeidsoppgåver

  • Sjølvstendig ansvar for oppgåver knytt til brukarstøtte og drift av Windows og Mac, AV-utstyr og mobile einingar for RITMO spesielt og fakultetet generelt.
  • Noko kursverksemd, spesielt retta mot studentar
  • Dokumentasjon og vidareutvikling av rutinar, og vere ressursperson i arbeidet med å bruka teknologi til å fornya, forenkla og betre UiO sine tenester
  • Hjelp i samband med GDPR, databehandling og lagring.
  • Innkjøp av IT/AV-utstyr

Kvalifikasjonskrav

  • Stillinga krev relevant utdanning frå universitets- og/eller høgskulenivå, minimum bachelornivå, fortrinnsvis innan IT.Realkompetanse med relevans for dei aktuelle oppgåvene kan kompensere for utdanningskrava
  • Røynsle med konfigurering og feilsøking i Windows- og Mac-miljø.
  • Inngåande kunnskap om kontorapplikasjonar som MS Office og e-post
  • God skriftleg og munnleg kommunikasjonsevne på norsk og engelsk
  • Noko kunnskap om AV (lyd og video)
  • Noko kunnskap om nettverk
  • Kjennskap til datalagring, gjerne i større skala
  • Kjennskap til GDPR og databehandling

Personlege eigenskapar

  • Du har god samarbeidsevne og hargod kunnskapsformidling både munnleg og skriftleg
  • Du er fleksibel, sjølvstendig, ryddig og systematisk
  • Du har god evne til å handtera stress og eit høgt arbeidstempo
  • Du har god evne til å tileigne deg kunnskap om ulike IT-system

Vi tilbyr

  • Løn som overingeniør kode 1087 fastsetjast etter individuell vurdering innanfor eit spenn mellom kr. 516 400 og kr. 555 800, avhengig av kompetanse
  • Allsidige utfordringar i et verdsledande forskingsmiljø
  • Eit interessant og utviklande arbeidsmiljø
  • Mogelegheit for spesialisering
  • Fleksibel arbeidstid og gode velferdsordningar
  • Trening i arbeidstida
  • God pensjonsordning og gunstig lån i Statens Pensjonskasse

Søknaden skal innehalde

  • Søknadsbrev
  • CV
  • Relevante vitnemål, attestar, liste med 2-3 referansar (namn, tilknyting til søkjar, e-postadresse og telefonnummer)

Søknad med vedlegg må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt, Jobbnorge.

Andre opplysningar

Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju.

I høve til offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjorde sjølv om søkjaren har bede om ikkje å bli oppført på søkjarlista.

UiO har eit personalpolitisk mål om å oppnå ei balansert kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn.

Inkludering og mangfald er ein styrke. UiO har eit personalpolitisk mål om å oppnå ei balansert kjønnssamansetjing. Vidare ønskjer vi medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv. Vi vil leggje til rette for medarbeidarar som har behov for det.

Om det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju.

Kontaktinformasjon

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS