LEDIG STILLING VED OSLOMET

Professor / dosent i norskdidaktikk

Søknadsfrist: 28.01.2021

OsloMet

OsloMet – storbyuniversitetet er landets tredje største universitet, med over 20 000 studenter og mer enn 2000 ansatte. OsloMet leverer kunnskap og yrkesutøvere samfunnet er avhengig av, og er tett på arbeidslivets behov. OsloMet er et urbant og mangfoldig universitet med internasjonalt preg og et attraktivt studie- og arbeidssted med studiesteder midt i Oslo og på Kjeller ved Lillestrøm. Tilstedeværelsen i hovedstadsregionen gir universitetet gode muligheter til å forstå og høste fordelene av byens varierte befolkningssammensetning.

Ved Institutt for grunnskole- og faglærarutdanning (GFU) ved Fakultet for lærarutdanning og internasjonale studium (LUI) er det ledig to 100 % faste stillingar som professor/dosent i norskdidaktikk med tilsetjing 01.08.21.

Institutt for grunnskole- og faglærarutdanning står midt oppe i spennande utfordringar med implementering av femårige masterutdanningar for grunnskolelærar og utvikling av skoleutviklingsprosjekt. For å nå våre ambisjonar søker vi dyktige og engasjerte medarbeidarar.

Instituttet leiar og administrerer den nasjonale lærarspesialistutdanninga i norsk, etter- og vidareutdanningar gjennom kompetanse for kvalitet samt fagfordjupingar og masterutdanningar i norskdidaktikk for arbeid i grunnskolen.

Dei to stillingane bør samla sett dekkje fagfelta:

  • språkdidaktikk
  • litteraturdidaktikk
  • klasseromsforsking

Les meir om fakultetet, instituttet og forskargruppene våre her.

Arbeidsoppgåver:

  • spele ei sentral rolle i arbeidet med å vidareutvikle fagmiljøet og utdanningane ved instituttet
  • initiere og gjennomføre forskings- og utviklingsarbeidLærarutdanningsprofilen og profesjonsretta forskings- og utviklingsarbeid står sentralt ved fakultetet. Difor er det viktig at du som blir tilsett, er innstilt på å orientere deg mot profesjonsspesifikke problemstillingar.
  • vere ein pådrivar for å utvikle større forskingsprosjekt og søknader om ekstern finansiering
  • ta initiativ til å etablere og vidareutvikle forskingssamarbeid med nasjonale og internasjonale samarbeidspartnarar
  • undervise og rettleie på bachelor-, master- og ev. ph.d.-nivå og dessutan på etter- og vidareutdanningar
  • følgje opp studentar i praksis og ha kontakt med skolar og skoleeigarar
  • formidle forskingsresultat til både fagmiljø og samfunnet elles
  • utføre fagleg-administrative oppgåver

Kvalifikasjonskrav:

Dersom det ikkje melder seg søkjarar med professor/dosentkompetanse, kan det vere aktuelt å tilsette i midlertidig stilling, med krav om kvalifisering for fast ansettelse innen tre år.

For tilsetjing som professor må du dokumentere relevant utdanningsfaglig kompetanse. Kriterium for vurdering av slik kompetanse finner du her.

Ved vurdering og rangering av kvalifiserte søkjarar vil det bli lagt vekt på

  • omfattande forskings- og utviklingsarbeid som er relevant for stillinga, publikasjonar frå dei siste seks åra vil bli vektlagde.
  • røynsle med forskingsnettverk, for dosentar utdanningsnettverk, og leiing av prosjekt med ekstern finansiering
  • røynsle frå undervisning og rettleiing på alle nivå (bachelor-, master- og ev. ph.d.-nivå)
  • pedagogiske evner
  • røynsle med fagleg leiing
  • kjennskap til og/eller røynsle frå skolefaget norsk
  • god kjennskap til det norske skolesystemet
  • god digital kompetanse, inkludert røynsle med studentaktive læringsformer og bruk av digitale undervisnings- og vurderingsverktøy
  • god evne til å kommunisere og samarbeide med studentar og kollegaer
  • personlege eigenskapar som kan bidra positivt til arbeidsmiljøet
  • god munnleg og skriftleg framstillingsevne på nynorsk og bokmål, samt engelsk
  • Søkjarar som ikkje har norsk som morsmål, må kunne dokumentere både munnleg og skriftleg språkdugleik.

Generelle kriterium for tilsetjing i undervisnings- og forskarstilling går fram av forskrift om ansettelse og opprykk i undervisnings- og forskerstillinger.

OsloMet gjennomfører prøving av pedagogiske kvalifikasjonar i samband med intervju.

Det er viktig for OsloMet å atterspegle befolkninga i vår region og me ynskjer alle kvalifiserte søkjarar velkomen. Me arbeidar aktivt med å utvikla oss vidare som ein inkluderande arbeidsplass og for å leggja til rette arbeidsplassen dersom du har behov for det. Har du periodar i livet som du ikkje har vore i arbeid, utdaning eller opplæring er du også velkomen til å søkja hjå oss.

Søknadsprosess:

Følgjande dokument må lastast opp innan søknadsfristen:

  • søknadsbrev
  • CV
  • attestar og alle sider av vitnemål
  • fullstendig publikasjonsliste
  • inntil ti vitskaplege arbeid og eit oversyn over desse arbeida, inkl. ph.d.-avhandling dersom relevant
  • to referansar med kontaktinformasjon

Dokumenta må vere på eit skandinavisk språk eller engelsk. Omsetjingar må vere autoriserte, og originalar må visast fram ved eit eventuelt intervju. OsloMet gjennomfører kontroll av dokument slik at alle kandidatar skal få ei reell evaluering og rettferdig konkurranse. Ufullstendige søknader vil ikkje bli tekne til vurdering.

Søkjarar vil bli vurderte av ein sakkunnig komité. Før søknadspapira blir sende til denne komiteen, vil alle søknadene bli gjennomgått ved fakultetet. Søknader frå ikkje-kvalifiserte søkjarar vil ikkje bli sende til vurdering.

Vi tilbyr

  • interessante oppgåver ved Noregs tredje største universitet
  • tid til profesjonsnært forskings- og utviklingsarbeid
  • låne- og pensjonsvilkår i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar og eit omfattande tilbod av aktivitetar innan kultur og sport

OsloMet har sluttet seg til prinsippene i DORA-erklæringen og forpliktet institusjonen til å følge anbefalingene i denne.

Andre opplysningar:

For nærare informasjon om stillinga kan følgjande kontaktast:

Stillinga blir lønt etter statens lønnsregulativ og OsloMets lønnspolitikk, som professor i kode 1013 og dosent i kode 1532, lønnssteg 75-84 (frå kr 708 000,- til kr 910 000,- per år). Frå lønna blir det trekt 2 % pensjonsinnskot til SPK.

Søk elektronisk på stillinga ved å nytte knappen nedst på sida «Logg inn og søk stillingen».

OsloMet er Charter & Code sertifisert av EU-kommisjonen med rettigheter til å bruke logoen HR Excellence in Research (HRS4R) og medlem i nettverket EURAXESS som bidrar til gode arbeidsforhold for mobile forskere. OsloMet har sluttet seg til prinsippene og forpliktet institusjonen til å følge anbefalingene i DORA-erklæringen (The San Francisco Declaration on Research Assessment).

Referansenummer: 20/10733

Logg inn og søk stillingen

Powered by Labrador CMS