Ledig stilling på Universitetet i Oslo

Blindern og Urbygningen (Foto: Wikimedia og Colourbox)

Studiekoordinator - Sosialantropologisk institutt

Søknadsfrist: 29.08.2019

Om stillinga

Universitetet i Oslo

Universitetet i Oslo er den eldste og høgst rangerte forskings- og utdanningsinstitusjonen i Noreg, med 28000 studentar og 7000 tilsette. Fagleg breidde og internasjonalt anerkjende forskingsmiljø gjer UiO til ein viktig samfunnsaktør.


Sosialantropologisk institutt har sidan det vart etablert i 1964 vore ein viktig arena og utgangspunkt for den anerkjente norske antropologiske tradisjonen. Instituttet er eit av dei største sosialantropologiske universitetsmiljøa i Europa, og størst i Norden. Det er for tida registrert om lag 400 studentar ved instituttet, inkludert rundt 30 på PhD-programmet. Dei tilsette har brei kompetanse og arbeider med mange tematiske felt innanfor faget sosialantropologi.

Flere stillinger fra Universitetet i Oslo

Ved Sosialantropologisk institutt er det ledig ei fast stilling som rådgjevar (SKO 1434). Stillinga er knytt til studieadministrasjonen ved instituttet og er del av eit team av fleire studieadministrative stillingar som har oppgåver innan sakshandsaming og informasjon om studiar og eksamen. I tillegg er det eit nært samarbeid med anna administrasjon både ved instituttet og fakultetet. Koordinatoren vil samarbeide tett med administrativ leiar og fagleg studieleiing, og vil vere ein del av leiargruppa ved instituttet.

Arbeidsoppgåver

  • Koordinering av instituttet sitt studieadministrative arbeid, inkludert eit fagansvar for dei andre studiekonsulentane
  • Hjelpa fagleg leiing i å utarbeide studietilbodet ved instituttet og planleggja undervisninga
  • Generelle studieadministrative oppgåver med særskilt ansvar for eitt av programma (BA, MA eller PhD i sosialantropologi)
  • Utarbeide og oppdatere informasjon om program og emne på nett
  • Sekretær for programrådet
  • Tilsetjing og oppfølging av seminarleiarar og andre eksterne undervisere
  • Administrativt ansvar for prosjekt for rekruttering av studentar
  • Internasjonaliseringsarbeid

Ein gjer merksam på at nokre av arbeidsoppgåvene i stillinga kan bli endra. Den som vert tilsett må kunne yte ein ekstra innsats i periodar med stor arbeidsmengde.

Kvalifikasjonar

  • Utdanning frå universitet eller høgskule, gjerne med samfunnsvitskaplege fag i fagkrinsen, minimum tilsvarande masternivå. Dokumentert realkompetanse kan erstatte utdanningskravet
  • Relevant administrativ erfaring av noko varigheit og på eit sjølvstendig nivå er eit krav
  • Erfaring frå studieadministrasjon innan universitet- og høgskulesektoren
  • Erfaring med administrative IT-verktøy
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk

Personlege eigenskapar

  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Kunne jobbe sjølvstendig og ha engasjement
  • Nøyaktigheit, evne til å jobbe strukturert og systematisk
  • Evne til å handtere og organisere fleire oppgåver samstundes

Vi tilbyr

  • Eit fagleg stimulerande miljø
  • løn mellom kr 523 200 og kr 627 700, avhengig av kompetanse
  • fleksibel arbeidstid og gode velferdsordningar
  • trening i arbeidstida
  • god pensjonsordning og gunstig lån i Statens Pensjonskasse

Søknaden skal innehalde

  • søknadsbrev med framstilling av relevant bakgrunn og arbeidsrøynsle
  • CV
  • relevante vitnemål og attestar
  • liste med 2-3 referansar (namn, tilknyting til søkjar, e-postadresse og telefonnummer)

Søknad med vedlegg må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt, Jobbnorge.

Andre opplysningar

Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju.

I høve til offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjorde sjølv om søkjaren har bede om ikkje å bli oppført på søkjarlista.

UiO har eit personalpolitisk mål om å oppnå ei balansert kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn.

I tillegg ønskjer UiO at medarbeidarane våre i størst mogleg grad speglar mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar difor kvalifiserte søkjarar med redusert funksjonsevne til å søkje stillinga. Som IA-bedrift vil vi leggje til rette for medarbeidarar med nedsett funksjonsevne.

Kontaktinformasjon

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS