Ledig stilling på Universitetet i Oslo

Blindern og Urbygningen (Foto: Wikimedia og Colourbox)

Prosjektkontrollar i Økonomiseksjonen (Det samfunnsvitskaplege fakultet)

Søknadsfrist: 05.06.2019

Om stillinga

Universitetet i Oslo

Universitetet i Oslo er den eldste og høgst rangerte forskings- og utdanningsinstitusjonen i Noreg, med 28000 studentar og 7000 tilsette. Fagleg breidde og internasjonalt anerkjende forskingsmiljø gjer UiO til ein viktig samfunnsaktør.


Fakultetsadministrasjonen ved Det samfunnsvitskaplege fakultet støttar einingane i den daglege drifta og har samstundes eit overordna koordineringsansvar for heile fakultetet. Fakultetsadministrasjonen er delt i fire avdelingar; Seksjon for studie, Seksjon for personal, økonomi og arkiv, Seksjon for IT/AV-tenester og Seksjon for forsking og kommunikasjon. Fakultetet vert administrativt leia av fakultetsdirektøren, med dekanen som leiar av heile fakultetet. Fakultetsadministrasjonen har til saman rundt 70 tilsette.

Flere stillinger fra Universitetet i Oslo

Det samfunnsvitskaplege fakultet søkjer prosjektkontrollar (rådgjevar SKO 1434) til felles økonomifunksjon som består av 14 årsverk. Stillinga er fast og byr på interessante faglege utfordringar. Kontrollaren skal bidra til at fakultetet får ei robust og einheitleg økonomistyring med kvalitet i økonomiarbeidet slik at forsking og undervising ved fakultetet får best mogleg vilkår.

Kontrollaren vil få eit særleg ansvar for deler av fakultetet si eksternt finansierte prosjektportefølgje. Her er det også moglegheiter for å vere med på å utvikle stillinga. Stillinga er underlagt leiar av økonomiseksjonen. Vi tilbyr gode moglegheiter for utvikling i eit godt arbeidsmiljø.

Arbeidsoppgåver

  • Økonomisk og administrativ oppfølging av eksternt finansierte prosjekt
  • Vera ressursperson overfor institutta og prosjektleiarar og sikra god dialog med, og oppfølging av, fakultetet sine einingar på prosjektområdet
  • Assistera prosjektleiar og prosjekteigar med ulike administrative oppgåver knytt til søknader, drift og rapportering av prosjekt
  • Samarbeide tett med forskingsrådgjevarane i alle fasar av prosjekta
  • Oppdatere prognose og utføre analyse av prosjektportefølja
  • Bidra til utarbeiding av rapportar til leiinga
  • Bidra til nytenking og vidareutvikling i organisasjonen på forvalting av ekstern finansiering

Kvalifikasjonskrav

  • Utdanning innan økonomi eller samfunnsfag frå universitet eller høgskule minimum Bachelornivå. Dokumentert realkompetanse med relevans for dei aktuelle oppgåvene kan kompensera for utdanningskravet.
  • Særleg god tallforståing
  • Gode evner til å framstille seg skriftleg og munnleg på norsk og engelsk er ein føresetnad
  • Minimum 2 års arbeidserfaring innan økonomistyring/prosjektstyring/forskningsadministrasjon.
  • Generelt gode IT-ferdigheiter med særleg vekt på Excel
  • Erfaring med EU-finansierte prosjekter er ein fordel

Personlege eigenskapar

  • Gode kommunikasjons-, samarbeids- og koordineringseigenskaper
  • God evne til å jobbe sjølstendig
  • Resultat- og utviklingsorientert, med god gjennomføringsevne
  • Evne til å presentere økonomi for ikkje-økonomer

Vi tilbyr

Søknaden skal innehalde

  • søknadsbrev
  • CV
  • Relevante vitnemål, attestar og liste med 2-3 referansar (namn, tilknyting til søkjar, e-postadresse og telefonnummer)

Søknad med vedlegg må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt, Jobbnorge.

Andre opplysningar

Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju.

I høve til offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjorde sjølv om søkjaren har bede om ikkje å bli oppført på søkjarlista.

UiO har eit personalpolitisk mål om å oppnå ei balansert kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn.

I tillegg ønskjer UiO at medarbeidarane våre i størst mogleg grad speglar mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar difor kvalifiserte søkjarar med redusert funksjonsevne til å søkje stillinga. Som IA-bedrift vil vi leggje til rette for medarbeidarar med nedsett funksjonsevne.

Kontaktinformasjon

  • Seksjonssjef Terje Hegge, tlf: 22 85 76 95 / 924 94 612, e-post: terje.hegge@sv.uio.no
  • Seniorkonsulent Liv-Hilde Vang, tlf: 22 85 21 16 (kun spørsmål om elektronisk søknad)

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS