Ledig stilling på Universitetet i Oslo

Blindern og Urbygningen (Foto: Wikimedia og Colourbox)

Administrativ koordinator (Psykologisk institutt)

Søknadsfrist 26.02.2019

Om stillinga

Universitetet i Oslo

Universitetet i Oslo er den eldste og høgst rangerte forskings- og utdanningsinstitusjonen i Noreg, med 28000 studentar og 7000 tilsette. Fagleg breidde og internasjonalt anerkjende forskingsmiljø gjer UiO til ein viktig samfunnsaktør.


Psykologisk institutt er det eldste psykologiske instituttet i Noreg. Forskinga ved instituttet er internasjonalt retta med fleire internasjonale samarbeidsprosjekt, og speglar psykologien sitt mangfald og kontaktflate med andre vitskaplege disiplinar, i medisin, humaniora og samfunnsfag. Studietilbodet i psykologi omfattar profesjonsstudiet i psykologi, samt eit bachelor- og mastergradsprogram. I tillegg har instituttet ei forskarutdanning (Ph.D.-grad) med 140 registrerte kandidatar. Instituttet har ein stab på 75 fast vitskapleg tilsette, ca. 70 stipendiatar og postdoktorar, og ein teknisk/administrativ stab på 22 personar.

Flere stillinger fra Universitetet i Oslo

Ved Psykologisk institutt er det ledig ei fast stilling som administrativ koordinator (rådgjevar SKO 1434). Stillinga kunngjerast i samband med etablering av forskingssenteret PROMENTA ved instituttet. Målsetjinga med PROMENTA er å få ny kunnskap om prosessar som hindrar og fremjar psykisk helse. PROMENTA vil ha ei interdisiplinær tilnærming der vi kombinerer perspektiv frå genetikk, nevrokognisjon, psykologi, sosiologi, økonometri og informatikk i senterets forskingsaktivitet.

Senteret er finansiert gjennom ei løyving frå Norges forskningsråd, eigenbidrag frå Psykologisk institutt og ei rekke institusjonar i inn- og utland som er partnarar i PROMENTA. Vi søkjer ein person med evne og sterk motivasjon til å være med på å byggje opp eit nytt tverrfagleg senter ved Psykologisk institutt og som vil ha eit sterkt engasjement i å samarbeide med alle involverte partar i senteret for å utvikle eit senter i vekst.

Arbeidsoppgåver

Administrativ koordinator vil i tett samarbeid med den faglege leiinga av senteret være ansvarleg for etablering og dagleg drift av senteret. Arbeidsoppgåver er:

  • ansvar for administrativ oppfølging av senteret sine aktivitetar, inkludert økonomistyring, rapportering til NFR og eventuelt andre finansieringskjelder
  • Bidra sterkt i aktivitetar som tilsetjingsprosessar, planarbeid, koordinering av oppstartsaktivitetar osv.
  • Planlegging og gjennomføring av møte, seminar og konferansar.
  • Administrativ støtte for forskarar ved eksisterande prosjekt og ved utvikling av nye prosjekt (kartlegging, søknadsskriving, budsjettering og rapportering).
  • Hjelpe med etablering av gode rutinar for lagring og deling av forskingsdata
  • Kommunikasjon med prosjektpartnarar.
  • Formidling og vedlikehald av senteret si nettside.
  • Generelle administrative oppgåver.
  • Førefallande arbeid

Kvalifikasjonskrav

  • Utdanning frå universitet eller høgskulenivå, minimum tilsvarande masternivå.
  • Dokumentert realkompetanse med relevans for arbeidsoppgåvene lagt til stillinga kan kompensere for utdanningskravet.
  • Erfaring frå forskingsadministrasjon.
  • Administrativ erfaring med større eksternt finansierte forskingsprosjekt (NFR / EU) vil være ein føremon.
  • Erfaring med budsjettstyring av større prosjekt vil være ein styrke.
  • Erfaring med handtering av forskingsdata og regelverk knytt til forskingsdata er ein føremon, men ingen føresetnad.
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk er ein føresetnad.

Personlege eigenskapar

Vi søker etter ein person med svært gode kommunikasjons- og samarbeidsevner. Personen må både jobbe tett saman med andre personar i senteret og må være initiativrik og kunne arbeide sjølvstendig. Gode ferdigheiter i organisasjons- og prosjektstyring og personlege eigenskapar vil bli vektlagt.

Vi tilbyr

  • løn som rådgjevar kode 1434 fastsetjast etter individuell vurdering innanfor eit spenn mellom kr 524 200 og kr 607 700, avhengig av kompetanse og ansiennitet
  • fleksibel arbeidstid og gode velferdsordningar
  • trening i arbeidstida
  • god pensjonsordning og gunstig lån i Statens Pensjonskasse

Søknaden skal innehalde

  • søknadsbrev
  • CV
  • vitnemål, attestar, liste med 2-3 referansar (namn, tilknyting til søkjar, e-postadresse og telefonnummer)

Søknad (ev. med vedlegg) må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt, Jobbnorge.

Andre opplysningar

Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju.

I høve til offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjorde sjølv om søkjaren har bede om ikkje å bli oppført på søkjarlista.

UiO har eit personalpolitisk mål om å oppnå ei balansert kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn.

I tillegg ønskjer UiO at medarbeidarane våre i størst mogleg grad speglar mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar difor kvalifiserte søkjarar med redusert funksjonsevne til å søkje stillinga. Som IA-bedrift vil vi leggje til rette for medarbeidarar med nedsett funksjonsevne.

Kontaktinformasjon

  • Kontorsjef Birgitte Bøgh-Olsen, tlf: 22845104, e-post: birgitte.bogh.olsen@psykologi.uio.no

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS