Ledig stilling på Universitetet i Oslo

Blindern og Urbygningen (Foto: Wikimedia og Colourbox)

Rådgjevar for leiinga ved ILOS

Søknadsfrist 26.11.2018

Om stillinga

Universitetet i Oslo

Universitetet i Oslo er den eldste og høgst rangerte forskings- og utdanningsinstitusjonen i Noreg, med 28000 studentar og 7000 tilsette. Fagleg breidde og internasjonalt anerkjende forskingsmiljø gjer UiO til ein viktig samfunnsaktør.


Institutt for litteratur, områdestudier og europeiske språk (ILOS) ved Det humanistiske fakultet ved Universitetet i Oslo er eit av dei største og mest mangfaldige fagmiljøa for humaniora i Norden. Våre ca. 130 tilsette driv omfattande forsking, undervising og samfunnskontakt innan litteratur, områdekunnskap og språkvitskap knytt til europeiske språk utanom dei nordiske. Mange av forskarane bidreg til at allmenta får innsikt i resultata til forskinga. ILOS har eit levande forskingsmiljø med ei brei internasjonal samarbeidsflate. ILOS har 80 tilsette i vitenskapelege stillingar; ca 30 stipendiatar og postdoktorar samt 18 i administrative stillingar. ILOS har omtrent 300 masterstudentar og 1000 bachelorstudentar.

Flere stillinger fra Universitetet i Oslo

Ei stilling som rådgjevar (SKO 1434) er ledig ved Institutt for litteratur, områdestudium og europeiske språk (ILOS). Stillinga er ledig frå 1. februar 2019. Instituttet legg stor vekt på at administrasjonen er profesjonell og på at den einskilde medarbeidar ser seg sjølv som ein del av heile instituttet. Vi legg vekt på godt samspel mellom alle tilsette, og søkjer derfor etter ein medarbeidar som kan sjå heilhet.

Personen som vert tilsett skal jobbe tett opp mot leiinga ved instituttet. Stillinga inngår i instituttet sin administrasjon som saman handterer administrative funksjoner innanfor studiar, forsking, økonomi og generell drift. Den som vert tilsett vil måtte rekne med å jobbe mot alle desse områda, i ulikt omfang. Personen rapporterer til administrativ leiar.

Arbeidsoppgåver

Den som vert tilsett vil mellom anna arbeide med:

  • Sakshandsaming og utsending av styredokumenter
  • Ulike sekretær- og støttefunksjonar for leiinga på instituttet
  • Administrativ oppfølging av midlertidige prosjekt, som til dømes oppfølging av prosjektet Literature, Cognition and Emotions
  • Sakshandsaming knytta til økonomi

Arbeid med tilsettingssaker ligg òg til stillinga, og det er ein fordel med kjennskap til staten sine regler for dette.

Vi ser òg etter ein person som er fleksibel og som kan hjelpe andre når det er naudsynt.

Det kan bli lagt andre oppgåver til stillinga i tråd med utviklinga av instituttet.

Kvalifikasjonskrav

  • utdanning minimum tilsvarande bachelornivå, men ein fordel med master. Relevant realkompetanse kan kompensere for utdanningskravet
  • god økonomiforståing
  • gode kommunikasjonsevner
  • særs god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk
  • gode IT-kunnskapar
  • brei og relevant erfaring frå forvaltninga er ein fordel
  • erfaring frå tilsvarande arbeid vil bli vektlagt

Vi vil legge stor vekt på motivasjon og på at personen høver i stillinga.

Vi ser etter søkjarar som:

  • arbeider sjølvstendig og som kan vise til gode resultat
  • er effektive men som samstundes leverer arbeid av høg kvalitet
  • er initiativrike og løysingsorienterte
  • trivst med varierte arbeidsoppgåver
  • har evne til å arbeide målretta og strukturert
  • har gode samarbeidsevner

Vi tilbyr

  • årsløn kr 497 000 – kr 576 100, avhengig av ansiennitet og kompetanse for stilling som rådgjevar
  • eit hyggeleg og stimulerande arbeidsmiljø
  • god pensjonsordning i Statens Pensjonskasse
  • stilling i ei IA-verksemd, gode velferdsordningar og høve til trening i arbeidstida

Søknaden skal innehalde

  • søknadsbrev
  • CV

Søknad med vedlegg må sendes inn via vårt elektroniske rekrutteringssystem Jobbnorge, klikk “Søk stillinga”.

Andre opplysningar

Etter offentleglova § 25 andre ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli ført opp på søkjarlista.

Vi viser òg til regelverk for teknisk-administrativt tilsette.

UiO har ein overtakingsavtale for alle tilsette med formål å sikre rettane til forskingsresultat m.m.

UiO har eit personalpolitisk mål om å oppnå ei balansert kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn.

I tillegg ønskjer UiO at medarbeidarane våre i størst mogleg grad speglar mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar difor kvalifiserte søkjarar med redusert funksjonsevne til å søkje stillinga. Som IA-bedrift vil vi leggje til rette for medarbeidarar med nedsett funksjonsevne.

Kontaktinformasjon

For spørsmål om søkeprosessen, personalrådgjevar Evian Nordstrand

Søk stillinga

Powered by Labrador CMS