Ledig stilling på Universitetet i Oslo

Blindern og Urbygningen (Foto: Wikimedia og Colourbox)

Studiekonsulent (Det humanistiske fakultet)

Søknadsfrist 30.10.2018

Om stillinga

Universitetet i Oslo

Universitetet i Oslo er den eldste og høgst rangerte forskings- og utdanningsinstitusjonen i Noreg, med 28000 studentar og 7000 tilsette. Fagleg breidde og internasjonalt anerkjende forskingsmiljø gjer UiO til ein viktig samfunnsaktør.


Institutt for litteratur, områdestudier og europeiske språk (ILOS) ved Det humanistiske fakultet ved Universitetet i Oslo er eit av dei største og mest mangfaldige fagmiljøa for humaniora i Norden. Våre ca. 130 tilsette driv omfattande forsking, undervising og samfunnskontakt innan litteratur, områdekunnskap og språkvitskap knytt til europeiske språk utanom dei nordiske. Mange av forskarane bidreg til at allmenta får innsikt i resultata til forskinga. ILOS har eit levande forskingsmiljø med ei brei internasjonal samarbeidsflate. ILOS har 80 tilsette i vitenskapelege stillingar; ca 30 stipendiatar og postdoktorar samt 18 i administrative stillingar. ILOS har omtrent 300 masterstudentar og 1000 bachelorstudentar.

Flere stillinger fra Universitetet i Oslo

Ei stilling som førstekonsulent SKO 1408 innan studieadministrasjon er ledig ved Institutt for litteratur, områdestudier og europeiske språk.

Stillinga er ledig frå 1. januar 2019. Stillinga inngår i ei gruppe på i alt 12 personar som arbeider med studieadministrasjon, inkludert studieleiar.

Instituttet legg stor vekt på at administrasjonen er profesjonell og på at den einskilde medarbeidar ser seg sjølv som ein del av heile instituttet. Vi legg vekt på godt samspel mellom alle tilsette og mellom dei tilsette og studentane.

Arbeidsoppgåver

  • Planlegging og oppfølging av undervisning og eksamen
  • Administrativ drift av emne, emnegrupper og studieretningar
  • Kvalitetssikring av studiane
  • Informasjonsarbeid og vedlikehald av nettsider
  • Mottak, oppfølging og rettleiing av studentar
  • Handtering av bilagsløn, oppretting av kontraktar
  • Føring av arbeidspliktreknskap
  • Administrativ støtte til fagmiljø og studieleiar

Det kan bli lagt andre oppgåver til stillinga i tråd med utviklinga av studiane og instituttet.

Kvalifikasjonskrav

  • utdanning minimum tilsvarande bachelornivå. Relevant realkompetanse kan kompensere for utdanningskravet
  • gode kommunikasjonsevner
  • god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk
  • gode IT-kunnskapar

Det er ein fordel med relevant erfaring frå studieadministrasjon.

Vi vil òg legge stor vekt på motivasjon og på at personen høver i stillinga.

Vi ser etter søkjarar som

  • er sjølvstendige, tek initiativ og er løysingsorienterte
  • trivst med høgt tempo og varierte arbeidsoppgåver
  • har evne til å arbeide målretta og strukturert
  • har gode samarbeidsevner

Vi tilbyr

  • årsløn kr 442 400 – 505 800, avhengig av kompetanse og erfaring
  • eit hyggeleg og stimulerande arbeidsmiljø
  • god pensjonsordning i Statens Pensjonskasse
  • stilling i ei IA-verksemd, gode velferdsordningar og høve til trening i arbeidstida

Søknaden skal innehalde

Til informasjon skal følgjande dokument sendast ved den elektroniske søknaden, helst i pdf-format:

  • søknadsbrev
  • CV

Søknad (evt. med vedlegg) må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt, Jobbnorge.

Andre opplysningar

Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju.

Etter offentleglova § 25 andre ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli ført opp på søkjarlista.

Vi viser òg til regelverk for teknisk-administrativt tilsette.

UiO har ein overtakingsavtale for alle tilsette med formål å sikre rettane til forskingsresultat m.m.

UiO har eit personalpolitisk mål om å oppnå ei balansert kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn.

I tillegg ønskjer UiO at medarbeidarane våre i størst mogleg grad speglar mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar difor kvalifiserte søkjarar med redusert funksjonsevne til å søkje stillinga. Som IA-bedrift vil vi leggje til rette for medarbeidarar med nedsett funksjonsevne.

Kontaktinformasjon

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS