Stilling:

Stipendiatstillingar knytta til forskargruppe ved Det teologiske fakultet

Søknadsfrist 01.09.2018

Universitetet i Oslo

Universitetet i Oslo er den eldste og høgst rangerte forskings- og utdanningsinstitusjonen i Noreg, med 28000 studentar og 7000 tilsette. Fagleg breidde og internasjonalt anerkjende forskingsmiljø gjer UiO til ein viktig samfunnsaktør.

Det teologiske fakultet har totalt 68 tilsette og ca. 300 studentar. Fakultetet driv forsking og utdanning innanfor teologi og religion.

Om stillingane

Det er ledig inntil to stillingar som stipendiat SKO 1017 for ein periode på tre år.

Kvar av dei to stillingane vil ut frå tema og innhald i prosjektsøknaden bli knytt til ei av dei aktuelle forskargruppene ved fakultetet:

  • Dei etiske romma. Grenser, motstand, praksis (ESPACE). For meir informasjon om forskargruppa, sjå: http://www.tf.uio.no/english/research/groups/ethical-spaces/.
  • Det nye testamentet og tidleg kristendom. For meir informasjon om forskargruppa, sjå: http://www.tf.uio.no/english/research/groups/new-testament-and-early-christian-studies/index.html.
  • Interreligiøse studiar og islamsk teologi. For meir informasjon om forskargruppa, sjå: http://www.tf.uio.no/english/research/groups/interrel/.
  • Koptiske tekstar og manuskript. For meir informasjon om forskargruppa, sjå: http://www.tf.uio.no/english/research/groups/coptic-texts-and-manuscripts/index.html.

Meir om stillinga

Opptak til fakultetets doktorgradsprogram er eit vilkår for den som blir tilsett i stillinga. Mellom anna er dei nasjonale forskarskulane ”Authoritative Texts and Their Reception” (ATTR) og ”Religion Values Society” (RVS), som spesialiserer seg på høvesvis tverrfagleg metode på tekstar og empirisk metode, viktige ressursar for ph.d.-kandidatar knytt til forskarutdanninga. Det vitskaplege arbeidet skal munne ut i ei doktoravhandling som skal forsvarast ved fakultetet for graden philosophiae doctor. Det er ein føresetnad at kandidaten kan gjennomføre prosjektet i løpet av stipendiatperioden på tre år.

Alle ph.d.-stipendiatane som leverer doktoravhandlinga til vurdering innan 3 år eller 3 ½ år etter at stipendiatperioden byrja, vil få tilbod om høvesvis 12 eller 6 månaders gjennomføringsstipend. For meir informasjon, sjå:

http://www.tf.uio.no/forskning/phd/.

Kvalifikasjonskrav

Det teologiske fakultet har som strategisk ambisjon å vere eit leiande forskingsfakultet.

Vi søkjer kandidatar med følgjande kvalifikasjonar:

  • Cand.theol.-grad eller mastergrad frå eitt av studieprogramma ved Det teologiske fakultet eller tilsvarande kompetanse. Avsluttande grad skal vere oppnådd ved søknadstidspunktet.
  • Det vil bli lagt vekt på om søkjarane er personleg eigna og motiverte for stillingane.

Ved vurderinga av søknadene vil det elles bli lagt vekt på:

  • Den vitskapelege kvaliteten ved prosjektet.
  • Søkjarane sine faglege og personlege føresetnader for å gjennomføre prosjektet innanfor tidsramma
  • Gode eigenskapar for samarbeid og evne til å ta del i faglege fellesskap på tvers av disiplinar

Søkjarar må vere flytande eller nær flytande på engelsk eller eit skandinavisk språk.

Vi tilbyd

  • Løn kr. 442 400-497 000 per år, avhengig av kompetanse
  • Profesjonell utvikling i eit attraktivt fagleg miljø
  • Gode pensjonsordningar i Statens Pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Korleis søkje

Søknaden skal innehalde:

  • Søknadsbrev (motivasjon for stillinga)
  • CV (fullstendig oversikt over utdanning, praksis og fagleg arbeid)
  • Prosjektskildring, med framdriftsplan (maks 5 sider)
  • Kopiar av vitnemål og eventuelle attestar
  • Publikasjonsliste
  • Referanseliste (2-3 referansar; namn, tittel, e-post og telefon, samt skildring av relasjon til søkjar)

Søknad med vedlegg må sendast inn via det elektroniske rekrutteringssystemet vårt, ver vennleg og klikk på “Søk stillinga”. Ved utdanning utanfor Skandinavia bed vi om ei forklaring på karaktersystemet. Vi gjer merksam på at all dokumentasjon må vere på engelsk eller eit skandinavisk språk.

Som hovudregel vil det bli nytta intervju i tilsetjingsprosessen.

Andre opplysningar

Sjå forskrift om tilsetjingsvilkår, samt retningslinjer for tilsetjing i stipendiatstillingar ved Universitetet i Oslo. I høve til Offentleglovas § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å bli oppført på søkjarlista.

UiO har ein overtakingsavtale for alle tilsette med føremål om å sikre rettane til forskingsresultat m.v.

UiO har eit personalpolitisk mål om å oppnå ei balansert kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn.

I tillegg ønskjer UiO at medarbeidarane våre i størst mogleg grad gjenspeglar mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar derfor kvalifiserte søkarar med redusert funksjonsevne til å søkje stillinga. Som IA-bedrift vil vi leggje tilhøva til rette for medarbeidarar med nedsett funksjonsevne.

Kontaktinformasjon

  • Forskingsdekan Hallgeir Elstad, 22850340 / 90035470, e-post: hallgeir.elstad@teologi.uio.no

For søknadstekniske spørsmål:Seniorrådgjevar Rigmor Smith-Gahrsen, 22850311, epost: rigmor.smith-gahrsen@teologi.uio.no

Søk stillinga

Powered by Labrador CMS