Ledig stilling ved Statistisk sentralbyrå

Rådgiver / seniorrådgiver - Avdeling for IT

Søknadsfrist: 29.09.2019

Jobbar du med test og testmetodikk, er teknisk nysgjerrig og god til å dele kompetansen din?

Statistisk sentralbyrå

Statistisk sentralbyrå - tall som forteller


Statistisk sentralbyrå (SSB) har hovedansvaret for offisiell statistikk i Norge og har en omfattende forsknings- og analysevirksomhet.
Vi har rundt 850 medarbeidere lokalisert i Oslo og Kongsvinger, i tillegg til intervjuere over hele landet.

SSB publiserer daglig statistikk og analyser på ssb.no og har et stort kontaktnett, også internasjonalt.

Vi er en kompetansebedrift med faglig utfordrende arbeidsoppgaver, som satser målrettet for å modernisere SSB og bygge en fremtidsrettet organisasjon.

IT-avdelinga i SSB søkjer etter ein person med erfaring frå test av programvare og kompetanse på moderne testverktøy og rammeverk. Målet vårt er å sikre høg kvalitet i leveransane frå utviklingsprosjekt og å leggje opp samsvarande og effektive testrutinar i forvaltinga. Med utgangspunkt i prinsipp for kontinuerlege leveransar har vi eit fokus på å i størst mogeleg grad kunne automatisere testløpet. IT-avdelinga i SSB er i gong med etablering av ei skybasert IT-plattform bygd på offentlege skytenester, og det vil her vere svært sentralt å få på plass eit godt testregime basert på syntetiske testdata.

Hos oss vil du i samarbeid med 1-2 personar få ei sentral rolle i test- og kvalitetsarbeidet. Med erfaringa di vil du både vere utførande og rådgivande av testmetodikk og oppfølging på tvers av løysingar og teknologiar. Du har gjerne teknologisk bakgrunn og har i tillegg vidareutvikla deg innan testmetodikk, -leiing og -verktøy.

IT-miljøet vårt i SSB tel meir enn 90 medarbeidarar og har brei kompetanse innanfor programutvikling, web- og datalagringsteknologiar. Prosjekta våre blir i stor grad baserte på smidig utviklingsmetodikk, fri programvare og opne standardar.

IT-avdelinga har saman med resten av verksemda, fokus på brukarbehov, det å nyttiggjere seg nye og store datakjelder, meir visualisering, auka aktualitet for statistikkane for å nemne nokre område. Ei ny skybasert IT-plattform vil leggje til rette for å ta i bruk ny teknologi som igjen vil mogeleggjere ei spennande utvikling av statistikkprodukta våre.

Stillinga kan vere i Oslo eller Kongsvinger.

Arbeidsoppgaver

  • Vere rådgivande og medverke i utvikling og standardisering av testarbeidet i prosjekt og forvalting.
  • Ta testansvaret i prosjekt og vere ein del av teamet; leggje teststrategi, -planlegging og spesifisering, gjennomføring, rapportering og rettleie teamet.
  • Deltaking i arbeidet med å standardisere og implementere krav og prinsipp for test.
  • Medverke i testarbeidet ved migrering av system på dagens plattform til skybasert plattform.
  • Deltaking i arbeidet med å etablere og implementere prinsippa for kontinuerlege leveransar.
  • Vareta GDPR og krav til bruk av testdata.

Andre oppgåver kan òg bli lagde til stillinga.

Kvalifikasjoner

  • Relevant høgare utdanning på minimum bachelornivå.
  • Erfaring med testleiing og planlegging, og gjennomføring av testaktivitetar.
  • Erfaring med bruk av testverktøy for ulike tekniske testar slik som f.eks. GUI- , tryggleik-, last-, yting-, stresstestar m.fl. både når det gjeld applikasjons- og/eller plattformutvikling.
  • God skriftleg og munnleg formuleringsevne på norsk og engelsk.
  • Erfaring med automatisering av testprosedyre er ønskjeleg.
  • Grunnleggjande dugleikar i eit eller fleire programmeringsspråk og testdriven utvikling er ønskjeleg.
  • Erfaring med å utarbeide og bruk av testdata er ønskjeleg.
  • Erfaring med kontinuerlege leveransar og devops er ønskjeleg.
  • Erfaring med smidig utviklings- og testmetodikk slik som TDD og BDD er ønskjeleg.
  • Sertifiseringar innanfor testfaget (f.eks. ISTQB) er ønskjeleg.

Personlige egenskaper

  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner.
  • Evne til å formidle og dele kunnskap og erfaringar, både mot forretnings- og IT-ressursar.
  • Resultatorientert og ansvarsfull.
  • Evne til å sjå forbetringar i prosessar og løysingar.

Vi legg vekt på at personen som blir tilsett er personleg eigna.

Vi tilbyr

  • Lønn som rådgivar/seniorrådgivar i lønnspenn frå kr. 504 700 til kr. 704 900 etter kvalifikasjonar. Høgare lønn kan vurderast for særskild kvalifiserte søkjarar.
  • Fleksibel arbeidstid og god pensjonsordning i Statens pensjonskasse.
  • Lyse og trivelege lokale i Oslo/Kongsvinger.
  • Eit godt fagmiljø som gir gode høve for eigenutvikling.
  • Ein kunnskapsrik organisasjon, utfordrande arbeidsoppgåver og eit hyggjeleg og uformelt arbeidsmiljø.

Generelle opplysingar

  • Attestar/vitnemål skal registrerast/ bli lagde ved i søknadsportalen innan søknadsfristen. Søkjarar som blir innkalla til intervju, blir bedne om å ta med originalar eller stadfesta kopiar av attestar og vitnemål. Vi utfører kontroll av dokument og vi gjennomfører bakgrunnsjekk på kvalifiserte søkjarar før tilsetjing.
  • Vi gjer merksam på at opplysingar om søkjaren kan bli offentleggjorde sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom den ønskte reservasjonen ikkje vil bli teken til følgje, vil søkjaren bli varsla om dette før offentleg søkjarliste blir utforma.
  • Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogeleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, kulturell bakgrunn, alder, nedsett funksjonsevne eller hol i CV. Søkjarar som opplyser om at dei har nedsett funksjonsevne eller hol i CV må vere innforstått med at denne opplysinga kan brukast til registreringsformål jf. arbeidet til regjeringa med inkluderingsdugnaden.
  • Som IA-verksemd legg vi forholda til rette for personar med nedsett funksjonsevne.

Webcruiter-ID: 4122027783

Søk på stillingen

Kontaktinformasjon:

  • Astri Berrefjord (Seksjonssjef, 481 12 624, astri.berrefjord@ssb.no
Powered by Labrador CMS