Ledig stilling på Universitetet i Oslo

Blindern og Urbygningen (Foto: Wikimedia og Colourbox)

Rådgjevar / seniorrådgjevar: studentrekruttering og arbeidsliv - Det samfunnsvitskaplege fakultet

Søknadsfrist: 01.09.2019

Om stillinga

Universitetet i Oslo

Universitetet i Oslo er den eldste og høgst rangerte forskings- og utdanningsinstitusjonen i Noreg, med 28000 studentar og 7000 tilsette. Fagleg breidde og internasjonalt anerkjende forskingsmiljø gjer UiO til ein viktig samfunnsaktør.


Fakultetsadministrasjonen ved Det samfunnsvitskaplege fakultet støttar einingane i den daglege drifta og har samstundes eit overordna koordineringsansvar for heile fakultetet.


Fakultetsadministrasjonen er delt i fire avdelingar; Seksjon for studie, Seksjon for personal, økonomi og arkiv, Seksjon for IT/AV-tenester og Seksjon for forsking og kommunikasjon. Fakultetet vert administrativt leia av fakultetsdirektøren, med dekanen som leiar av heile fakultetet. Fakultetsadministrasjonen har til saman rundt 70 tilsette.

Flere stillinger fra Universitetet i Oslo

Det samfunnsvitskaplege fakultet søker ein dyktig og framoverlent rådgjevar/seniorrådgjevar som hovudsaklig skal jobbe med studentrekruttering og arbeidslivsrelevans.

Fakultetets kommunikasjonsstrategi legg føringane for arbeidet med studentrekruttering. Strategien har to hovudmål: «Betre rekruttering» og «Ein meir kunnskapsbasert samfunnsdebatt». Du skal bidra til å nå måla i heile kommunikasjonsstrategien, men med særleg fokus på målet «Betre rekruttering».

Du skal også koordinere arbeidet med å synliggjere kva våre studentar kan bruke utdanninga si til i arbeidslivet og gje råd til fakultetet si leiing og fagmiljø om arbeidslivsrelevans.

Stillinga er plassert i Studieseksjonen. Seksjonen samarbeider tett med andre delar av fakultetsadministrasjonen og ansatte ved fakultetet sine institutt og senter, både vitenskapelig og administrativt tilsette.

Sentrale arbeidsoppgåver

  • Følgje opp fakultetets kommunikasjonsstrategi i samarbeid med Kommunikasjonsteamet.
  • Arbeide for at fakultetets studieprogram får motiverte og gode søkarar.
  • Koordinere fakultetets skolebesøksordning for vidaregåande skular i osloområdet.
  • Koordinere Vitenskapsbutikken i samarbeid med Det humanistiske fakultet.
  • Synleggjere arbeidslivsrelevans og karrieremoglegheiter ved fakultetet.
  • Sørgje for kompetanseheving for administrativt og vitenskapeleg tilsette innanfor arbeidsliv og studentrekruttering.
  • Planlegge og følgje opp UiOs kandidat- og arbeidsgivarundersøkingar.
  • Utarbeide analyser, statistikk og presentasjonar, mellom anna knytt til kandidat- og søkerundersøkingar.

Andre oppgåver kan leggast til stillinga ved behov.

Ønska kvalifikasjonar

  • Relevant utdanning frå universitet eller høgskule, minimum tilsvarande masternivå. Dokumentert realkompetanse kan erstatte utdanningskravet. Det er ein fordel med samfunnsvitskapleg utdanning.
  • Relevant arbeidserfaring, erfaring frå utdanningssektoren vil vere ein fordel.
  • Gode formuleringsevne i skriftleg og munnleg norsk og engelsk.
  • Særleg god digital kompetanse.
  • Kunnskap om og evne til å arbeide med statistikk.
  • Erfaring med utforming av nettsider og kommunikasjonsarbeid.
  • Solid kunnskap om sosiale media.

Personlege eigenskapar

Vi ser etter deg som:

  • er utåtvend og initiativrik og som liker å sjå resultat av ditt arbeid.
  • er dyktig til å formidle komplekse bodskap på ein enkel måte.
  • liker både rutine- og utviklingsoppgåver/innovative oppgåver.
  • liker å jobbe i team og å samarbeide i ein kompleks kunnskapsorganisasjon.
  • er fleksibel og positiv.
  • evnar å jobbe sjølvstendig, ta ansvar og initiativ.
  • er opptatt av å tilpasse teneste til brukarnes behov.

Vi vil legge avgjerande vekt på at du er personleg eigna for stillinga.

Vi tilbyr

  • stilling som rådgjevar (stillingskode 1434) eller seniorrådgjvar (stillingskode 1364).
  • Løn og stillingskategori vert fastsett etter individuell vurdering av erfaring og kompetanse mellom lønstrinn 62-72 (552.800 - 667.200 kroner) som seniorrådgjevar og lønstrinn 59-69 (523.200 - 627.700 kroner) som rådgjevar.
  • eit hyggeleg og utviklande arbeidsmiljø
  • god pensjonsordning i Statens Pensjonskasse
  • stilling i en IA-bedrift
  • gode velferdsordningar

Elektronisk søknad skal innehalde

  • søknadsbrev
  • CV
  • vitnemål frå høgare utdanning

Attestar kan leggjast ved etter eige ønske, men er ikkje obligatorisk.

Søknad må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt, Jobbnorge.

Andre opplysningar

Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju og vil i forkant av intervjuet få ein caseoppgåve.

For å bli ansatt som seniorrådgiver krevst omfattande erfaring med å analysere utfordringer, gjennomføre målretta tiltak og evaluere desse. Det krevst i tillegg evne til å tenkje strategisk, byggje kompetanse og gje råd innanfor heile ansvarsområdet i stillinga.

I høve til offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjorde sjølv om søkjaren har bede om ikkje å bli oppført på søkjarlista.

UiO har eit personalpolitisk mål om å oppnå ei balansert kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn.

I tillegg ønskjer UiO at medarbeidarane våre i størst mogleg grad speglar mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar difor kvalifiserte søkjarar med redusert funksjonsevne til å søkje stillinga. Som IA-bedrift vil vi leggje til rette for medarbeidarar med nedsett funksjonsevne.

Kontaktinformasjon

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS