Ledig stilling på Universitetet i Oslo

Blindern og Urbygningen (Foto: Wikimedia og Colourbox)

Personalrådgjevar eller -seniorrådgjevar - Psykologisk insittutt

Søknadsfrist: 31.10.2019

Er du vår neste kollega?

Universitetet i Oslo

Universitetet i Oslo er den eldste og høgst rangerte forskings- og utdanningsinstitusjonen i Noreg, med 28000 studentar og 7000 tilsette. Fagleg breidde og internasjonalt anerkjende forskingsmiljø gjer UiO til ein viktig samfunnsaktør.


Fakultetsadministrasjonen ved Det samfunnsvitskaplege fakultet støttar einingane i den daglege drifta og har samstundes eit overordna koordineringsansvar for heile fakultetet. Fakultetsadministrasjonen er delt i fire avdelingar; Seksjon for studie, Seksjon for personal, økonomi og arkiv, Seksjon for IT/AV-tenester og Seksjon for forsking og kommunikasjon. Fakultetet vert administrativt leia av fakultetsdirektøren, med dekanen som leiar av heile fakultetet. Fakultetsadministrasjonen har til saman rundt 70 tilsette.

Flere stillinger fra Universitetet i Oslo

Om stillinga

Vi søkjer etter ein dyktig personalrådgjevar som er utviklings- og løysningsorientert, har gode samarbeidsevner og forståing for servicerolla.

Vi har ledig ei fast stilling som personalrådgjevar (rådgjevar SKO 1434/seniorrådgjevar SKO 1364). Fakultetet har tilsaman 7 personalrådgjevarar, der 3 av disse er plassert ved Psykologisk insittutt. Denne stillinga vil inngå i eit team på 4 personalrådgjevarar plassert i fakultetsadministrasjonen, med seksjonssjef for personal, økonomi og arkiv som næraste overordna. Seksjonen forvaltar den personalfaglege administrasjonen ved størstedelen av fakultetet, bidreg i rekrutteringsprosessar og gir leiarstøtte på personalområdet.

Det samfunnsvitskaplege fakultet er noregs største samfunnvitskaplege miljø og nummer to i Norden. Fakultetet har i underkant av 600 årsverk, der omlag 75 % sit i vitskaplege stillingar. Aktiviteten er i aukande grad knytt til eksternt finansierte prosjekt med mange mellombels tilsette og ein stadig aukande andel utanlandske tilsette som skal følgjast opp mellom anna i høve til eit omfattande internt og eksternt regelverk som stadig er i endring.

Stillinga er spanande og byr på interessante faglege utfordringar. Personalrådgjevaren skal bidra med personalarbeid av høg kvalitet som sikrar best mogelege kår for forsking og undervising ved fakultetet. Det er gode mogelegheiter for å vera med på å utvikle stillinga.

Arbeidsoppgåver

Personalrådgjevaren skal arbeide med eit breidt spekter av personaladministrative oppgåver, mellom anna sakshandsaming innan personalområdet, HR-fagleg oppfølgjing av tilsette og leiarar, i tillegg utviklingsoppgåver innan personalfeltet. Arbeidsoppgåvene stiller høge krav til nøyaktigheit og evne til å jobbe raskt og systematisk.

Dei viktigaste arbeidsoppgåvene er:

  • Sakshandsaming innan personal/HR etter statleg lov- og avtaleverk, til dømes tilsettingsprosessar (både teknisk- administrative og vitskaplege stillingar), permisjonar, opprykkssaker og fråtredingar.
  • Rettleiing og juridisk rådgjeving innan personalområdet overfor institutt og sentre ved fakultetet, herunder bistand i vanskelege personalsaker
  • Rutineoppgåver må påreknast

Universitetet i Oslo nyttar for tida ePhorte som sakshandsamingsvektøy, SAP som løn- og personalsystem og Jobbnorge som rekrutteringssystem.

Kvalifikasjonskrav

For tilsetting i stillinga krevst:

  • Erfaring som sakshandsamar innan personalforvaltning, fortrinnsvis frå Universitets- og høgskulesektoren
  • Erfaring frå rekrutteringsprosessar til vitskaplege stillingar er ei føremon
  • God kjennskap til lov og avtaleverk innan personalområdet
  • Utdanning minimum tilsvarande bachelor, relevant realkompetanse kan erstatte utdanningskravet
  • Erfaring med bruk av relevante system innan sakshandsaming, personal og rekruttering er ei føremon
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk krevst
  • Nyutdanna juristar vil kunne kome i betraktning

Ved ansettelse som seniorådgiver krevst i tillegg:

  • Master grad
  • Minimum 5 års relevant erfaring
  • Formell juridisk kompetanse innan arbeidsrett og forvaltningsrett

Personlege eigenskapar

  • Evne til å handtere fleire krevjande parallelle arbeidsoppgåver, samstundes som du er nøyaktig og systematisk
  • Ansvarsbevisst, sjølvstendig og initiativrik
  • God til å planleggje, følgje opp saker og gjennomføre tiltak
  • Bidreg til eit godt arbeidsmiljø og samarbeidsklima ved fakultetet

Vi tilbyr

  • Løn som rådgjevar (SKO 1434) kr 532 300 - 615 900 og som seniorrådgjevar (SKO 1364) kr 552 800 - 667 200 vert fastsett etter individuell vurdering basert på kompetanse og erfaring
  • Fleksibel arbeidstid, trening i arbeidstida og gode velferdsordningar
  • god pensjonsordning og gunstig lån i Statens Pensjonskasse

Søknaden skal innehalde

  • Søknadsbrev
  • CV
  • Kopi av relevante attestar og vitnemål (kun høgare utdanning)
  • Liste med 2-3 referansar (namn, tilknyting til søkjar, e-postadresse og telefonnummer)

Søknad med vedlegg må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt, Jobbnorge.

Andre opplysningar

Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju.

I høve til offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjorde sjølv om søkjaren har bede om ikkje å bli oppført på søkjarlista.

UiO har eit personalpolitisk mål om å oppnå ei balansert kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn.

I tillegg ønskjer UiO at medarbeidarane våre i størst mogleg grad speglar mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar difor kvalifiserte søkjarar med redusert funksjonsevne til å søkje stillinga. Som IA-bedrift vil vi leggje til rette for medarbeidarar med nedsett funksjonsevne.

Kontaktinformasjon

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS