Ledig stilling på Universitetet i Oslo

Blindern og Urbygningen (Foto: Wikimedia og Colourbox)

Postdoktorstilling knytt til VR - treningsprosjekt

Søknadsfrist 24.02.2019

Om stillinga

Universitetet i Oslo

Universitetet i Oslo er den eldste og høgst rangerte forskings- og utdanningsinstitusjonen i Noreg, med 28000 studentar og 7000 tilsette. Fagleg breidde og internasjonalt anerkjende forskingsmiljø gjer UiO til ein viktig samfunnsaktør.


Psykologisk institutt er det eldste psykologiske instituttet i Noreg. Forskinga ved instituttet er internasjonalt retta med fleire internasjonale samarbeidsprosjekt, og speglar psykologien sitt mangfald og kontaktflate med andre vitskaplege disiplinar, i medisin, humaniora og samfunnsfag. Studietilbodet i psykologi omfattar profesjonsstudiet i psykologi, samt eit bachelor- og mastergradsprogram. I tillegg har instituttet ei forskarutdanning (Ph.D.-grad) med 140 registrerte kandidatar. Instituttet har ein stab på 75 fast vitskapleg tilsette, ca. 70 stipendiatar og postdoktorar, og ein teknisk/administrativ stab på 22 personar.

Flere stillinger fra Universitetet i Oslo

Det lysast ut ei stilling som postdoktor ved Research Center for Lifespan Changes in Brain and Cognition LCBC (www.oslobrains.no), ved Psykologisk institutt, Universitetet i Oslo. Stillinga er knytt til eit nytt lengdesnittsprosjekt, Set-to-change, eller på norsk «Innstilt på endring». Prosjektet vil undersøkje betydninga av individuelle forskjellar i arv og miljø for moglegheita til å framkalle endringar i hjerne og kognisjon ved trening, hos deltakarar i ulike aldersgruppar. Deltakarar vil gjennomgå trening av hukommelse og navigasjon, til dels i ei virtuell røynd (virtual reality; VR). Postdoktoren vil ha eit særleg ansvar for å leggje til rette for og utvikle den delen av undersøkingane og treningsopplegget som foregår i VR og som drivast ved PC-basert trening, sammen med prosjektleiar og ein annan postdoktor. Tilsettinga er for tre år, med moglegheit for inntil eit års tillegg av undervisningsplikt, avhengig av søkars kompetanse i forhold til undervisningsbehov.

Forskningssenteret

LCBC er eit aktivt, tverrfagleg forskingssenter med rundt 25 fulltidsstillingar, inkludert 5 professorar/førsteamanuensar, 3 postdoktorar, 6 PhD stipendiatar, 5 ingeniørar - og forskerar og fleire fulltids og deltids forskingsassistentar, i tillegg til støttepersonell og assosierte internasjonale forskarar.

Vårt overordna forskingsmål er å bidra til betre forståelse av endringar i hjernen og kognitive funksjonar frå fødsel, gjennom utvikling og til høg alder, i friske personar og i ulike pasientgrupper.

Prosjektet

LCBC driver flere store lengdesnitts forskingsprosjekt der til saman rundt 1000 deltakarar følgjast med repeterte undersøkingar. Desse undersøkingane inkluderar alle kognitiv og nevropsykologisk testing, hjerneavbilding og ei rekke andre psykologiske og biologiske mål. Føremonnet med alle prosjekta er betre å forstå hvilke endringar i hjernen og våre kognitive funksjoner som skjer gjennom utvikling og gjennom vaksenlivet, og å finne ut hvilke faktorar som ser ut til å være av størst betydning. Prosjekta er finansiert fra Det europeiske forskningsrådet (ERC), Norges forskningsråd, Nasjonalforeningen for folkehelse, Psykologisk Institutt og Universitetet i Oslo. Prosjektet «Innstilt på endring» er finansiert av ERCs consolidator-program og leda av professor Kristine B Walhovd.

Spesifikt er prosjektet motivert av forsking som har vist at vi kan forbetre vår kognitive funksjon, det vil si mental kapasitet som til dømes minne, ved målretta trening. Formålet med prosjektet er å få innsikt i individuelle faktorar som påverkar effekta av kognitiv trening. Vi vil rekruttere eneggede og toeggede tvillingar til å delta, og alle vil gjennomgå ei nevropsykologisk undersøking, inkludert testar av effektar av repetisjon/læring, og ei MR-undersøking av hjernen. Vi ønsker å ha med så mange som mulig av deltakarane på eit kognitivt treningsopplegg, som vil foregå over tre månadar. Ein gong i veka vil desse få gruppetrening ledet av ein prosjektmedarbeidar ved Psykologisk institutt. I denne gruppetreninga vil vi fokusere på ulike strategiar for betre å hugse ting og navigere. Denne vil følgjes av trening med navigering i VR, der deltakarane vil få fleire oppgåver: dei skal finne fram til stader, og hugse ting, og bruke teknikkane dei har lært og diskutert i gruppetreninga.

Arbeidsoppgåver

  • Utforme og leggje til rette kognitivt treningsopplegg i VR og PC-baserte hjemmeoppgåver i samarbeid med prosjektleiar og postdoktor allereie tilsett på prosjektet.
  • Rettleie deltakarar i gruppetrening og kognitiv trening i samarbeid med prosjektleiar og annan postdoktor.
  • Delta i gjenomføring av kognitiv testing og andre undersøkingar, og veilede vitskapeleg assistentar i gjennomføring av dette.
  • Behandling og analyse av data frå fleire ulike kjelder, inkludert adferdsdata, MRI-data og registerdata, samt å bidra i å utforme vitskapelege artiklar basert på data.
  • arbeide tett med forskarar, postdoktorar og stipendiatar rundt gjennomføring og analyse av data.

Kvalifikasjonskrav

Søkarar må ha:

  • doktorgrad eller grad tilsvarande ein norsk doktorgrad (PhD) innanfor område som er relevante for prosjektet, (aktuelle fagområde). For søkjarar som ikkje har disputert er det ein føresetnad at doktorgradsarbeidet er levert til vurdering før søknadsfristen går ut. Det er ein føresetnad for tiltreding i postdoktorstillinga at disputasen er godkjent
  • erfaring med forsking om individuelle forskjellar i hjerne og kognisjon, inkludert aldersforskjellar
  • interesse for VR og kognitiv trening
  • erfaring med spillutviklingsverktøy, fortrinnsvis Unreal Engine, da treningsopplegget baserast på dette
  • erfaring med 3D-modelleringsverktøy som Blender, Maya og 3DMax, og/eller programmeringsspråk som C/C++
  • ekspertise innan hjerneavbildningsteknikkar. Erfaring med multi-modal imaging, FreeSurfer og FSL vil kunne være ein føremon.
  • erfaring med å behandle og samanlikne ulike typar data
  • entusiasme, fleksibilitet, god arbeidskapasitet, evne til samarbeid og kommunikasjon
  • arbeidsoppgåvene inneber kommunikasjon med og testing av deltakarar på ulike aldre, også eldre personer, og det er eit krav at søkar har meget god norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne. Fleire av forskarane som kandidaten vil arbeide tett med snakkar engelsk, så god behersking av munnleg engelsk er også ein føresetnad.

Tilsetjing i stilling som postdoktor har som føremål å kvalifisere forskarar for arbeid i vitskaplege toppstillingar.

Ingen kan ansettes for mer enn ein periode som postdoktor ved samme institusjon.

Det er ein føresetnad at kandidatar som tilsetjast for ein fireårsperiode skaffar seg pedagogisk basiskompetanse i løpet av tilsetjingsperioden innanfor pliktdelen på 25 %.

Personlege eigenskapar

Det er viktig med stor motivasjon og ønske om å bidra til forsking innen nevropsykologi/ nevrovitskap. Du må trivast med å jobbe tett med mange kolleger, men samtidig være sjølvstendig. Nøyaktegheit og pålitelegheit er nødvendige eigenskapar, og du bør like å arbeide med ansvar for å koordinere store undersøkingar, og forholde deg til deltagerne i prosjektene. Det er ei føresetnad å ha erfaring frå arbeid med menneskje, fortrinnsvis og testerfaring.

Vi tilbyd

  • løn frå kr 497 000 - 576 100 kr avhengig av kompetanse, i stilling som postdoktor (stillingskode 1352)
  • eit hyggeleg og utfordrande arbeidsmiljø
  • God pensjonsordning i Statens Pensjonskasse
  • stilling i en IA-virksomhet
  • gode velferdsordninger

Søknaden skal innehalde

  • søknadsbrev, der motivasjonen for å søkje stillinga beskrivast
  • CV (fullstendig oversikt over utdanning, praksis og fagleg arbeid),evt referanser til portfolio innen 3D-modellering/programmering)
  • kopiar av vitnemål med karakterutskrift og attestar, og faglege arbeid som det skal takast omsyn til ved vurderinga
  • minst to referansar

Søknad med vedlegg må sendast inn via det elektroniske rekrutteringssystemet vårt. Ved utdanning utanfor Skandinavia bed vi om ei forklaring på karaktersystemet. Vi gjer merksam på at all dokumentasjon må vere på engelsk eller eit skandinavisk språk.

I vurderingen av søkerne vil de bli lagt vekt på faglig bakgrunn, motivasjon for å søke stillingen og personlige eigenskapar.

Det skal som hovudregel nyttast intervju i tilsetjingsprosessen.

Andre opplysningar

Sjå forskrift om tilsetjingsvilkår, samt retningslinjer for tilsetjing i postdoktorstillingar ved Universitetet i Oslo.

I høve til Offentleglovas § 25 2. ledd kan opplysningar om søkaren bli offentleggjort sjølv om søkaren har bede om ikkje å bli oppført på søkarlista.

UiO har ein overtakingsavtale for alle tilsette med føremål å sikre rettane til forskingsresultat m.m.

UiO har eit personalpolitisk mål om å oppnå ei balansert kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn.

I tillegg ønskjer UiO at medarbeidarane våre i størst mogleg grad gjenspeglar mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar derfor kvalifiserte søkarar med redusert funksjonsevne til å søkje stillinga. Som IA-bedrift vil vi leggje tilhøva til rette for medarbeidarar med nedsett funksjonsevne.

Kontaktinformasjon

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS