Ledig stilling på Universitetet i Oslo

Blindern og Urbygningen (Foto: Wikimedia og Colourbox)

Postdoktor ved Leknes Affective Brain lab

Søknadsfrist 05.03.2019

Om stillinga

Universitetet i Oslo

Universitetet i Oslo er den eldste og høgst rangerte forskings- og utdanningsinstitusjonen i Noreg, med 28000 studentar og 7000 tilsette. Fagleg breidde og internasjonalt anerkjende forskingsmiljø gjer UiO til ein viktig samfunnsaktør.


Psykologisk institutt er det eldste psykologiske instituttet i Noreg. Forskinga ved instituttet er internasjonalt retta med fleire internasjonale samarbeidsprosjekt, og speglar psykologien sitt mangfald og kontaktflate med andre vitskaplege disiplinar, i medisin, humaniora og samfunnsfag. Studietilbodet i psykologi omfattar profesjonsstudiet i psykologi, samt eit bachelor- og mastergradsprogram. I tillegg har instituttet ei forskarutdanning (Ph.D.-grad) med 140 registrerte kandidatar. Instituttet har ein stab på 75 fast vitskapleg tilsette, ca. 70 stipendiatar og postdoktorar, og ein teknisk/administrativ stab på 22 personar.

Flere stillinger fra Universitetet i Oslo

Det lysast ut ei stilling som postdoktor ved Leknes Affective Brain lab (www.sirileknes.com), ved Psykologisk institutt, Universitetet i Oslo. Stillinga er knytt til eit nytt prosjekt som vil undersøkje hjernemekanismar for løning og avgjerder. Deltakarar vil gjennomgå eksperimentalpsykologiske og medikamentelle intervensjonar samt hjerneavbilding med fMRI. Postdoktoren vil ha eit særleg ansvar for å leggje til rette for og utvikle det endelige eksperimentalpsykologiske testoppsettet, saman med prosjektleiar og ein stipendiat. Tilsettinga er for tre år, med moglegheit for inntil eitt års tillegg av undervisningsplikt, avhengig av søkars kompetanse i forhold til undervisningsbehov.

Forskningsgruppa

LAB lab er ei aktiv, tverrfagleg forskingsgruppe ledet av professor Siri Leknes. Vårt overordna forskingsmål er å forstå korleis hjernen og kroppen gjer opphav til subjektiv oppleving som smerte og nyting.

Prosjektet

Prosjektet er finansiert frå Det europeiske forskningsrådet (ERC) Starting Grant til Siri Leknes, Psykologisk Institutt og Universitetet i Oslo. Prosjektet undersøkjer samanhengane mellom negative følelsar, løning og lette, samt vil kartleggje opioidsystemets rolle i desse prosessane ved hjelp av medikament som aktiverer eller blokkerer opioidreseptorar i den friske menneskehjernen. Eit høgt tal deltakarar (~800) skal gjennomgå medisinsk og psykologisk screening før rekruttering, etterfølgt av 1-2 testrundar av om lag 3 timars tid.

Arbeidsoppgåver

  • Utforme og leggje til rette eksperimentalpsykologisk og psykofarmakologisk testoppsett i samarbeid med prosjektleiar og stipendiat allereie tilsett på prosjektet, samt rettleie medarbeidarar i rutinar rundt datainnsamling og bruk av MR-skannar.
  • Implementere dei eksperimentelle paradigma for åtferdstesting og fMRI.
  • Utforme eit system og ein pipeline for dataorganisering og analyse av fMRI data på universitetets berekningsklynge (tungrekneanlegg), Abel.
  • Delta i gjennomføring av screening, testing og andre undersøkingar, og rettleie vitskapelege assistentar i gjennomføring av dette.
  • Behandling og analyse av data frå fleire ulike kjelder, inkludert åtferdsdata og fMRI-data, presentere prosjektet og resultat på internasjonale konferansar samt skrive vitskapelege artiklar basert på data.
  • Arbeide tett med forskarar og medisinsk personell rundt gjennomføring og analyse av data.

Kvalifikasjonskrav

Søkjarar må ha:

  • Doktorgrad eller grad tilsvarande ein norsk doktorgrad (PhD) innanfor psykologi eller kognitiv/affektiv nevrovitskap. For søkjarar som ikkje har disputert er det ein føresetnad at doktorgradsarbeidet er levert til vurdering før søknadsfristen går ut. Det er ein føresetnad for tiltreding i postdoktorstillinga at disputasen er godkjent.
  • Erfaring med psykofarmakologisk forskning på opioidsystemet hos friske og kliniske grupper.
  • Ekspertise innan fMRI og eksperimentalpsykologiske metodar. Erfaring med FSL, FMRIPrep og BIDS er ein føremon
  • Erfaring med programmering av åtferdsoppgåver i E-prime, Presentation eller Matlab. Erfaring med grunnleggjande programmering i bash eller python er ein føremon.
  • Interesse for rus- og løningsforsking.
  • Erfaring med mixed models eller tilsvarande statistisk analyse av åtferdsdata, fortrinnsvis i R. Grunnleggjande forståing av Bayesiansk statistikk er ein klar føremon.
  • Erfaring med søknadsskriving og å tiltrekke forskningsmiddel er ein føremon.
  • Entusiasme, fleksibilitet, god arbeidskapasitet, evne til samarbeid og kommunikasjon.
  • Arbeidsoppgåvene inneber psykologisk og medisinsk screening, og det er ein fordel at søkjar har meget god norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne. Fleire av forskarane som kandidaten vil arbeide tett med snakkar engelsk, så god meistring av munnleg engelsk er også ein føresetnad.

Tilsetjing i stilling som postdoktor har som føremål å kvalifisere forskarar for arbeid i vitskaplege toppstillingar.

Ingen kan tilsetjas for meir enn ein periode som postdoktor ved same institusjon.

Det er ein føresetnad at kandidatar som tilsetjast for ein fireårsperiode skaffar seg pedagogisk basiskompetanse i løpet av tilsetjingsperioden innanfor pliktdelen på 25 %.

Personlege eigenskapar

Det er viktig med stor motivasjon og ønske om å bidra til forsking innan nevropsykologi/ nevrovitskap. Du må trivast med å jobbe tett med mange kollegaer, men samtidig vere sjølvstendig. Nøyaktigheit og pålitelegheit er nødvendige eigenskapar, og du bør like å arbeide med ansvar for å koordinere store undersøkingar, og rettleie studentar på prosjektet. Det er ei føresetnad å ha erfaring frå arbeid med menneskje, fortrinnsvis og testerfaring.

Vi tilbyd

  • løn frå kr 497 000 - 576 100 kr avhengig av kompetanse, i stilling som postdoktor (stillingskode 1352)
  • eit hyggeleg og utfordrande arbeidsmiljø
  • god pensjonsordning i Statens Pensjonskasse
  • stilling i en IA-verksemd
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde

  • søknadsbrev. Dette skal vere på maks to sider og skal innehalde en éin sides tekst på engelsk om: Current knowledge on the role of the human opioid system for reward, med referansar
  • CV (fullstendig oversikt over utdanning, praksis og fagleg arbeid)
  • kopiar av vitnemål med karakterutskrift
  • minst to referansar

Søknad med vedlegg må sendast inn via det elektroniske rekrutteringssystemet vårt. Ved utdanning utanfor Skandinavia bed vi om ei forklaring på karaktersystemet. Vi gjer merksam på at all dokumentasjon må vere på engelsk eller eit skandinavisk språk.

I vurderinga av søkjarane vil de bli lagt vekt på faglig bakgrunn, motivasjon for å søke stillinga og personlege eigenskapar.

Det skal som hovudregel nyttast intervju i tilsetjingsprosessen.

Andre opplysningar

Sjå forskrift om tilsetjingsvilkår, samt retningslinjer for tilsetjing i postdoktorstillingar ved Universitetet i Oslo.

I høve til Offentleglovas § 25 2. ledd kan opplysningar om søkaren bli offentleggjort sjølv om søkaren har bede om ikkje å bli oppført på søkarlista.

UiO har ein overtakingsavtale for alle tilsette med føremål å sikre rettane til forskingsresultat m.m.

UiO har eit personalpolitisk mål om å oppnå ei balansert kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn.

I tillegg ønskjer UiO at medarbeidarane våre i størst mogleg grad gjenspeglar mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar derfor kvalifiserte søkarar med redusert funksjonsevne til å søkje stillinga. Som IA-bedrift vil vi leggje tilhøva til rette for medarbeidarar med nedsett funksjonsevne.

Kontaktinformasjon

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS