Stilling:

Seksjonssjef økonomi (Det humanistiske fakultet)

Søknadsfrist 10.09.2018

Universitetet i Oslo

Universitetet i Oslo er den eldste og høgst rangerte forskings- og utdanningsinstitusjonen i Noreg, med 28000 studentar og 7000 tilsette. Fagleg breidde og internasjonalt anerkjende forskingsmiljø gjer UiO til ein viktig samfunnsaktør.

Det humanistiske fakultetet (HF) ved Universitetet i Oslo er det største humanioramiljøet i Noreg og eit av dei beste humanistiske fakulteta i Norden.

Fakultetet har om lag 6000 studentar og tilbyr 14 bachelorprogram, 22 masterprogram, 18 årseiningar og meir enn 70 fag innanfor områda språk, kultur, historie, medium, litteratur og idéfag. På Det humanistiske fakultetet jobbar i overkant av 700 tilsette på sju institutt, to senter og ein fakultetsadministrasjon. HF er vertsfakultet for den nye tverrfakultære satsinga UiO:Norden, og har òg to senter for framifrå forsking (SFF).

Om stillinga

Det humanistiske fakultet søker etter ein fagleg solid og strategisk sterk leiar for økonomiseksjonen (seksjonssjef, SKO 1211).

Prioriterte strategiske ambisjonar for Det humanistiske fakultet er utdanningskvalitet samt gjennomføring av og auking i eksternt finansiert verksemd. Fakultetet har nyleg gjennomført ein tredje runde med faglege prioriteringar for utdannings- og forskingsverksemda og har sett av 100 millionar kroner over ein femårsperiode (2019-23) til denne. I tillegg har fakultetet eit stort fokus på å sikre god verksemdstyring både på institutt- og fakultetsnivå slik at vi utnyttar det økonomiske handlingsrommet vårt best mogleg.

Vi søker ein fagleg sterk økonom som er erfaren og trygg i leiarrolla.

Du vil ha ein nøkkelposisjon i verksemdstyringa ved fakultetet og som rådgivar for fakultetsleiinga. Du skal koordinere økonomifunksjonen ved fakultetsadministrasjonen og saman med seksjonen støtte verksemdstyringa ved institutta.

Stillinga vil både ha strategiske og operative oppgåver, og du må trivast i begge rollene. Stillinga rapporterer til fakultetsdirektøren.

Fakultetsadministrasjonen har seks seksjonar med til saman ca. 80 medarbeidarar. Fakultetet yter fellestenester til institutta innanfor verksemdområda IT, personal/HR, kommunikasjon og økonomi. Studie- og forskingsadministrasjon er delt mellom fakultets- og instituttnivå. Økonomiseksjonen har 13 medarbeidarar fordelt på tre faggrupper:(1) økonomistyring, verksemdstyring og budsjett (2) eksternt finansiert verksemd(3) transaksjons- og bilagshandtering.

I tillegg har dei fleste institutta lokal rekneskapsoppfølging.

Meir om fakultetet på www.hf.uio.no

Viktige arbeidsoppgåver i stillinga

  • Leie og utvikle eigen seksjon, m.a. personalansvar for dei tilsette i seksjonen
  • Økonomifagleg og strategisk rådgiving for fakultetsleiinga
  • Ta del i overordna økonomi- og verksemdstyring i tett samarbeid med institutta, universitetet sentralt og dei andre seksjonane i fakultetsadministrasjonen
  • Ta del i relevante fagforum, internt og eksternt

Det kan bli lagt også andre oppgåver til stillinga.

Kvalifikasjonskrav

  • Relevant utdanning frå universitet eller høgskole, minimum på bachelornivå. Realkompetanse med relevans for dei konkrete oppgåvene kan kompensere for utdanningskravet.
  • Leiarerfaring, inkludert relevant leiarerfaring med økonomistyring og personalleiing. Erfaring frå tilsvarande arbeid i sektoren vil vere ein fordel.
  • Gode kommunikasjonsevner
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk
  • Erfaring med og kjennskap til IT- og analyseverktøy

Personlege eigenskapar

  • Du trivst med ei stor og brei kontaktflate.
  • Du evnar å bygge og ta vare på gode relasjonar og nettverk og er ein typisk lagspelar.
  • Du er sjølvstendig, initiativrik og løysingsorientert.
  • Du trivst med høgt tempo og varierte arbeidsoppgåver.
  • Du har evne til å arbeide målretta og strukturert.

Vi vil legge spesiell vekt på personlege eigenskapar som gjer søkarane skikka til stillinga.

Vi tilbyr

  • lønn frå kr 658 300 til kr 802 600 per år, avhengig av erfaring og kompetanse for stilling som seksjonssjef
  • eit hyggeleg og stimulerande arbeidsmiljø
  • god pensjonsordning i Statens Pensjonskasse
  • stilling i ei IA-verksemd, gode velferdsordningar og høve til trening i arbeidstida

Søknaden skal innehalde

  • søknadsbrev
  • CV

Søknad må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt Jobbnorge, klikk "Søk stillinga".

Aktuelle søkarar vil bli kalla til intervju.

Andre opplysningar

Etter offentleglova § 25 andre ledd kan opplysningar om søkaren bli offentleggjort sjølv om søkaren har bedt om ikkje å bli ført opp på søkarlista.

Vi viser òg til regelverk for teknisk-administrativt tilsette.

UiO har ein overtakingsavtale for alle tilsette med formål å sikre rettane til forskingsresultat m.m.

UiO har eit personalpolitisk mål om å oppnå ei balansert kjønnssamansetting og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn.

Kontaktpersonar

For spørsmål om stillinga:Fakultetsdirektør Monica Bakken, tlf.: 970 82 983

For spørsmål om korleis søke: personalkonsulent Julie Tøllefsen

Søk stillinga

Powered by Labrador CMS