Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Stipendiatstilling i musikkterapi

Søknadsfrist: 01.08.2020

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Fakultet for kunst, musikk og design består av tre institutt. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiatstilling i musikkterapi ved Griegakademiet – Institutt for musikk

Ved Griegakademiet – Institutt for musikk er det ledig ei stipendiatstilling innan fagområdet musikkterapi. Stillinga er for ein åremålsperiode på fire år med planlagd start 1. november 2020

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Stipendiatstillinga er tematisk knytta til UiB sitt sentrale satsingsområde «Globale samfunnsutfordringar» og det UiB-finansierte prosjektet “Music, Health and Policy – Child-focused and music therapy-based health research to meet European challenges for migrant minors – a qualitative field study.” Målet med prosjektet er å utforske mindreårige migrantar si oppleving av eigen situasjon og om bruken av musikk i eigne meistringsstrategiar. Dette med tanke på å bidra i utviklinga av eit barne-fokusert perspektiv på arbeid med flyktninger, i tråd med ideal frå Barnekonvensjonen. Meir informasjon om prosjekt, og prosjektskissa som prosjektet spring ut i frå finn du her; https://gamut.w.uib.no/2020/03/12/2498/. Potensielle søkjarar skal utvikle ei eiga prosjektomtale ut i frå denne.

Hovudrettleiar for prosjektet vil vere førsteamanuensis Viggo Krüger.

Fagområdet musikkterapi ved Griegakademiet - Institutt for musikk, er definert som det tverrfaglege studiet av musikk og helse, og er forankra i ein humanistisk og samfunnsorientert musikkterapitradisjon. Griegakademiet har eit 5-årig integrert masterprogram i musikkterapi. Studieprogrammet tilbyr både ei praktisk og vitskapeleg tilnærming, og utforskar relasjonar mellom musikk og helse i kliniske kontekstar og i kvardagsliv. Forskingsmiljøet er organisert i tvillingsenteret GAMUT i samarbeid med helseavdelinga i NORCE Norwegian Research Centre.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Søkjarar må ha oppnådd norsk mastergrad/hovudfag eller tilsvarande utanlandsk grad innan musikkterapi. Søkjarar med grad innan andre relevante fagområde er også velkomne, dersom vedkommande har relevant kompetanse innan arbeid med flyktningar, musikk, psykisk helse og/eller barnevern. Søkjaren si masteroppgåve må ha eit omfang på minimum 30 studiepoeng, og karakteren på masteroppgåva må som hovudregel vere B eller betre.

Den som vert tilsett bør ha god kompetanse både når det gjeld kvalitativ forsking og det å etablere og oppretthalde forskningsaktivitet med barn og unge.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

For stillinga gjeldt følgande:

Stipendiaten vert tilsett ved Fakultet for kunst, musikk og design, med plikt og rett til å ta del i undervising, eksamensarbeid og/eller forskingsadministrasjon i 25 % av stillinga i tilsetjingsperioden, dette etter dei studieordningane som gjeld til ein kvar tid.

Den som vert tilsett, må søke om opptak på ph.d.-programmet ved Det humanistiske fakultet. Ved Griegakademiet – Institutt for musikk vil kandidaten bli knytt til forskarskolen Grieg Research School in Interdisciplinary Music Studies, som samlar kandidatar frå eit breitt fleirfagleg musikkfelt. Stipendiaten vil og bli fagleg knytt til GAMUT – Griegakademiets senter for musikkterapiforsking, og vil i tillegg få tilbod om kontakt med Centre for Research on Discretion and Paternalism (Det samfunnsvitskaplege fakultet) og Centre for International Health (CIH) (Det medisinske fakultet).

Tilsetjing i stipendiatstilling krev at ein har sin daglege arbeidsplass ved Universitetet i Bergen, Griegakademiet – Institutt for musikk, og rettar seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.

Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø.
  • Løn etter lønssteg 54 (kode 1017 /LR20, alternativ 10) i det statlege lønnsregulativet. Dette utgjer ei årsløn på kr 479 600,- brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse.
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Prosjektomtale, inntil 5 sider (20 000 teikn), og namn på føreslegen rettleiar
  • Framdriftsplan for prosjektet
  • Vitnemål frå universitet/høgskule (skanna versjon) som viser at du har relevant utdanning
  • CV
  • Liste over eventuelle vitskaplege produksjonar.

Ein komité vil vurdere søknadene. Hovudkriteria ved vurderinga er søkjaren sitt forskingspotensial, slik det går fram av prosjektskissa, hovudfags-/ mastergradsoppgåva, og andre vitskaplege arbeid (dersom tilgjengeleg).

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Prosjektleiar Viggo Krüger tlf. +47 99 53 46 28, e-post: viggo.kruger@uib.no
  • Instituttleiar Randi Rolvsjord tlf. +47 97514878, e-post: randi.rolvsjord@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS