LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Studentmedarbeidar - Informasjonssenteret

Søknadsfrist: 28.03.2021

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Studentmedarbeidar (konsulent) i 30 % stilling

Det psykologiske fakultet, Studieseksjonen, ønskjer deg velkomen som søkjar til tre faste delstillingar i 30 % med hovudoppgåver knytt til fakultetet sine tenester i Informasjonssenteret. Dei som blir tilsett vil inngå i eit team av engasjerte og motiverte medarbeidar. Deira viktigsta oppgåve er å yte brukarstøtte og service til studentar, tilsette, gjester og publikum.

Arbeidsoppgåver:

  • Yte tenester til studentar, tilsette og gjester som tar kontakt i informasjonssenteret eller per telefon/UiBHjelp
  • Informere potensielle og eksisterande studentar om våre studieprogram
  • Yte brukarstøtte for Studentweb og Mitt UiB
  • Vidareutvikla rutineskildringar for informasjonssenteret

Det er viktig at den som blir tilsett kan jobbe ekstra i travle periodar, som inkluderer august (semesterstart), januar, og opp mot søknadsfristen til Samordna opptak 15. april. Det vil også vere moglegheit for å arbeide 100 % om sommaren.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne både på norsk og engelsk
  • Erfaring frå serviceyrket
  • Du må minst ha påbegynt ein bachelorgrad
  • God kjennskap til Universitetet i Bergen og Det psykologiske fakultet
  • God IKT-kompetanse og kjennskap til UiBs system

Vi ser etter deg som

  • er imøtekommande, fleksibel og serviceinnstilt
  • har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • arbeider systematisk og er løysingsorientert
  • kjem frå ulike studieprogram på ulike nivå

Personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga blir vektlagt

Vi tilbyr:

  • Stilling som konsulent (kode 1065) i lønssteg 35 -44 avhengig av tenesteansiennitet og kvalifikasjonar Årsløn i 100 % stilling utgjer for tida 364 400 – 410 400
  • Allsidige stillingar med særleg vekt på servicetenester
  • Eit godt fagleg og sosialt miljø med gode moglegheiter for kompetanseutvikling
  • Gode velferds- og treningstilbod
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar i Statens pensjonskasse.

Generell informasjon om søknad og kontakt:

Du kan få utfyllande opplysningar om stillinga ved å ta kontakt med:

  • Nestleiar Hege Sygna, hege.sygna@uib.no tlf: 55 58 62 82 eller
  • Seksjonssjef Frode Randal, frode.randal@uib.no tlf: 55 58 91 90 / 906 04 959

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Søknad, CV, attestar og vitnemål sendast elektroniselektronisk via lenke på denne sida.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS